Um Maalkurset i Kristianssand.

(Etter Paamaning uppteket fraa Krs. St.av.).
 
Av Fædrel. ser eg, at ein Innsendar gjev ”Et tilbageblik paa landsmaalskurset i Kristianssund”. Dette ”tilbageblik” er so skeivt og so fullt av Forvrengning og Usannheit, at eg, som ogso var Deltakar i Maalkurset, ser meg nøydd til aa upplysa litevetta um det. Eg skal daa berre faa Lov til aa nemna litt um Innsendarens Umtale av Hr. Oddmund Viks Fyredrag og um Samtalemøti ved Maalkurset.
 
Den ærade Insnendar i Fædrl. segjer, at Vik ”for at give sine elever et sandt billede af den store digter Henrik Wergeland vilde gjennemgaa det verk, hvori Dikteren havde nedlagt de teorier, hvorpaa han levede, og hvorpaa han døde, og hvortil hele hans liv var en tro kommentar, nemlig hans bekjendte bog: ”Skabelsen, Mennesket og Messias”. Vik begyndte med at beklage, hvorlidet denne bog blev lest af den store almenhed; den burde findes i enhver hytte. Det er bare godt i den, sagde han”.
 
Innsendaren tykkjer so, at det er naudturveleg for honom aa greida ut noko um 
Wergelands Bok; men han auser or Boki liksom fyrst ein et Graut med ein Pinnesyl. Berre bitte lite Grann av det verste, han kann plukka ut, kjem han med. So kann han tilslut fortelja, at Vik ikkje gløymde aa segja, ”at det er det samme grundsyn (som Wergeland hadde) som gjør sig gjældende hos Bjørnson, Ibsen, Kielland og Janson og alle vore store foregangsmænd, det eneste, som kan frigjøre vort folk fra fordomme, som i aarhundreder har lenkebundet det. Saa gaar han over til i en række af foredrag at opstille i Wergelands person idealet for os som menneske, som borger” og so det, som det ser ut til, er verst for Innsendaren, tenk _ ”som politiker som venstremand”.
 
Oddmund Vik skildrad Wergelands Person, hans Liv, hans Livsarbeid og hans Tru. Han gjenomgjekk ogso hans Bok: ”Skabelsen, Mennesket og Messias”, og gjorde det utførlegare enn Innsendaren i Fædrel. hev gjort det. Hans Fyredrag gjekk daa ut paa aa skildra Wergeland av slik, som han hadde uppfattat honom. Wergelands Bok greidde han ut klaart og greidt for oss; men aldri høyrde eg Oddm. Vik brota ut i Klage yver, at ho vart for lite leset i, endaa det kunne vist hava voret nokso rett, um han det hadde gjort. Tvertimot sa’ han, at ho var svert tung og mangestader ikkje god aa skyna, difor vart ho so lite lesi. Ikkje helder sagde Oddm. Vik, at det var berre godt i Boki, ikkje helder sagde han, at det wergelandske Grunnsyn var det einaste, som kann frigjera vaart Folk fraa alle Fordomar, som i Aarhundrad hev lekkjebundet det. Dette hev Innsendaren teket reint or Lufti. Viks Fyredrag vart likat mykje godt, og av Deltakaranne skulde ein ikkje høyra ein einaste, som likad dei kleint. Paa liknande Maate fortalde han ogso um Ole Bull, og det var stor Saknad ved Maalkurset, daa Oddm. Vik reiste.
 
Innsendaren gjev so ei lang Leksa um 
Samtalemøti. Det gjer nok ikkje godt for ”Fædrel. og dets Haandtlangere” aa skyna, at ein stor Del av Læraranne er Vinstremenn. 
Fyrr hev no Bladet godtad seg med, at Størstedelen av Læraranne var Høgremenn og fekk seg tilsendt Fædrel. Aa ja, svikne Voner fraa den Kant. ”Difor so fær me sjaa til aa skræma Folk fraa slike Lærarar, som er Vinstremenn”, meiner Innsend., og det ser ut til at Fædrel. meiner og so. Det tek Parti med Innsend. _Ja, skraal og skræm berre Fædrel. og Fdrl.s Inns.; med Usannheit gjer ein just ikkje so mykje. _ ”Løvland gav Samtalemøderne sit særpræg”, segjer den ærade Innsendar. Dei Gonger Hr. Løvland var med paa Samtalemøti, var han der just som ein annan av oss. Dei av Deltakaranne, som vilde, uttalad sine Meiningar um dei forskjellige Emne, likesovel som hr. Løvland sine. Der var ’kje Tale um fraa hans Side aa gjeva Møti noko ”Særpræg”, han var for klok til aa møta fram til Samtalemøti som vaar Lærar og som ein Styrar av Maalkurset.
 
Den ”kappelyst i at fremkomme med dristige udtalelser om vore foreldede samfunds-former” kjenner eg ikkje til. _ Det kann nok vera mykje mogelegt, at Deltakaranne fraa Sætesdal jagad ein Innsendar til Fædrelandet Rædsle i Blodet. Mot det hev eg ikkje aa innvenda. Me fraa Sætesdal likar ikkje det, som vert framboret av Fædrel. og det fell oss difor ikkje so rart, um me skræmer ein, som hev Fædrel.s ”Grundsyn”. Av dette, som i Fædrel. er skrivet um Maalkurset, maa vistnok enn meire vaar Usmak paa Fædrel.s Produkter tiltaka. Me maa tenkja liksom Mannen: ”Ljuga dei so i det, me kjenner til, so ljuga dei sagta likaso mykje i det, me ikkje kjenner til”.
 
Rigtig Klem fær fyrst Innsend.s ”Referat”, naar han tek til um dei Samtalar, me hadde um, korleis ein Skulelærar skulde virka for Folkeupplysningi ogso utanfor Skuletidi. Paa Samtalemøti var det Tale um, at det kunne hjelpa mykje til aa fremja Folkeupplysningi det, at Læraranne i Bygderne fekk upprettad Leseforeiningar. Av Bøker, som det kunne vera godt aa hava med i sovorne Lesarlag, vart, saman med andre ogso nemnde dei beste Diktarverker, sovel eldre, som ein Del nyare av Bjørnson, Ibsen, Kielland og Garborg. Nyt Tidsskrift vart, so vidt eg minnest, ikkje nemnt. Det var vist faae Lærarar, som hadde noko Kjennskap til det. Bøkerne av dei nyare ”moderne” Diktarar vart so langt fraa ikkje nemnde med for, som Innsendaren segjer, ”at samle folk under den store frihedens fane; som føres af en Bjørnson, en Kielland osv.” Nei det vaar visst ikkje ein av Deltakaranne ved Maalkurset, som vilde gaa med under deira Religionsfane, so vonar eg, at dei ikkje helder vilde føra Folk dertil. Likevæl trudde fleire av oss, at det kunne ha sin Nytte aa lesa dei. Men me fær vel helder ikkje hava denne Trui utan aa staa i Faare for, at Fædrelandetog Inns. til det skal forkjætra oss. Men det fær vera deira Sak.
 
Det er svert slik ein Masse med raa Uttrykk, som skal vera fallne um Prestarne under Samtalarne ved Maalkurset. ”Tryntyrkar”, som hev ”svinebundet” og ein Mengde Haansord um dei. Ikkje, so vidt eg kann minnast, vart desse Ord brukad. Det maa vera nokre av Innsendarens eigne Fyrestellingar um dei som var paa Maalskulen, som han her kjem fram med dei rette Ord for, og daa lyt han klaare dei sjølv. Det var i eit Møte, det var Tale um, at Skulelæraranne vist ofte vilde koma til aa finna Motstand mot Fridoms- og Framstigsarbeidet hjaa Soknepresten. Dei, som nemnde det, hadde det vist av eigi Røynsle. 
Det er nok ikkje mange Skulelærarar, som set seg eit Maal aa arbeida for utanum det vanlege Skulearbeid, utan han finn Motburd der, det vil segja, dersom han er frilynd. Prestarne hev fordetmeste allstøtt sett seg paa Bakføterne mot Fridoms- og Framstigsarbeidet. 
Det syner Historien og den daglege Røynsle. _Unnskyld ærade Innsendar, det jagar Dykk kanskje Skrekk i Blodet!
 
Det skulde ogso ved Maalkurset vera sagt: ”Bibelen er ikke den høieste norm for hele vort liv og vor lære; der er kun enkelte moralbegreber i den”. Det vilde vera ei syrgjeleg Lærarstand, me hadde, um Lærarar skulde hava uttalat noko slikt. Det vilde ogso vera ein ”lumpen” Lærar , som tenkte noko slikt, og so likevæl vilde staa som Lærar. Hadde han ikkje meir Kjærleik til Bibelen, so vonar eg daa, at han skulde eiga so mykje Rettsind og Sjølvvyrdsla, at han sa’ Barneskulen Farvæl. Eg skal seinare nemna, korleis Innsendaren hev tilskipat slik ei Setning.
 
Um Semianrdaningi trur eg, at Innsendaren hadde voret betre ved det ved ikkje aa nemna den Sak. Det er væl kjent for kvar ein, at um den Ting kunne det ikkje voret talad for mykje. Dei, som i dei tvo, tri siste Aari, hev gjenget ut til Dømes fraa ”Anstalten” her i Stiftet, dei vil kunne skyna, at ikkje allstødt helder Innsendarens Ord stikk: ”Som herren er, saa følge ham hans svende”. Helst hadde eg tenkt, at ”Kilden” hadde stoppad der.
 
So nemner Innsendarer noko, han skylder Sanningi; _ kanhenda han skyldte Usanningi alt det andre? ein vert freistad til aa tru det. _ Men eg er rædd for, at Sanningi vert lite nøydd med den Avbitaling, ho fær her. Han segjer: ”Blant deltagerne var der dog enkelte, som paa det kraftigste protesterede mod hine udtalelser; men disse blev udskregne som nogle indskrænkede hoveder, ”nokre faavitinger”. Av ein einaste ung Lærar fekk ein høyra, at Folk berre skulde lesa i Bibelen. Ikkje i andre bøker. Ein skulde altso tenkja lik Muselmennerne um sin Allkorane. Det er den kraftige Protest, som Innsendaren so høgtideleg umtalar. Daa so dette var motsagt av andre, so fær Innsendare det til, at det var sagt: ”Bibelen er ikke den høieste norm for hele vort liv” osv. Slikt kann ein segja er aa ”producere”.
 
Det gjer vondt for Inns. aa faa Kjensla av, ”at det hele kursus var anlagt paa, at dressere almueskolelærerne til gode venstremænd, til fremskridtsmænd”. De tarv slett ikkje ottast, ærade Innsendar. Det var vist ikkje ein, som vart Vinstremann ved Maalkurset; men Høgremenn fanst det snaudt.
 
Det er vist eit mykje aalment Ynskje, at slike Kursus maa vera haldne paa med. Det er so forfriskande for
Lærarar aa koma saman fleire til sovorne Skulekursus, at det er utruleg. Det er, som ein kjem heimatt med dubble Hug og Kraft til aa taka i atter med Skulearbeidet; men lat oss for alting ikkje skamfara Læraremni ved aa faa triaarige Kurser ved Seminarierne. Slikt gjeng ikkje an enno.
 
Luth. Kirket. fær Sanningarne i Fædrel. til eit ”Tidernes Tegn”. Det er vistnok godt aa agta paa ”Tidernes Tegn”; men aa taka dei Uppspinn, som ein Innsendar kann diska upp med til Fædrel. og gjera til eit ”Tidernes Tegn”, det tykkjest vera aa gjera Tegn av ein altfor ”ubekvem Materie”. Slikt burde ein vara seg for aa gjera.
 
Sætesdalen i Febr. 1886.
 
Aasulv.
 

Frå Fedraheimen 24.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum