Dvergmaal fraa Bygdom.

(Del 2 av 2. Fyrste delen.)
(Ved K. S.).
 
II.
 
Avskygreida.
 
Det høyrest stundom ut som Byfolket i Oslo heve den Trui, at det er so ovende myket Sedløysa og Ukjurskap her paa Landet. Ja Sedløysa og Ukjurskap er det nog av _ det er alltid nog av det Slaget i Verdi, _ men Hovudstaden med dei hine Byom hev daa Prisen i so Maate. For slikt som Sedløysa der ter seg, er nokot uhøyrt paa Landet, og heve Bygdi fenget ein Snev av den ”Kulturen”, so er Hovudstaden upphavleg Læremeistaren. Naar no ein Mann set seg til aa skriva nokot, um kor det er i Oslo i denne Vegen, og han sveiper det soleides ihop som han Jæger, ja so trur eg den Boki kunde verta faarleg fyre Folk i Bygdom. Ho vilde verta myket lesi, det er visst, og slik Lesnad gjev ureine Tankar, det grev seg inn i Hjartat, kjøver smaatt um Senn Moralkjensla, og Boki kunde føra mange fleire inn paa haale og sleipe Vegar. Um so slikt Innhald kjem i sømeleg Form, kann det freista Folk, kor myket meir daa, naar det vert frambodet i ei Bok med so mange Flekkjer, som alle maa medgjeva, at Jægers Bok heve. For eg er ikkje so sterkttruande som sume, at eg meiner alle skikkelege og gode Folk ikkje kunna falla i Malstraumen, medan dei som falla, berre liva i Lygn og Fusk.
 
Eit Riksstyre med Kjærleike til Land og Folk laut læsa Boki inne fyre Folksens Skuld. Det kunde ikkje sjaa roleg paa, at ei slik Bylgja skulde rulla yver Landet og slaa Folk i Stavar. Logi lyt vera i Kraft. Vellæte skal Styret hava fraa oss Bygdarfolk. Me traa ikkje etter aa lesa ei ufyseleg Bok. Kom ho derimot ut, maa me medgjeva, at me er veike, og Freistingi vilde vera stor fyre Ungdomen. Det aalvorlege Spursmaalet, som var framme der, kjem fram likevel: men Skaden, Boki kunde gjort, var verre aa bøta. Den, som kjenner Mannanaturi og elskar Mannaætti, vil ikkje rota upp i dette Ulivssaaret utan fyre aa heila og hindra det. Ein sedlaus Roman er som stygg Røda, og stygg Røding skjemmer ut gode Seder; og Sedløysa i alle Skap er den Attila, som støyter Spjotet i Jordi, so Riki skjelva i Grunnvollom, og Frukti av henne er Undergang _ Ende paa Log, paa Rett, paa politisk Fridom, Samvitsfridom, Andeliv, Skaldskap, Velferd og Utkoma, Kristendom og alt, som pryder og lyfter Mannalivet. Den, som pustar til denne Elden, er ein Mannadrepar. At ei slik Bok som den nemnde heve komet fram, vitnar um det sedelege Forfall, som raader i Hovudstaden millom ”Intelligensen” og den studerande Ungdomen. Visst er det, at den, som dei skal senda inn til Universitetet i desse Tider, treng stød Vilje, god Uppseding og Heppa med, um han slepp uskadd i heim atter. Og skulde ein døma Framtidi etter Tilstandet der inne, so hadde ikkje Noreg langt aa liva og større Framgang aa vona. Men Noreg maa ikkje døy i Ungdoms Vaar; det skal faa Manndoms Kraft. Soli smiler fagert kring Strendom. Men her maa Botevoner og Botemiddel til Hjelp.
 
Kvar er det nye Studentsamlaget boret! Naar dess ”Afsky” gjeng paa den Leidi, kvart stemmer daa Elsken, den varmaste Kjærleiken? Einstøding var det gamle Studentlaget, verre er det nye. Er dette ”Afsky”-Vedtaket sprottet av Elsk til Fridomen, so gjera dei sitt Fridomsideal til ein Avgud. Skal det ingi Grensa vera fyre Fridomen, so vert Fridomen Anarki, og Retten Neverett. Skal ikkje Logi vaka yver og vakta Fridomen, so lat Tjuven stela, med’ han vil. Lat den eine skamskjella hin, den eine umsegja hin, han heve berre sagt si Meining. Logi kann kvila. Nei fyre det vonde vert oftaste Fridomen stor nog. Den einskilde Mannen skal ikkje hava Fridom til det, som kann verta til Skade fyre heile Samfundet. Staten er alt, einstaka Mannen er hans Træl, so paa Lag sagde Romaren. Me segja ikkje so; men me snu det helder ikkje um til det, at einstaka Mannen er alt. Samfundet Træl. Detta Vedtaket vitnar ikkje um stor Moralsans. Slike Ungmenne, som desse frilynde (?) Studentar, som dei heita, maa i Skiringselden. Det er raadlaust annat. Fri oss fraa slike Embættesmenn! Men me læra av detta, at det maa vera Maate paa alt.
 
Det vore vel ikkje gagnlaust, um dei, som hava det mest annsamt med aa preika Fritenkjarskap, tok seg slike Ovringar til Lærdom. Der den gamle Fridom, Kristendomen, vert sett i Kraai og den ”frie Tanke” i Haagsætet, der vert Moralsansen burte og det vonde taumelaust. Og Framgangen vert stengd og Fedralandet sukkar.
 
Kvar er Botemidlar mot denne Folkeskaden, denne Midgardsormen, som spenner Kroppen sin kring den heile Jord, herjar og glefser i seg Mannaliv og Mannakraft, ikkje berre i Hovudstaden, men kring heile Landet. I denne Tidi, daa Avhaldssaki dreg so kraftigt paa Folk, er det Von til, at Arbeidet mot Sedløysa i andre Skap ogso kunde faa kraftig Studning. Sanningi maa fram rein og klaar um Likamen vaar ogso i det seksuelle, og serleg um den Skade, løynlege unaturlege Synder verka. Kom med det i Religionslærnaden i det sette Bodord, i Naturlæra og i Sedelæra paa Skulom. Me maa tala ein Gong klaart og kraftigt um det med rette Namnet, men ikkje i eino, naar det fell til. Det lyt verta avmælt etter dei ymse Høve, kann ein vita.
 
Dinæst maa Arbeid med Kroppen inn i Skulen serleg i Framslengsaarom. Arbeidet er ei framifraa Boteraad. Foreldre, Lærarar og Uppsedarar maa hava eit kvast Auga paa, um Lasti ovrar seg, og bruka kraftige Midlar. Men Upplysning og Arbeid hjelper ikkje allstødt, det er det Røynslor nog fyre. Kristendomens evige Læra er den einaste, som held Maal her. Ætt etter Ætt heve prøvt henne; ingen ny Moral hava dei funnet.
 
Ein turvte beda, at Herren vilde senda Kvitsunhelg paa Jord atter, at Andens Kraft maatte trengja gjenom Kyrkja, so det vart røynd Sanning i Liv og Læra, so Guds Ord kom rennande fraa Preikestolom som friske Vaarbekkjer med ”Selvoplevelsens” Tyngd og Styrke. Og detta soleides, at inkje av Bibelens aalvorlege Ord um dei ymse Synder vart løynd av. No er det ofta so bleikt og kjælet, at det, som ligg ein nærmaste og er mest faarlegt, fell det aldri eit Ord um. Og dinæst trenga me Prestar, som er Andens Fyrekjemparar paa alle Leider, Prestar, som ikkje kvekka undan kvart Spursmaal, som Tidi kveikjer, og fordømer baade likt og ulikt, men Prestar, som skyna aa døma med Vit um det fremste, som er uppe i Tidi, og paa den andre Sida ikkje er rædde fyre aa draga dei ymse Ovringar, som høva til det, inn fyre Bibelens Domstol, um det so ikkje skulde smaka dei friaste ”Andar”. Men ein slik Naade maa dei kristne slaa seg i hop og beda Gud um.
 
Han kann gjeva det og vil gjeva det paa vaare varme Bøner. Og kannhenda desse tronge Tider fyre Kyrkja skal tugta upp og uppseda dei kristne, so ei onnor og betre Tid kann renna.
 
Det gjeld næst paa, at ein ikkje læt seg skræma og misser Von og Tru og so arbeider og bed, daa skal Verket faa Velsigning og Frukter.
 
4de Mars 1886.
 

Frå Fedraheimen 10.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum