Tidender.

Kristiania, den 23de Februar.
 
Umvalet i Vestfold (Jarlsberg og Larvik) skal vera i Morgo. Vinstremennerne kjem til aa vera i Fleirtal denne Gongen, men det segjest, at dei ikkje vil vera so ovbodne, som Høgre, at dei vil taka alle Tingmansstolarne. Det er likt til, at dei vil taka med tvo Høgremenner. Verdens Gang vil, at dei skal taka att Ketil Motzfeldt, men det er væl lite verdt aa taka han inn att no, Politikken vaar hev vakset ifraa han; han vilde berre vera til Seinking og Meinking for alt aalvorlegt Arbeid, og for Moroi berre er det ikkje verdt aa lata til ein Tingmansplass. Motzfeldt hev berre Evne til ein Ting, og det er aa øydeleggja alle Saker, som kjem fram, anten det er fraa Høgre elder Vinstre. Det hadde voret like so godt, um han aldri hadde vortet Tingmann.
 
 
Det er fælt, kor stivt det gjeng til her hjaa oss, naar det skal vera noko høgtidelegt, allvist daa naar Kongsmagti skal vera med. Det er so underlegt med det, men det vil jamt fylgja ein Kaldtokke, som no ved denne Stortingsopningi; jamvæl um Johan Sverdrup er Landsstyrar, vil ikkje Formerne retteleg mjukna. Soleis denne Opningstalen, det var ikkje noko til Tale etter vanleg Maate, som kunne setja Kveik i Tinget, men berre Upplesing av ein Papirlapp. Me tykjer det er underlegt, at Reglementet skal vera slikt, at Kongen ikkje ein Gong skal reisa seg, naar han held Opningstalen. Det er den gamle Tanken um Kongemagti, som endaa heng igjen, Folket og dess korne Menner skal bøygja seg for Kongen, men ikkje han for dei, det er liksom han ikkje skulde vera anna enn Herren og Husbonden aat dei, som daa Kongsmagti vaar einast skuldar sitt Tilvære. Slik Høgtiding er væl ikkje noko større aa røda um, daa Rikslivet vaart no er anna enn Former, men det var daa aa ynskja likevæl, at det ikkje var fullt so stivt. Elles tek det til aa jamna paa seg noko; ein god Ting er det soleis, at Tingmennerne slepp aa laga til eit serskilt Sendemannskap no kvar Gong ein Statsraad kjem med Regjeringsframlegg. Fyrste Gongen dette hende iaar, las berre Statsraad Kildal upp sitt ifraa den vanlege Statsraadsplassen sin utan Mundering og Sabel og nokon Ting. Sameleis vil det ganga lite um Senn med alle dei andre Former, som fylger Kongsmagti, til dess ho sjølv sig undan stilt som ein Skugge.
 
 
Fleire sedlause Skrifter. Etter at Hans Jægers Bok ”Fraa Kristiania-Bohêmen” er teki, hev det komet ut ei Bok til, ”Kristiania-Bohêmen paa Æventyr”, som ogso hev vortet teki. Endeleg er ogso eit Nummer av Bladet Socialdemokraten teket. Her er mykje Tale endaa i Byen um desse Ting, Bøkerne vert lesne og Ungdomen rasar imot Politiet og Justitsdepartementet, fordi dei ikkje fær fritt Løyve til aa lesa dei. Det var eit ”Afskymøte” att i den frilynde Studentforeiningi igaar, og der gjekk kvast til. Studentarne hev ikkje nokor stor Ære av slike Møte endeleg, men ein fær trøysta seg med Ordtøkjet: For ung er eit godt Lyte, det veks av med Alderen.
 
Styret for Foreiningi er elles so strenge paa det no, at dei gjev ikkje Bladi Løyve til aa melda noko um korleis det gjeng til der. Kva som skal koma ut, vil dei avgjera sjølve.
 
Av tilkomne og vituge Folk um dei er aldri so mykje Vinstre, høyrer ein for det meste den Meining, at det er gagnlegt, at slike Bøker ikkje kjem noko vidt ut. Men dei tykkjer likevæl, at det er ikkje Rett at det skal verta Sak og sett Straff for Forfattarar, som skriv sovore Kallegheit, daa dei trur, at det nyttar so ikkje likevæl.
 
 
Valnemndi held paa og peikar ut Komitemenner. For Skuld Jurysaki vil dei hava ei serskild Justisnemnd umframt den vanlege. Stang og 23 med han likad ikkje denne Ordningi. Til denne Justisnemndi No. 1 er utpeikat: Quam, Blehr, Stang, Bugge, Mustad, Aarflot, Liestøl og Ueland.
 
I Justisnemndi No. 2: Daae, Fosse, Sørensen, Knudsen, Moursund, Bech, Fløystad, Saa-Kvitne.
 
Vegnemndi: Krogh, Holmesland, Kolbenstvedt, Kind, Reitan, Hæg, Holmgren, Smitt og Lien. Krogh er valt til Formann.
 
Budsjetnemndi: Berner, Wist, Schweigaard, Hektoen, Skaar, Lilleholt, Bendixen, Rinde, Schøyen. Formann vert Berner.
 
Gasje- og Pensjonsnemndi: Schrøder, Egge, Huser, Jaabæk, Liljedahl, L. Bentsen, Saxe, Juel, Konow (S. Bergenhus). Formann vert Konow.
 
Jarnvegsnemndi: Eskeland, Havig, Engelhart, Lindstøl, C. Berner, Løvland, Blekastad, Prest Holm. Formann vert Havig.
 
 
Ikkje noke kyrkjelegt Landsmøte. Ved kgl. Resol. av 8de Febr. 1886 er det avgjort:
 
”At der ingen Forføining bliver at træffe i Anledning af den Ansøgning, der af det i afvigte Høst i Kristiania forsamlede frivillige, kirkelige Landsmøde ved den dertil valgte Komite er indgivet om,
 
1. at det vedlagte ”Forslag til Lov om Statskirkens Repræsentation” med tilhørende Motiver naadigst maa befales forelagt Stortinget som kong. Proposition, og
2. at det maa behage Deres Majestæt ikke endelig at afgjøre nogen Sag af Vigtighed for vor Kirke, førend denne efterst være bleven organiseret har faaet Anledning til at afgive Erklæring i Sagen”.
 
 
Arbeidet av Politimenner i Danmark . Det danske Bladet Politiken skriv: Ned med Strondi laag eit Skip og lossad Korn. Paa Dekket stod tvo Karar og drog Spilet. Nede i Skipsromet stod ein Vestjyde og lagde Snara kring Sekkjerne, hektad Kroken fast og sagde til naar dei maatte heisa upp.
 
So kom der ein Flokk Politimenner strjukande med Karabiner under Armen og Nosi stingande likesælt beint fram, rigtig væne, dannad Gutar, som slike Gutar jamnast er.
 
Med eit stanad dei, spissad Øyro og trykte Børsurne inn aat seg. Kva var det? Leet det ikkje liksom eit ”Ned med Estrup!” Dei vart standande og lya. Jau der kom det ein Gong til mykje greidare enn fyrr, og det kom der burtatil fraa Skipet. Dei var ikkje lengje um aa snu Naserne mot den Kanten, dei maatte hava Greide paa kven hadde sagt dette stygge Ordet. Styrmannen visse ingen Ting, dei andre hadde helder ikkje høyrt noko. Rett som det var høyrdest eit Rop til, høgare enn alle dei andre. Politimennerne gjemde burtimot Lasteromet, der som det kom fraa. Daa sette alle Skipsfolki i aa læ slik, at dei maatte halda seg paa Magen. Det som var Skuld i heile Røra var dei Ordi Jyden ropad upp, naar han totte dei drygde forlenge med aa fira Tauget ned att: ” Nør mæ æ Strup!” (ned med ein 
Strapp). So traskad Politimennerne av att.
 

Frå Fedraheimen 24.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum