Tidender.

Kristiania, den 2dre Mars.
 
”Svein Skyttar”, Fraaklypskjellaren vaar hev det drygt lenge med, fyrr vaare Lesarar fær Slutten. Dei Umstende, som hev valdat denne Drygsla er ikkje Bladstyret Skuld i, me er likeso leide for det me som Lesaranne vaare. For dei, som ikkje hev havt Bladet i Haust skal me taka upp att lite, so dei kann faa Samanhenget. Svein Skyttar det var ein, som var meir glad i Hunden sin enn i nokon annan. Det var berre Armodi og Matløysa jamt med han; han var lett og laus paa Kjeften og hadde og Tame til aa stela. Nedanfyre Haugen, der han hadde Stoga si, gjekk det ei strid Elv. Ho var leid for Svein.
 
”Eit Bil um Haustarne, fyrr Isen lae seg, var det raadlaust aa koma yver Elvi. Meir enn eingong bannad han desse Rikingarne, som aatte all den gilde Skogen paa Austsida og inkje skulde kosta Bru yver Elvi. Folk berre lo aat honom og sae: ”Her vert det aldri i Verdi Bru”, for daa viste dei, at dei fekk det Svaret: ”Jaumen gjer det so”. Eit anna Aar ved dette leite skal det vera Bru. Det skal eg vera Mann for. _Eg kunne ha tekje til for lenge sidan; men eg hev drygt Aar etter Aar og ventat, at nokon annan” o. s. v.
 

Frå Fedraheimen 03.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum