Til Kyrkjedepartementet!

No skal det verta ny Prest i Vinje i Telemorki. Me vil beda Kyrkjedepartementet, at det gjev dei ein Prest, som høver. For Vinje Sokn fortener ein gild Prest det, folkeleg Kar maa det vera og god Maalmann. Det er so godt To i den Bygdi, berre dei fær ein Prest, som byggjer upp i Staden for aa riva ned, so vert ho framifraa den Bygdi. Er det nokor Sokn, som skulde sleppa aa lida under alle ”Anciennitetshensyn” og sovoret, so skulde det vera Vinje. Det er nok av ”Kall” rundt um i Landet til vanlege Embætstraavarar, lat ikkje Vinje faa nokon slik, kjære lat dei sleppa aa faa ein, som er ikkje anna enn ein Embætsmann.
 
Redaktør Kr. Olsen er millom Søkjaranne, han høver for Vinje. Elles vart ogso Thor Frette ein bra Prest.
 

Frå Fedraheimen 03.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum