Klokskap.

I mange Aar høyrde me i Høgreblad og av Embættsmenn og mest heile Høgre, at me laut lyda Styremagti paa Jordi; ingen maatte setja seg upp imot ”Øvrigheden”. Det baud Kristentrui og det baud all god Samfundsskikk.
 
Og so sagde dei at Vinstre var ulydug mot dette Bod og difor var Vinstre av det Vonde. Høgreprestar dømde hardt fraa Prekestolen og støytte til Aursens Botn alle, som ikkje vilde dansa etter deira Pipe i Politikken. Naar Bønder og anna Smaafolk vilde reisa seg upp og krevja sin Rett til aa vera med i Livsens Framgang jamsides med dei høge Herrar, daa vaalad desse som svoltne Ulvar og gaulad um Masseherredøme og Nedbroting av all Autoritet baade her paa Jordi og sonær i Himmelen og. Gaulen deira taut ut i dei Tankar: Selmer og dei, som var som han, Generalar, Bispar og Prestar, som livde finare, enn Bønder, det var Styremagti, som der talast um i Bibelen. Folket skulde høyra kva dei sagde og retta seg etter det; taka alle Rettebøter som ei Gaave av deira Haand, takka og tegja seg, grava i Jordi og stulla Hesten og standa med Hatten i Haandi, naar ein Storkar køyrde framum.
 
Stortinget, det var ingi Styremagt; det var ei Samling av ”Undersaatter”, som skulde lyda den rette Styremagti, Embætsmennerne.
 
Men Folk tenkte som so: den Styremagt, som gjev Lovar, det maa daa vera den, som meinest i Bibelen. Dei Lovar, som Stortinget gjev, skal lydast av baade Høge og Laage. Dei, som set seg imot, maa jagast av, og so jagad dei Selmer og heile Horgi, som hekk med honom.
 
So kom der ei ny Regjering.
 
Daa skreik ein høgvyrd Prest: ”Den nye Regjering er af Guds Vrede”. Sidan hev det dovnat av med Ropet um aa lyda Styremagti.
No hende det i Haust, at Høgre i Jarlsberg og Laurvigs Amt hadde fenget seg ein Valmann formykje og so vann dei i Stortingsvalet.
 
So sagde Stortinget, at dei laut gjera det um att. Men Presten Schiørn og Presten von der Lippe og nokre andre Høgremenn, dei meinte det, at dei var mykje klokare og rettvisare, enn Stortinget, og so lagad dei i hop ein Dom imot Stortinget for aa syna Ettertidi, kor galet Stortinget dømde og kor rett dei dømde.
 
Amtmannen sagde daa, at han totte det var Urett av dei aa setja seg imot den høgste Magt i Landet. Daa fælskad von der Lippe seg og gjekk ifraa sin eigen Dom og let Stortinget hava Magti. Men Schiørn _ Presten _ han er klokare og rettvisare, enn heile Verdi han; han kann ikkje gjeva seg for Stortinget; der sit mest Bønder og andre kallege Menneskje. Dei kann vera gode nok til aa offra og føda fornæmt Folk, men til aa styra Land og Rikje kann dei ikkje brukast. Det maa gjerast av Schiørn og sovorne Karar skal det verta godt.
 
Men det skal han sleppa for.
 

Frå Fedraheimen 03.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum