[Tidender.] Fraa Asker Seminar.

Tysdagen den 23de Februar var ein Fagnaddag for Læregutarne ved Asker Seminar, for daa hadde Skiklubben Præmiskirenn. Kirkerudbakken, som fyrr i Vinter hev voret stor nok til tvo Præmiskirenn for dei namnkjende Skilauparanne fraa Bærum, skulde brukast til oss mergsogne Bokmenner au, endaa Snjoen var so hard, at Skierne snaudt merkte. Av dei 35 i Klubben var det berre 16, som vaagad seg til vera med. Dei andre kjende seg ikkje mergad til det; dei hadde Hug til aa sjaa Soli nokre Dagar endaa, sa dei. Um Dagarne fyre Rennet var det eit Ruskver yver all Maate med Skodd, Snjo og Veris; men den Dagen var blank og klaar. Soli breidde dei forgylte Straalunn sine ut yver det kvite Snjolakenet, og Snjokonni glitrad som Diamantar. Skiløypet byrjad Klokka halv tri umlag. Midt i Bakken var det moka upp eit stort Hopp; det var Prøvesteinen vaar. Her blikrad Seminaret sitt Merkje i Kveldsoli. Bakken elles var prydd med Vimplar, som dei Hrr. Ivar Svendsen og Holm fraa Bærum hadde voret so snilde og sett upp. Paa baade Sidur av Hoppet stod det ein heil Folkekrull, som ventad paa aa faa sjaa, at ”Nasarne gruvlar i Jordi”. Aa ja, nokre kom rigtigt nok ufruviljugt til aa bruka Nosi til Snjoplog au, men Storhopen stod. Men stupaskulde me no, korleis det stod elder gjekk. Dei fann difor paa, at me skulde renna paa eit ”fælande” stort Hopp. Men det var inkje mange, som kultad her hell, for ein Del var so sluge, at dei krøkte seg ihop og sette Skiarne sine fint nedpaa tett innmed Hoppet. Men nokre av dei ”modige Maurarne”, som hoppa til, dei kom helst ned med Nosi fyrst. Etterpaa dette skulde det vera ”Kunstløb”; det var ein liten Sving um ein Staur nest i Bakken det. Som ventelegt var stod mest alle der. Ved 6tidi samlast me i Gymnastiksalen og Præmiarne skulde utdelast. Ei heil Tylvt Lampur lyste yver det store Romet, ein Talarstol var uppsett, og paa baade Sidur av den stod det Bord. Paa dei stod det i dusingvis av Glas med Saft for Avhaldsmennerne og Vin for dei andre _ gjevet av Seminarstyraren. Præmi fekk Halvor Kjønnaa, Nils Hogna, Olav Sunde, Øistein Austjord og Halvor Halvorsen, alle fraa Telemork, Fredrik Sundane fraa Nøtterø, Herbrand Bjerkeset fraa Numedal, Magnus Tvedten fraa Bærum og Bjørn Løvstad fraa Telemork. Seminarstyraren heldt so ei glup Tale for Præmivinnaranne og ”Skiidrætten”, Skaali vart drokki,” og Hurrarop ljomad gjenom Salen. Eit lite Tak med sterkt Hurra fraa Præmivinnaranne til Seminarstyraren og dei andre Prisdomarar var Svaret. Etterpaa heldt han ei løgleg Tale for dei ”fallne”, for dei, som hadde so brennande Fedralandskjærleik, at dei laut ”omfavne” Fosterjordi. So ymse Songar av Læregutarne og Talur, t. D. for Seminaren og Styraren av Skulestyrar Aars fraa Kristiania o. s. b. Kl. 8 maatte me forlata Gymnastiksalen, for daa skramlad Vekkjarklokka (1ste Præmi) aat Halvor Kjønnas, so at me var glade, me fatad oss ut.
 
Seminaren den 28. Febr. 1886.
 
x X x 2
 

Frå Fedraheimen 03.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum