Futarne.

No hev der komet Framlegg til Stortinget fraa L. Bentsen, Sørensen og fleire andre Tingmenn um aa skaffa av Futeembætti. Det gjeng ut paa aa senda Bod til Regjeringi um aa taka fat paa Saki.
 
Det er noko, som hev voret tenkt paa og talat um i mange Aar, men Ingen hev brotet fram med det. Mengdi av Folk i Landet er nok viss paa, at det inkje er naudturvelegt aa hava Futar, men naar det so kjem til det, at det Arbeid, dei gjer, skal leggjast yver til andre Embættsmenn, so maa me fara varlegt fram, dersom me inkje skal snara oss inn i noko, som kann verta verre, enn det, me hev no.
 
Mykje av det Arbeid Futarne no hev, kann plent leggjast ned. Dei sit og er Millommenner millom Amtmannen og dei lægre Umbods- og Bestillingsmenn. Det er inkje til noko Gagn, men berre til Seinking.
 
Det vigtugaste, dei hev aa gjera, er Skattekrevjing og Rekneskap. Det Arbeid kann ikkje leggjast ned. Men det kann ein Mann gjera for eit heilt Amt. I kvart Amt lyt der setjast inn ein Mann, som reknar ut Skattar, krev inn og betalar ut. Det lyt han daa gjera baade for Rikskassen og Amtskassen.
 
Sume tenkjer det, at dette Arbeid kann Lensmennerne gjera, kvar for si Bygd, men det er spelegt aa stella det paa den Maaten. Lensmennerne kjem daa til aa veksa upp til Futar med sine Kontor og Kontormenner, og so gneg dei paa større Løn og Kontorutgifter. Dertil kjem, at der skal mykje Arbeid til for aa sjaa yver alle dei Rekneskap fraa Lensmennerne. I Regjeringi maa der daa fleire Menner til dette og likeeins i Amtet. Og so vert Lensmannsverket skruvat upp, so der maa takast Juristar, istadenfor at det no er Meiningi at Lensmennerne skal vera Bønder. Og daa trengst der ikkje større Betaling til Lensmennerne, enn dei no hev, og snaudt det.
 
Politiforretningar kann leggjast til dei Advokatar, som talast um i Framlegget um Jury, daa dei likevæl skal hava Uppsyn med Politiverket.
 
Anna Arbeid, som no gjerest av Futar, er det ingen Vande med aa faa lagt noko til Amtmannen og noko til Lensmenner. Det er berre Smaating.
 
Der kann sparast mykje med aa skaffa av Futarne. Her er no paalag 46 Futar. Set me no istaden ein Kasserar for kvart Amt, so vert det 19. Me sparar daa 27 Futeløner, um me gjev Amtskasseraren so stor Løn, som ein Fut no fær.
 
Her er mykje, som kann lagast paa ein lettvinnare Maate, enn det no er, berre me fær Tid til aa stella med det.
 

Frå Fedraheimen 03.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum