Bakterior

kallast nokre Smaaplantar elder Smaasoppar, som er so smitter smaa, at ein ikkje kann sjaa deim med berre Augo. Vil ein sjaa deim, lyt ein bruka Mikroskop d. v. s. Forstørringsglas, som kann gjera ein Ting fleire Hundrad Gonger større, enn den i Røyndi er.
 
Og er er der so fullt upp av deim, at dei næstan finst yveralt - i Lufti og i Vatnet, i Mat og i Drykk. Dei heve mange ulike Skap. Sume er lange og granne, som det hadde voret smaa Stavar. Eit kann t. D. taka ein Vatsdrope. - serlegt av slikt Vatn, som heve stadet stillt i ei Skaal ein Dags Tid - og sjaa paa denne Vatsdropen i eit Mikroskop; ein vil daa sjaa Bakteriorna som Timberstokkar i ei Elv.
 
Andre av desse smaa Skapningar kann vera runde, avlange, rikkutte og ringutte. Dei kann forma seg som ein Skruv og bøygde fram og attende som ei Kroklina. Kvar av desse Former nemner Vitenskapsmennerne gjerne med eit eiget Namn t. D., dei runde Mikrokokkar, dei stavformade Bakterior og Bacillor, dei skruvformade Spiriller o. s. fr.
 
Dei fyk um i Lufti i Tusunstal; men raakar dei noko vaatt, kann dei ikkje sleppa laus fyrr Væta turkast vek. Med Regnet førest det ned i Jordi og til Elvar og Sjøar. Dei liver, trivst og øksla seg snart i daude Kroppar av Dyr og Plantar, snart i livande. For at dei skal trivast godt, treng dei ei viss Varmegrad, umtrent so stor Varme som i den menneskjelege Kropp. I stor Kulde og stor Varme vert dei dovne og stive og kann tilslutt døy.
 
Naar dei kjem ein Stad, der dei trivst godt, øksla dei seg paa ein utruleg snøgg Maate. Det gjeng til paa den Vis, at dei lange Stavarne brotnar av i smaa Moler; kvar Mole elder kvart Stykkje veks paa ei liti Stund ut atter i Lengdi og brotnar so av likesom Federne deira. Dei runde deler seg i mange smaa Kulur, som veks fort og deler seg paa same Maaten. Paa nokre Timar kann eit slikt lite Kryp ha’ avlat paa Tusundvis av Born; men daa dei er so fælt smaa, fyller dei ikkje stort Rom likevæl.
 
Ja, desse Skapningar er sanneleg smaa; men likevel gjer dei eit storvoret Arbeid, og dette Arbeidet deira kann vera oss Menneskjor baade til Nytte og Skade. Det er til Nytte, naar dei tek Tilhold i daude Kroppar, for daa verkar dei Forrotning, Gjæring, og dei kann laga oss ymse Fargar.
 
Det er verkeleg’ til Nytte for oss, at daude Plantar og Dyr rotnar og anten kverv burt elder vert til Mold og Gjødsel. Kverv burt, sa eg, ja dermed meiner eg, at det gjeng yver i Lufti i eit elder anna for oss usynlegt Emne (Stoff), for ingen Ting kverv igrunnen burt, det vert berre upp i noko anna. Naar no eit Dyr elder ein Plante døyr, so er der ikkje lenger Nytte i dei paa same Maaten som fyrr; men so kjem desse smaa Bakteriorna, og dei løyser upp alle Band, forandrar eit Emne til eit anna, so at um nokor Tid er der korkje Merkje elder Mid att av det livande Dyr elder Planten. Dette kallar me Forrotning. Men noko liknande er Gjæring. Ein kvar av oss heve lagt Merkje til, at mange Matvaror surnar. Tak Kjøtsupa og let ho staa eit Samdøger, so vil du snart finna, at ho er sur. Saki er, at der heve fallet Bakterior ned fraa Lufti og heve strakst byrjat Arbeidet sitt; dei heve økslat seg og fortært, kva dei likte og skilt fraa seg kva dei ikkje hev Bruk for. Paa den Maaten gjeng Sukkeremnet, som dei er mest glad i, yver til ymse Slag Syror. Soleis gjeng det ogso med Mjølk og mange andre Matvarur. Øl, Vin og Brennevin er slikt Avfall fraa Bakteriorne; dei er kort og godt Bakterielort. -
 
Du kjenner vel til ein Sopp, som kallas Flugesoppen, Den er fælt giftig. Naar ein et noko, som er noko av den, so vert ein rasande, Vitenskapsmennerne meiner, at det var den, dei gamle Nordmenn brukte, naar dei gjekk Bærsærkergang. Denne Soppen veks ogso upp i den nordaustligste Krok av Asien i Kamtsjatka. Dei halvville Folk deruppe brukar aa eta denne Soppen i smaa Delar, og so tok dei Urinen av seg og drikk det.
 
Den skal daa vera rustande likesom vaart Brennevin. Me er ein liten Grand finare paa det, for me brukar berre aa drikka Bakterieurin, - me heve kvar sin Smak.
 
Tak ei Skive av ei raa Potet og lat den liggja ei Tid, so vil der dana seg kvite, raude, gule, blaa elder onnorleis fargad Slimflekkjer paa den, og det kjem av Bakterior. I Midalderen vart det fælt Uppstuss, daa dei saag nokre raude Flekkjer paa Altarbraudet. Dei trudde, det var Blod, og tok det for eit Mirakel; men i grunnen var det berre ei liti Bakterie elder ein liten Sopp, som dei kallar Mirakelsoppen, som hadde slegjet seg til paa det.
 
Bakteriorne er no ogso til stor Skade, for naar dei finn Innpass hjaa livande Skapningar, so framkalla dei Sjukdom. Vitenskapsmennerne meiner, at alle smittande Sjukdomar skriva seg fraa Bakterior; men visst er det no ialfall, at Miltbrand, Hundegalskap, Koppar, Blodforgiftning og Tæring kjem av Bakterior. Um Kolera heve dei no trættat lenge. Tyskaren Koch heve funnet ei liti Bakterie, som han kallar Kommabacillen, som han trur er den, som verkar Kolera; men heilt prøvat er det vel ikkje enno. Alle heve høyrt Franskmannen Pasteur (dt. Pastør) umtala. Han heve funnet ut ei Bakteria for Miltbrand og Hundegalskap og ein Maate aa lækja dei paa. Folk som vil verja seg mot Hundegalskap lyt vaksinerast, likesom me brukar aa vaksinera oss mot Kopparne. Blodforgiftning er ein farleg Sjuke, og den er snar aa faa. Den Bakteria, som verkar den, sviv i Lufti _ liksom andre Bakterior forresten - og naar der opnast eit Sted paa Hudi t. D. naar du skjær deg, elder du sprengjer ein Skjæggfinn, so kann Bakteria koma i Blodet, og daa gjeng det fort. Den økslar seg gryssjeleg snart, og ofte kann den verka Dauden paa eit Samdøger elder tvo. Hudsjukdomar kjem ogso av Bakterior og er difor fælt smitsame. Tæring trudde dei fyrr var ein erveleg Sjukdom, men no er det paavist, at den kjem av ei Bakterie. Det er no likevæl ikkje alle Folk, som er like mottakande for den; det vil segja, den trivst hjaa sume; men hjaa andre kann den ikkje trivast, sjølv um dei ofte kunne verta smittad.
 
Kunne Vitenskapen eingong koma so langt, at dei fann Raad for alle smitsome Sjukdomar, so vilde det segja mykje, og det er ikkje so utrulegt, at so vil henda; men kva Tid er eit anna Spursmaal.
 
Knut O. Bjørlykke.
 
(Nora).
 

Frå Fedraheimen 03.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum