Fyredrag um Haandarbeid i Skulen¹).

Det, som gjer Klufti millom dei skilde Samfundslag so stor er, at det grove Kroppsarbeid ikkje fullt ut har den Ære og Vyrdnad, som det fortener. Hjaa alle Samfundsklassar er det ei tenjande Tevling etter aa koma burt fraa det ”simple” Arbeidet. Paa alle Leider strævar dei etter aa fri Borni sine for strengt produktivt Arbeid.
 
Me kann berre sjaa, kor Talet veks paa dei som gjeng til dei høgre Skular og Universitetet.
 
Det er ikkje Merkje paa eit Lands Framgang dette, at det har mange Studentar. Desse Folki stend som oftast for langt burte fraa det livande Liv, fraa praktisk Arbeid til heilt ut aa forstaa den, som arbeider med sine Hender.
 
Mange av desse kjem sidan til aa tyngja paa Samfundet, avdi dei ikkje har lært noko nyttigt, som kann opna ein Veg for dei i det praktiske Liv. Dei har ikkje lært, at Arbeidet, det harde Kroppsarbeid har si sanne Ære.
 
Dette har ein ikkje lært paa Folkeskularne. Folkeskulelæraranne vaare har ikkje sjølv Vyrdnad for Arbeidet, og Borni syg paa Skulen i seg den Trui, at lekamlegt Arbeid er noko, som ikkje er so gildt og mætande som Aandsarbeid. Eg trur ikkje Folkehøgskularne med sitt ideale Syn paa Livskravi syndar minst i so Maate. _ Skulen gjev berre bokleg Upplæring.
 
Fyrr i Tidi, daa det galdt aa vera dugleg i Krig, daa var det Kroppens Utvikling dei dreiv mest paa med; men no, daa den boklege Lærdomen har slik Magt i Samfundet for dei, som vil fram i Verdi, er det berre Aanden, som vert upplært. Det er Urett baae Slagi. Ein lyt utvikla baade Lekam og Aand jamsides, so me fær eit heilt Menneskje. Einsidig Utdaning vert Halvdaning.
 
Dette har baade Skulemenn og store Tenkjarar skrivet um og verkat for i lange Tider. Baade Luther og Zwingli skreiv um dette, daa dei grundad sine nye Skular i Reformasjonstidi Amos Comenius (død 1611) John Locke (død 1701) og ikkje minst den namnkjende franske tenkjaren J. J. Rousseau (f. 1778) arbeide for aa opna Folks Augo for denne vigtige Saki. Rousseau skreiv ei merkjeleg Bok. ”Emil elder um Upplysningi”. Han viser her, kor vigtigt det er at ein lærer aa arbeida med Henderne sine. ”Den store Løyndomen i Uppfostringi”, segjer han, er aa stella det slik, at Lekams og Aands Arbeid vert til Uppkviking for kvarandre. Seinare er der fleire trugne Skulemenner som har teki Saki i si Hand. Basedow (død 1790), Salzmann (død 1811), Pestalozzi (død 1827) og Diktaren Gøthe (død 1832).
 
Framfor alle desse vil eg nemna den finske Skulereformatoren Uno Cygnæus. _ Ingen har slik som han arbeidt for aa faa Lekamsarbeidet inn som Læreemne i Skulen. Han trur ogso, at dette er ei Framhjelp i vaart sosiale Liv: ”soleis kjem Arbeidet til Ære og Striden millom Kapital og Arbeid kann bli lettare.”
 
Eg skal i Samandrag utvikla, kva desse Stormenner har meint med aa stræva for lekamlegt Arbeid i Skulen. Noko so nær det fyrste me legg Merkje til hjaa eit Barn er Trongen til aa røra paa seg, til aa hava noko aa stella med, dei vil triva alle Ting, riva sundt og setja i hop att. Dette er ikkje Ugjerd, som Foreldri so ofta trur, det er berre ein naturleg Trong, og denne Trongen skal me ikkje stogga, og ikkje hindra ved Straff, men hjelpa dei smaa til aa utvikla han. Kjem so Barnet inn paa Skulen, so fær dei ei Klembe paa seg. Trongen til Verksemd fær ikkje fri Luft.
 
Det er sjeldan, at Skuleborni har Hug paa Lesetimarne sine. Det er ymse Maatar dei brukar paa Skularne for aa faa Borni til aa lesa og gjera sin Skyldnad, det er baade Straff og Lov; men det vert ei skadeleg Tevling og Aabryskap millom Kameratarne. Den, som ikkje er dugleg i Læreemni, vert vanvyrd. Har han so til med vandt for aa læra, so vert han leid av aa arbeida. Han fær stødt og stendig høyra, at han er lat, faavis og udugleg. So legg han seg fyre, gjev seg reint yver og misser Trui paa seg sjølv. Hadde han no havt Høve til lekamlegt Arbeid, so kunne han ha synt, at han dugde til noko og han vilde arbeida seg fram med ny Kraft. Soleis gjeng det mangein Gut paa Avvegjer. Men mange hev arbeidt seg fram til duglege praktiske Menner, som dei paa Skulen har kallat Lathundar og Gagnløysur. Fær Skuleborni Smak paa Arbeidet, so lærar dei aa halda av Arbeidet au. Men ikkje berre det; dei lærar au aa ha Vyrdnad for den, som arbeider med Henderne sine.
 
Haandarbeid øvar upp Haandi og gjev den Dugleik, som trengst for aa ha sann Daning. Det, det gjeld um aa faa, er aalment Haandlag, Magt til aa bruka Henderne sine til praktisk Arbeid i det heile, so ein vert ein frihendt Mann. Dette er ikkje det same, som aa verta haandverkar, for det er ein Dugleik, som er meir serskild aa kalla. Ein gjeng ut ifraa, at Daningi berre er halv, naar ho gjeld berre Aanden.
 
Haandarbeid i Skulen gjev eit praktisk Syn paa Livet og skapar ein greidfør Ungdom, som veit, korleis ein skal snu seg utan aa trengja Hjelp av andre. Det lærar ein aa gjera Verk sjølv. Vaar aalmenne Skuleupplæring kann ikkje læra Ungdomen dette. Ein kann ikkje læra aa tenkja og verka sjølv av aa hengja yver Bøkerne og lesa Leksur. Paa Skulen lærar ein aa stydja seg til den Hjelp, ein kann faa av andre, av Bøkerne, av Læraranne og av Kameratarne sine. Ein lærar aa ljuga seg fram og fuska. _ Ein fransk Forfattar Legouvé segjer: ”lær Borni aa hjelpa seg sjølv, det er Grunnprinsipet i Uppfostringi”. Har Borni berre boklegt Arbeid, so kann dei ikkje grant sjaa sjølv, at det gjeng fram; ein fær difor ikkje slik Hug til aa arbeida, som naar ein hev noko aa gjera med Henderne. Daa kann ein fylgja Arbeidet sitt frametter, og ein er glad yver aa ha gjort det heilt ut sjølv. Ein lærer aa vilja arbeida aa leggja heile si Sjæl inn i det.
 
Kroppsarbeid verkar ogso gagnlegt paa helsa; for Umveksling i Arbeid, det gjev Kvile. Det aukar Kroppens Krefter og hjelper mot all den Sjukdom, som kjem av for mykje Aandsarbeid.
 
Skularne har freista aa bøta paa dette ved aa innføra Gymnastik og Lekamsøvingar. Men dette er berre Helsebot og kann ikkje utvikla Kroppens Krefter so samhøvelegt som Arbeid; for Gymnastiken verkar ved Tvang, men Arbeidet er fritt.
 
Det Slag Arbeid, som best kann verka paa den Maaten, som her er vist, er Arbeid i Tre.
 
Det gjeng snøgt med aa innføra Haandarbeid i Skularne. Mest alle Land har freista paa dette. Det er i Finlands Saki hev begynt; men ingenstad har det vori gjort so mykje som i Sverike. Der har dei no mykje yver 800 Skular, der dei hev innført Kroppsarbeid som Læreemne. Hjaa oss skal det vera 110. Elles held dei paa i Danmark, Tyskland, Rusland, Østerrike, Frankrike, Belgien, Holland, England, Nordamerika, i Algier, paa Ny Zeeland, og til med i Japan hev dei innført dette Læreemnet i eit av Seminari. Det er soleis god Grunn til aa tru, at Saki vil vinna fram. Det er ei stor Sak dette, som skal leggja Bru millom dei skilde Samfunslag.
 
Me skal læra det paa Skulen, som kann gjeva Lukke i Livet og det er ”aa adla si Livsgjerning”, som Vinje segjer.
 
¹) Referat av eit Fyredrag, som stud. med. Ingjald Kjennerud heldt i ”Kristiania Folkeskolelærerforening” Fredag 26de Februar.
 

Frå Fedraheimen 03.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum