Um Undervisningi I Aalmennsoga ve Folkehøgskulen paa Vonheim.

(Av Ingvar Bøhn ¹).
 
Til Aalmennsoga hev her ve Skulen vore brukt paa Lag 5 Timar for Vika.
 
Eg hev gjort meg Flit, so godt eg kunne, for at dei ymse Tier og dei store Menner kunne koma klaart og livande fram for Læregutarne; men paa same Ti hev eg au tekje Sigte paa noko meir. De er vist de, at ei grei og livleg Utmaaling av de, som hev hendt, so ein liksom fær sjaa de for Augom, er de som de gjeld mest um i Sogeundervisningi, sosnart som de er Born ein hev aa gjera me. Men likeso vist maa vel alle gaa med paa, at detta eine og aaleine inkje er fullnok naar de er vaksen Skuleungdom, ein hev fyre seg. Her maa de utan Tvil likesovel gjelda um aa festa Augo paa den sterke, aalvorlege Lærdom, som dei ymse Hende i Soga legger oss paa Sinne. De gjeld um aa gjeva Agt paa dei Frukter og Verkningar, snart vonde og snart goe, som dei historiske Hende hev drege etter seg, og greia upp um dei ymse Lagna-ar, som Menneskjorne ve sitt Liv og si Fer hev ført yver seg sjølve. Difor hev eg støtt, jamsies me Forteljingi, søkt aa hjelpa Ungdomen fram til ei Samling og Yversigt yver Soga og de som den fortel. Eg hev freista, de eg kunne, aa peika paa Traaen og Gangen, som dreg seg gjenom Livslaupe aat Folkeferom, paa den moralske Grunnen, som alle deiras Lagna-ar, baade deiras Framgang og deiras Fall, gjeng fram utor, _ anten so denne Grunnen ligg meir i Dagen, held han løyner seg av ne-i Livsens Dypter og inkje fær sitt synlege Utslag; fyrr enn kanskje Hundratal Aar er farne.
 
I Soga um Oldtii tala og daa fyrst i nokre Fyredrag um dei allereldste Tier og Folk, under dette hadde eg iser for Augo aa føra de gamle Gudsfolke inn i den rette historiske Samanhengen sin. Derifraa gjekk eg yver til 
Grækarne, og eg heldt lengje paa me deim. For dei var de Folke, som fekk Lukke til, bland alle Heiningfolk, aa naa lengst fram i aandeleg Utvikling; og inkje helder hev noko av dei andre Heiningfolki sett so djupe og varige Merkje etter seg ut igjenom dei fylgjande Tier. Eg vilde syna, korleis heile denne Utvikling vart bori fram av den sterke Lengt etter Fridom og framgang, som naturleg sprang ut av den Tanken dei alle Dagar bar paa, um aa vera ”i Ætt me Gudarne”. For denne Trui gjekk i Grunnen igjenom deim som den drivande Krafti i alt deiras liv; de var den, som sermerkte deim ifraa alle dei Folk, som hadde vore framme fyre deim, og alt Apostelen Paulsu nemner denne Tru som deiras høgaste Tanke, den gang daa han sto fyrste Gongen og heldt si Tale paa Torge i den gamle Visdomsbyen Aten. So kom Persarkrigen og sette Fridomshugen og Fedralandselsken hjaa Grækarom paa si strenge, aalvorlege Styrkeprøve. Og etter den saag me, korleis Grækardaningi i ei kort Ti kveikte seg upp til si fagraste Bløming; men me saag au, korleis ho snart etter vart gripi av den Overmagt, som ho sian aldri meir kunne koma seg upp av. De var Enden, som den hei’ne (hedenske) Livstankegangen maatte føra me seg til Slut, dette, _ de var den siste Frukt, som han bar; og de var faafengt sinn, alt dei stræva for aa føra Live ut av de Uføre, som de soleis var kome inn i. Endaa de kjempelege Tiltake, som Sokrates, ”den visaste Heining”, sette i Gang, for aa finna fram til Ljos yver dei evige Sanningar og til Fre me Gud, kunne ikkje meir enn for ei liti Stund kalla til Live igjen paa nytt dei edle Krefter, inkje paa nokon Maate var han go til aa berga Folkelive varigt ut or den store Undergangen. Tvert imot viste de seg, at de Ljose han kveikte, snart slokna ut att, og korleis Grækarfolke daa, _ just fordi de sto yver dei andre Heiningfolki og soleis vart Læremeistaren fyre deim, _ kom til aa draga de eine etter de andre av dessa ne i den same Avgrunn, som dei sjølve var fallne uti.
 
Soleis saag me ”Tidens Fylde” stiga fram for alle dei hei’ne Folkeferi. I si byrge, blømande Danings-ti hadde dei drøymt dei glupaste Draumar um Vænleiken og Herlegdomen av de Live, som den ”gudliknande” Menneskjeætt maatte vera emna til. Sian hadde dei set desse Draumar bresta; og daa saag dei mangeslags Styggedom og Laster og Lauslivna veksa fram og leggja sitt Myrker utyver Jori. Dei høyrde me baae desse tvau, baade Bløm
ing og Fall, til aa gjera deiras Hjarta velskikka for den guddomlege Frelsa.
 
Etter dette gjekk eg yver til ei Rekkje Fyredrag yver Bibelsoga. Der fekk me sjaa, korleis Kristus traadde fram, og korleis han grunnlagde Kyrkja si og sende ut Flokk etter Flokk av Vitne til aa samla inn i sine Hus den Grøe, som var soleis fyre-reidd.
 
Men fraa denne Ti saag me snart Kristendomen traa fram paa ein slik Maate, at han vert synleg for alle som den rette Merg og Kjerne i heile Aalmennsoga. Eg synte, korleis de bar til, at han vann den store Sigren sin yver dette kjempestore Romarrikje. Viunder og Teikn hjelpte til; men de var slett inkje mest, _ og enno mindre aaleine _, gjenom slike Middel han gjorde sin makalause Framgang. De var fyrst og fremst gjenom sitt aandelege Yvertak, gjenom heile den Sum av Kraft og Visdom og Dugleik, som han var og til aa avla fram i Ringen av sine Vener. 
Trui paa dei evige Ting ho var livande i dei Tier; og just denne Tru gav dei kristne slik ei forunderleg Magt til aa gripa lækjande og lindrande inn i alle dei timelege Ting, til ”aa reisa de som velt var og retta de som rengt var”, og til aa løysa dei Uppgaavor, som den hei’ne Aandsmagti hadde maatt lata liggja uløyste. Og me dei same Middel, som hadde ført den kristne Tru fram til denne sin megtuge Plass i den store Soga, me dei same Middel (i de store og heile) bygde ho au viare; og gjenom mange Aarhundra heldt ho ve me aa auka og utvia sin velsignelsesrike Innverkna. Og den Vyrna, ho vann, voks sjølvsagt jamt me. Titt og ofte peika eg paa, korleis de var i Kyrkja de hadde Roti si, og fraa dei kyrkjelege Menner de gjekk ut, de allermeste som kom fram av Framstig og av Rettabøter, dei som gjekk fram noko djupt. _ og de paa dei verslege Umkverve au; soleis mangeslags Mildning av Skikk og Vis, og Bøting av Lovar og 
Folkeupplysning og Kunst og Vitenskap o. s. fr. Ja endaa dei reint ytre historiske Hende au, _ og just ve dei største, _ so laut me gjeva Agt paa, kor nøgje dei gjenom heile 
Millomalderen var samanfløkte me dei kyrkjelege Livsrørslor; soleis Krossfererne, me alt som dei drog etter seg, og dei store Strier millom dei megtuge Herrar i Kyrkja og i Staten o. s. fr.
 
Men paa same Ti saag me au, korleis denne velsignelsesrike, frie Aandsmagt, som Kyrkja gjenom fleire Aarhundra hadde utvist, og som ho hadde styrt Veri me, vart litt um Senn meir og meir flekka av Tvang; og til sist serleg i dei siste 2 _3 Hundra-aar, av Millomalderen snudde ho seg daa um til dette forfælande aandelege Valdsvelde som hev vorte so vi-spurt, og Pavekyrkja kappast me det verslege Herrevelde i aa leggja Oke paa dei kristne Folkeslag i ei aandeleg dau og nesokki Ti. Og endeleg saag me den kyrkjelege Uppattnyingi (Reformationen) traa fram og vekkja tillive paa nytt ein aalvorleg Kristendom og eit reinare Liv og derigjenom verta Moer til ei ny Fridomsti paa Jori. De var vel fyrst og fremst paa de kyrkjelege Umkverve, dette kom til syne; men sian, ut derifraa, hev de naatt utyver til alle dei borgarlege og verslege Umkverve au.
 
Dette er daa lite Grant til Utgreiing um den Maaten, som her hev vore brukt ve Undervisningi i Aalmennsoga.
 
Folk vil hava lagt Merkje til, at Aalmennsoga er bundi nøgje i hop me Bibelsoge og Kyrkjesoge ve den Framgangsmaaten, som me her hev freista aa skildra av; ja ein kunne ratt segja, de var Bibelsoge og Kyrkjesoge, de gjekk ut paa, ein heil Del av dei Fyredragom, som vart haldne. Dette hev lagt seg soleis til Rettes av seg sjølv. Eg trur nok de, at de læt seg gjera aa skilja versleg og gudeleg Soge ut ifraa einannan, solenge de berre gjeld serskilde, smaae Stykkje av Soga, og helst ei mindre vigtug Sie-grein av henne. Men naar ein skal fortelja Aalmennsoga reint stutt, so ein berre kann taka me seg dei største og merkelegaste Drag, og naar ein skal setja desse fram i heile sin Samanheng og Grunn, so trur eg inkje, at de læt seg gjera. Daa trur eg, at de snart vil visa seg umogelegt aa stana, fyrr ein hev fylgt Utviklingi attende til dei Krefter, som gjeng ut fraa de kyrkjelege Liv. For just i dei store Drag er de altfor openberrt, at de er Kristendomen, som er Sjæli i ”Livslaupe aat Mannaætti”. _ Og elles au, i de heile, torde de vel inkje vera so fullvist, um han alti er til Gagn for ”Religionen”, den Maaten, som held ”religiøst” og ”inkje-religiøst” so vel skilde fraa kvarandre i kvar sine Bolkar.
 
At eit klaart og aalvorlegt Syn paa Samanhengen i Livslaupe aat Mannaætti og paa den djupe moralske Lovi, som kjem til syne gjenom de, er noko som trengst paa de haraste i vaar Ti, de vil vel inkje vera lett aa neita. Og just i Ungdomen er de, de trengst mest, i den Stund daa Menneskja held paa aa traa inn i den vaksne Alder og sjølv skal leggja si Livslei. Eg skal her berre peika paa tvo Ting til ei Prøve. Eg trur de er faae Ting, som er vel skikka til aa styrkja i Strien mot Fritenkjarskapen, som ein rett For-stand paa Samanhengen i Soga. _ Og dinæst so veit eg inkje helder for vel, korleis de lett skulde vera mogelegt, forutan den, aa finna Vegen rett fram millom alle dei ymse Fridomsbylgjekast, som bryt og bruser gjenom vaar Ti paa alle Leier. For vist er ’kje dei alle goe; men likeso vist er de, at dei alle krev si Prøving.
 
¹) Eit Stykkje av den Utgreiing, som fylgde med me Søknae’n um Tilskot fraa Amt og Stat til Skulen i 1885. Skrive paa Dansk, fritt umsett aat Fedraheimen av Forfattaren.
 

Frå Fedraheimen 24.02.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum