Mi Dros.

So Du tenkjer, d’er Sludder og Tøv,
det er Tull utan Vit, utan Ende,
at eit Minne i Hugen kann brenne
og gjera meg hugsjuk og sløv;
Du trur, eg er ufrisk og veik,
av di, at eg aldri kann gløyma
den Gjenta, som Hugen vil gøyma,
med daarande, elskhugsfull Leik.
 
Ja, kall Du det Sludder og Tull,
eg elskar, eg kann ikkje anna,
um so eg skal verta forbannad, _
det er daa mitt dyraste Gull!
Naar Klokskapen innyver sviv,
der Kjærleik skal verma og lysa,
ja, daa vil eg Daarskapen hysa
og liva eit Menneskjeliv.
 
Eg kjenner ei Huldre, som eig
alle Kjenslur i Barm, alle Tankar;
for henne mitt Hjarta det bankar,
um ned eg i Dalen so seig,
og so er eg bunde so væl,
naar eg veit, at ho gjerne vil fylgja
meg sjølv yver Berg, yver Bylgja, _
og so helsar eg henne i Kveld:
 
Mi væne, mi einaste Dros,
mi Sjønne, som lyser paa Vegen,
min Livssong, som gjere meg fegen,
ver altid mitt daarande Ljos!
Eg leggjer meg stilt inn til deg
og kysser di snjokvite Panne, _
eg elskar, eg kann ikkje anna, _
og so maa Du visa meg Veg!
 
Vigleik.
 

Frå Fedraheimen 24.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum