Daa Mor døydde.

 

(Det er ein liten Gut som fortel).

 

Eg var liten daa _berr otte Vikur paa fjorde Aaret _, so eg minnest det berre som ein myrk og tung Draum. Mor hadde voret sjuk lengje. Ho var so klein, stakkar, at ho inkje vann aa snu seg i Sengi eingong. Men eg skynad meg ikkje so mykje paa det og vilde vera hjaa henne jamt og hava henne til aa leika med meg. Og so maatte dei taka meg ifraa henne; men daa skreik og bar meg stygt, for eg hadde ’kje betre Vit. Eg tenkte, ho var vond, sidan ho inkje vilde leika med meg. Men so kom Bestemor ein Dag og tok meg med seg burt til Vik. Bestemor var so snild med meg; ho gav meg Sukker og Kake og Rjome og alt det beste ho visste. Men likevæl tok eg til aa lengta etter Mor, og daa eg inkje fekk koma burtatter til henne, tok eg til aa graata. Det var regtig sundlegt um bestemor, stakkar; ho maatte ganga uppe med meg um Netarne og bera meg att og fram etter Golvet. Men so kom det ein Kveld Bod um, at Mor vilde me skulde koma. Det var likt, ho hadde ’kje langt atter. Bestemor sveipte meg inn i eit Tjeld og tok meg i Fanget. Eg slengde Armarne um Halsen hennar og so bar det avstad. Det var so bikande myrkt ute; men Stjernurne blinkad so blidlegt ifraa Himmelen, og burti Bygdi saag eg ein Mengde med Ljos. Bestemor rodde meg yver Elvi, medan ho heldt meg fast millom Knei sine, og so bar ho meg atter. ”Kjem me snart til Mor no?” spurde eg. ”Ja, no er me der snart, Barnet mitt”, sagde Bestemor. Daa me kom inn i Stoga, brann det i Kakkelomnen, og so stod det eit Ljos burtmed Sengi. Der sat Far med baade Henderne for Andlitet og Mor laag uppi Sengi so bleik, so bleik. Daa ho gaadde oss strekte ho ut Armarne imot meg. ”Aa, kjære Barnet mit!” sagde ho og kysste meg og trykte meg inn til den saare Bringa si, medan Taarerne trillad nedyver dei bleike Kinni, korleis skal det ganga deg, naar eg ligg no i Moldi?” Daa gret dei høgt alle saman. ”Au, kjære Olav, sjaa væl etter Barnet”, sagde ho, ”ver so rædd for det som for Auga ditt. Lat det aldri sjaa noko vondt heime, og lær det aa beda til Jesus og elska honom. Lovar du meg det, Olav?” sagde ho og sette den magre Haandi burtimot Far. ”Ja, ja”, sagde han og storgret. So lagde ho Haandi paa Hovudet mitt, og so rørde ho paa Lippurne, medan Augurne var vende upp imot Loftet. Ho bad visst. Eg høyrde ho sagde: ”Herre, sign dette vesle Barnet mitt!” So vilde ho liksom retta seg upp og segja noko til bestemor, som stod framanfor Sengi. Ho rette Armen ut, men seig so nedatter mot Puta og drog eit tungt Sukk. Armen datt ned, og _den varme Munnen kysste meg inkje meir.

 

Det var, som eg kjende paa meg, kva som hadde hendt, og daa eg saag, korleis dei andre gret, so tok Graaten meg og. Og eg kysste hennar; men Munnen var so kald, so kald.

 

Daa tok Bestemor meg uppi Fanget, trykte meg innaat seg og sagde: ”Stakkars moderlause Barnet mit!”

 

Og so klædde dei Mor i kvite Klæde, og sidan gjorde dei ei Kiste og lagde henne nedi; men eg fekk daa sjaa Andlitet hennar fyrrenn dei slo atter Loket.

 

Nokre Dagar etter kom det so mange Folk, og so bar dei Kista inn, lagde eit Tjeld paa og tende eit Ljos. Og so las dei og song, og mange gret, men Far gret mest; han sat ved Enden av Kista, han. Og daa eg kom burtaat honom med ein Lefsebit, tok han meg paa Fanget, kysste meg og sagde: ”Stakkars vesle Gut!” Og alle var so snilde. Dei fagnad meg og saag so blidlegt paa meg; for eg var morlaus no, sagde dei. Eg skynad daa inkje regtig, kva det vilde segja; men no skynar eg det væl. Og so køyrde dei til Kyrkja, og der ringde dei med Klokka: Ding, dang! Ding, dang! sagde ho so syndlegt, _og so bar dei Kista burt til eit Hol, dei hadde gravet, og so slepte henne nedi. Hu, kor djupt og myrkt og kaldlegt det var; og der skulde Mor dyttast ned. Det var, som Hjartat mitt skulde snørast i hop: Eg skulde aldri sjaa ho atter meir, mi kjære, snilde Mor. Og so kom det ein Mann med ein lang, svart Kjole. Han gjekk innaat Holet og stod der og talad. Og so gret Far og Bestemor og mange andre. Og daa den svartklædde Mannen kastad Mold nedpaa Kista, og so dei andre gav seg til aa dytta attyver, tok ogso eg til aa graata. Men daa kom Mannen burt til meg, saag so blidlegt burt til meg og lagde Haandi paa Hovudet mit. ”Graat inkje”, sagde han; ”Jesus som er deruppe i Himmelen, held so mykje av slike stakkars vesle Smaagutar som du; han vil vera so god med deg, naar du bed honom um det”. Og so klappad han meg paa Kinnet. ”Kven er denne snilde Mannen?” kviskrad eg til bestemor. ”Det er Presten”, sagde ho. Og so tok Presten dei i Haand, og so gjekk me heimatter. Men no var eg morlaus, eg Stakkaren. Det var ingen slik Munn til aa kyssa meg lenger, inge slike milde, blide Augo til aa lysa imot meg, og inkje noko Fang, eg kunne ryma til for aa gløyma Verdsens kalde og tunge Tak. Difor sit eg mangetider og lengtar og græt. Men so tykkjest eg atter kjenna den skjelvande Haandi paa Hovudet mit og høyra atter dei Ordi: ”Herre, sign dette vesle Barnet mitt!” Og daa er det som eg kjende det paa meg, at Mors Ande sviv um meg for aa verja um den vesle Sonen sin. Og daa vert eg so sæl atter.

 

 


Frå Fedraheimen 10.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum