Svein Skyttar. [Forteljing til Utklypp]

(Framhald frå 1885.)
(Del 1 av 9.)

-48-
 
eg hev nok tenkt lite paa den og”. _ Det var godt. Eg skal hjelpa deg til aa finna ho, var Meiningi.” _ ”Aa nei, du fær nok sleppa det. Det er inkje Raadi mi aa fara um slike Karar. Eg lyt nok fara beinvegen, skal eg tenkja paa aa koma til Himmels”. _”Det eg hjelper deg skal inkje kosta korkje Sølv elder Gull”. _ ”Ja, so kostar det Papirpengar og det er inkje betre for dei helder for meg. ” _ ”Nei det kostar inkje noko. Det skal du vera sikker um”. _ ”Kann du, som skal vera Prest, staa her og forsikra det. Det er inkje mange Dagar sidan eg høyrde, at du hadde teket fem Dalar for ein Liktale, som du heldt paa med ein snaud Halvtime”.
 
Presten svarad inkje meir, men baud vælfar og gjekk.
 
 
XII.
 
Svein svalt mykje og vart tidlegt gamall. Daa han var 40 Aar, var han rukkute i Andlitet og krokutt som ein Boge. Folk, som inkje kjende til Alderen hans, trudde han skulde ha voret yver seksti. Krefterne minkad fort, og daarleg vart han baade til aa sjaa og høyra; men i Skogen skulde han ganga. Um Haustarne, naar det var ”laust”, tok han Kikaren, Byrsa, Hunden og sin matlause Sekk, raklad iveg og meinte: ”Det skal nok bli ferskt enno”. Daa nokon sae til honom, at han blir for gamall, svarad han: ”Du skal inkje fortelja meg det, du. Det er likare aa vera i gamlaste Laget enn aa vera for ung”.
 
Det vart smaatt med ”ferskt” for honom. Men han vilde inkje vera ved at han var noko daarlegare. Det var altid ei Uheppe, som var Skuld i, at han inkje fekk noko. Anten hadde han klikt elder so var det ein Raklefant, som hadde skræmt for han.
 
Kjeften hans var det eianste, som inkje slog feil. Han vart helder likare, di eldre han vart. Daa han vart so gamall, at han inkje dugde til aa gjera noko, livde han for det meste av aa sitja i Gardarne og fortelja um sine Jagtferder. Folk vart sjeldan leida
 
 
-45-
 
skulde ha lagt iveg; for det er no kolsvarte Harmen aa kosta Bru yver Elvi for den, som hev so lite Bruk for ho; men no fær eg byrja lel. Det er stor Spott og Skam, at Folk skal staa ibeit for aa koma yver, kva Tid dei vil”. Dette hadde alle Moro aat, og Svein vart meir enn eingong kallad Storljugar; for eine Aaret etter det andre gjekk som dei korkje saag elder høyrde um noko Bruarbeid. Ja mange sa’, naar dei talad paa noko, dei inkje trudde skulde henda: ”Det blir væl same Tid, som Haugguten fær Bru yver Elvi”.
 
Jau ein Morgon fyrst i Slaatonni kom han Fiskar-Tore inn i Stoga paa Flaten og sa han hadde set nytt um Natti. Halve Tunga hans hekk ute. Dei skulde no til aa gjeta kva det nye var; men dei fekk inkje lang Rid til aa tenkja seg um paa; for han var inkje den Karen som kunne tegja lenge, naar han hadde noko aa fortelja, som han trudde ingen annan skulde vita. Dei sat ein Augnablink og undrast. So lagad ho Gamle Guro til Kjeften for aa segja noko; men daa svarad han: ”Haugguten hev teket til med Brui. _ Han hev brotet upp mange digre Steinar og veltat ut i Elvekanten nord ved Granskjeret. Ja, det hev han. No slepp me kalla han Ljugar lenger”. _ ”Ja, eg synest sjaa, det skal vera store Steinar, som er komne dit”, sa Eirik. _ ”Jaumen er dei store daa. Det gjeng inkje an aa tru det for dei, som inkje hev set dei”, meinte Fiskar-Tore.
 
At Haugguten hadde teket til med Bru, gjekk som Varme i turt Gras gjenom Dalen. Tvo Dagar etter fanst det snaudt ein Kjeft, som inkje talad um det. Eine Fylgjet etter det andre kom til Granskjeret for aa sjaa Arbeidet hans. Alle vart forundrad yver dei digre Steinar, han hadde brotet upp langt uppe i Bakken og havt ned til Elvi; men han var inkje god Gut aa tala aat, naar han foor der. Sae dei aat honom: ”Du held paa og byggjer Bru”, so var dei sikre um aa faa dette stutte Svaret: ”Det er noko, du ser”. Og spurde dei han korleis han hadde fenget dei digre Steinarne ut til Elvi forutan Hjelp, fekk dei til Svar: ”Det kjem deg inkje”. Same Svaret fekk og dei, som spurde han naar Brui skulde bli ferdug. Fyrste Sumaren arbeidde han trufast med Brui. Mest
 
 
-46-
 
kvar Dag dreiv han der. Sume Tider braut han Stein, som han hadde ned til Elvi paa raae, borklause Tollstokkar, og sume Tider murad han. Men sidan vart det sjeldnare aa sjaa han ved Granskjeret. Sume Vikur var han der ein Dag og sume Vikur ingen, og soleis vart det gangande smaatt med Arbeidet. _ Fjortan Aar etter han byrjad med ho, vart ho sovidt i Stand, at Folk kunne koma yver Elvi paa ho. Slik stod Brui hans nokre Aar. Daa var det snøgt for honom aa snerta seg yver, naar han var ibeit. Og det var inkje langt imillom. Um Vintrarne var det vel snaudt, um det fanst ein Dag han inkje var vestyver. Han kunne ganga tidlegt um Morgonen og inkje koma att fyrr seint um Kvelden og endaa inkje vera inne paa meir enn ein Stad. Fekk han so ein Matbit elder ein Kopp Kaffi, og han var i Godlaat, so sat han radt heile Dagen og fortalde Reglur. Endaa Folket der paa Vestsida vart keide av han, so var dei inkje istand til anna enn aa lægja, naar han kom med sine likaste Skrønur, og naar dei aat, so fekk han oftast ein Matbit, for dei tykte, det var vondt aa sjaa honom sitja i ein Krok og glaama paa Matbordet, til Augo hans vart vaate.
 
Ja, han livde daa paa ein Maate solengje Brui hans stod. Umfram det han kom yver Elvi, kva Tid han vilde og fekk seg ein Matbit, so fekk han ogso mangein Skilling av dei mange, som hadde Bruk for ho. Soleis hadde eit Par Menn skrevet ei Liste, som dei sende ikring i Bygdi. Paa ho vart det teiknat tjuge Dalar, som Svein fekk ein Vinter til Jol. Men no vart han Storkar med ein Gong. Han kjøpte seg ein Halsduk av Silke, ei fin Trøye og eit Par Brillur. So gjekk han paa alle Dansar, sette paa seg Brillurne, til aa spela Kort med Rikingarne og tapad eine Dalaren etter den andre, la meir paa Skaali til Spilemennerne enn nokon annan og busad og basad som um Pengarne hans ingen Ende vilde te; men Joli var inkje væl ende daa Pungen hans var tom. Sidan vart det inkje so mange, som gav han noko fordi dei brukad Brui; for dei vart harme yver Aatferdi hans. Helder ikkje vart det so lenge ho stod. Tvo Aar seinare kom eit Isskred og reiv ho med seg, og det so væl, at inkje Tufti elder der ho ha stadet vart synande.
 
 
-47-
 
Daa han saag Brui reiste, gret han og sa’ til hunden, som stod framum honom: ”No reiser Livebraudet vaart, Passop!”
 
Det var som sagt mange, som kom til Granskjeret, daa Svein arbeidde paa Brui: Storfolk og Smaafolk, Karfolk og Kvinnfolk _ ja alle, som kunne ganga, laut’ gjera seg ein Tur dit. Gamle-Presten hadde voret der og den nye Presten laut dit fyrste Sumaren han var der i Dalen. Dette var ein av dei siste Sumrarne Svein arbeidde med Brui. Presten kom til honom og helsad: ”Goddag min kjære Ven”. _ ”Aa sign Gu’ _ men eg veit inkje det skal vera noko Venskap millom oss. Sovidt eg kann sjaa, so er du ein framand Kar for meg”, svarad Svein. _ ”Ja, me hev væl inkje set kvarandre fyrr; men difor skal me kalla kvarandre Vener. Du veit væl det, Mannen min, at me er alle Brødrar i ein viss Forstand?” _ ”Aa – jaso. Du er av dei Kararne, som tek det paa den Maaten. Kjem du utanfraa Dalen, elder kjem du yver Fjellet du daa?” _ ”Inkje noko av Delarne. Eg kjem fraa Steinbakken _ _ . Eg er Presten her i Dalen, um du hev høyrt gjetet han?” _ ”Aa, er du det. _ Ja det er sant au det, eg ser det paa Bikkja, naar eg tenkjer meg um. Det er denne Skarvbikkja, du kjøpte av honom Jo Eldstad. Jau, daa kjøpte du rikti Saape. Ein skulde ha slegjet Hovudet av deg, naar du skulde vera so toskutt som aa gjeva fem Dalar for dette Skarvekreturet. Eg vil inkje gjeva fire Skilling for dette Fanteriet paa den Maaten, at eg skulde ha ho daa”. _ ”Kvar sin Smak.  _ Du held paa og byggjer ”Bru du”. _ ”Det er noko, du ser” _ ”Ja, eg ser det, og det kann vera bra aa ha Bru yver denne Elvi, som, er so slem aa koma yver, men eg synest helder, at nokon annan skulde ha tekjet til _ __”Det hev eg tykt lenge eg, men _ _ ”. _ ”Ja, vent no til eg fær tala det eg er meint. Du, som er so gamall, burde helder tenkja paa ei onnor Bru, som eg nettupp er gjengen hit for aa tala ved deg um. Og det er Brui millom Himmelen og Jordi. Hev du tenkt noko paa den Brui?” _ Aa ja
 


Frå Fedraheimen 03.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum