[Tidender.] Veteran daaen.

Ola Sveinson Kvamme, ein av dei gjæve Gutarne, som var ute i Ufreden, dei siste Aari me var saman med Danmark og var med i 1814 og kjempad for Norigs Sjølvstende, døydde no fyrre Vika paa sin Gard Kvamme i Viks Prestegjeld, i Sogn i ein Alder av 97 ½ Aar. _ Ettersom eg hev høyrt, var han Sogns siste Veteran. Um dette er so elder ikkje, kann eg ikkje sikkert segja; men det veit eg, at det ikkje er mange att korkje i Sogn elder andre Stader i Landet. Det er snart aa telja dei Kararne no. Han hev i heile sitt Liv havt ei framifraa god Helse. Han hev aa kalla aldri voret sjuk. Like til no eit Par Dagar fyrr han sloknad, var han paa Føterne, og mest alltid hadde han noko Arbeid for seg. Hogde Ved elder noko slikt. Det var Gut, som var To i det.
 
Som vanlegt er med slike gamle Gubbar, som baade hev voret med i Ufred og ellest hev røynt mykje i Livet baade av ilt og godt, so veit dei mykje aa fortelja, og denne Gamlen var og ein, som kunne fortelja det. Det var reint hugnadlegt aa høyra. Han likad ikkje noko større den Kapteinen, dei hadde. Han kommanderad dei ofte beint fram i Henderne paa Svenskarne, og so toskutt, at det ikkje var Meining i det, sa’ han. Han var fleire Gonger med i Trefnad med Motstandaranne. Ein Gong laag Svenkarne paa ei Side aat ei Elv og Nordmennerne paa den andre; men daa dugde ikkje Svenskarne aa skjota. Dei skaut berre for høgt. Bar og Greiner skaut dei ned or Granerne og Fururne, som stod attmed; men Folk raakad dei ikkje stort, og Baret gjorde ikkje dei noko, meinte han. Ein og annan Gong dei var ihop med Svenskarne, gjekk det klent. Dei maatte ryma. Igjenom ein Rugaaker maserte dei fyre og Svenskarne etter. Det var eit harnuve Tak, totte Ola, _ for Rugen var høgre, enn dei var sjølve _ men det var ikkje Raad med det, for berga seg vilde dei, og det gjorde dei og. Han totte, at han fek Feil i Føterne sine den Gongen. _ No dei siste Aari han livde, hev han faatt 100 Krunor i Pensjon av Statskassa. Det fyrste Aaret, daa han fekk det, sa’ han: ”Aa eg kann gjerne faa det, for eg hev ikkje lidet so lite ilt under dei”. Aa det er so sant som det var sagt, for hev nokon fortent aa faa Pensjon, er det dei, som kjempad for Fridomen vaar i 1814.
 
Han hev havt tvo Born. Ein Son, som for nokre Aar sidan er daaen, og ei Dotter, som no liver i Amerika. Han hev 12 Borneborn og 16 Borneborns Born. Ætti hans er agtad og ærad av alle, som kjenner dei, og alle er vælstaa-ande Folk. Tvo av hans Sons Søner hev kvar sin Gard i Kvamme, og dei er baae tvo av dei mest upplyste og lengst framkomne Gardbrukarar her umkring.
 
Gamlen var ikkje fødd her i Gjeldet. Han var fraa Aurlands Prestegjeld lenger inn i Sogn. Daa han vart vaksen, tok han seg paa Handel, greidde seg godt og kunne ei Tid etter at han hadde voret i Ufreden, kaupa den Gard han no, daa han døydde, hadde Kaar av, og enno ein til ei Stund seinare. Han hadde svært mange Syskjen, og mest alle kom seg upp og vart vælstaaande Folk. Mange av hans Ætt var no samlad og fylgde han til Gravi paa Kvamsøy Kyrkjegard.
 
Den 27_2_86.
 
J. M.
 
Vil Vestlp. taka det upp, ser eg det gjerne. D. s. 
 

Frå Fedraheimen 10.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum