Til Fedraheimens Redaktør!

I Fedrah. No. 9 1886 er avtrykt eit brev fraa A. Kielland til den ”frisindede Studenterforening”.
 
Um dette Brevet segjer, De, Hr. Redaktør, at Kielland ved det ”viser seg aa vera meir Mann, enn nokon skulde tru”.
 
Er det verkeleg so, at De meiner, ingen skulde kunna tru slikt til Kielland, fyrr dette Brevet fraa honom vart kjent?
 
Daa eg inkje kann tenkja meg, at De vil vera grov mot Kielland, lyt eg beint fram spyrja: Kva meiner De med dette?
 
Dykkar takksame
 
E. Melvær.
 
Gloppa 8/ 2 1886.
 
Det kann henda, at andre kunne tru Kielland til det kanskje, me hadde ikkje tenkt, at han hadde voret so vitug. Det er so langt ifraa, at me hev tenkt aa vera grov imot han, at me heldt det me sagde for aa vera Lovord til Kielland framum dei andre Diktaranne, som for det likevæl kann vera gode og gaasta Karar. Bladstyret.
 

Frå Fedraheimen 24.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum