Til Hr. G. D. i No. 17.

Hr. G. D. skreiv eit Stykkje i No. 17.
 
”Eit og anna um Upplæringi vaar”. Hr. G. D. kjem med eit skamlaust Angrep paa Folkehøgskularne vaare.
 
Han segjer, at me der vert uppdregne i ei ”Hyrdetid”, som berre lærer oss aa sverma for det langt burte i det blaa. Kjenskapen hans til Høgskulens Arbeid maa nok vera noko liten.
 
Han segjer, at me i Høgskulen høyrer røda um, ”tykkvommet Materialisme”, men tru, det er Grovarbeid, som dei daa meiner? Nei, det er det ikkje. Eg hev høyrt Ullmann, den beste av Høgskulelæraranne vaare segja, ikkje eingong, men mange Gonger. ”Den, som fær tvo Straa til aa veksa der, som der fyrr berre vaks eit, han er betre enn den, som skriv ei middels Bok”.
 
Kva Slags Matstræv er det Høgskulen syner fram for oss? Eg tykkjer, ein kann kjenna det paa seg, naar ein lese G. D. s Ord: ”Tykvommede”; daa tykkjer eg ”Matbergets Folk” maa staa tydelegt for ein.
 
Skulde slike Tanka koma upp hjaa Ungdomen, naar dei um Dagarne syng det Verset av J. Moe i Ullmanns Sangbok: ”Arbeidsmand og Arbeidskvinde” _
 
hvilket fagert Hædersnavn!
større kan du ikke vinde,
det bær i sig Folkegavn.
Herren selv var Haandværksmand.
Haandens Virke adlød han.
Mangen Tittel kan undværes
denne Dag for Dag skal æres.
 
”Slike Materialistar finn det er nyttigare aa bruka Statens Midlar til aa tappa Myrar og rydja Stein enn til Diktarløner”, skriv Hr. G. D., at Høgskulelæranne skulde segja. Eg hev høyrt mykje snaalt; men ikkje Make til det. Aldri vilde det falla ein Høgskulelærar inn aa segja noko slikt; for eg er sikker paa, at Høgskulelæranne veit, korleis Jordbruket stend her i Landet, og daa kunne dei aldri falla paa sliktnoko. Men det kunne vel voret andre Ting, som dei kunne ha knappa av noko paa, t. D. paa Bondegutarnes ”Dresur i Honør”, og so kunne dei bruka dei innspara Pengarne til Diktarløner. So skreiv han, at det kjem ei Lengting yver Ungdomarne, naar dei kjem heim att fraa Høgskulen. Ja, der kann koma ei Lengting tilbake til Skulen; for paa Høgskulen lærde Ungdomarne aa halda av Læraranne sine, so det kann vera Aarsaki; men slik ei sterk Lengting ut, trur ikkje eg, det kjem yver dei. So skriv Hr. G. D. , at Høgskulen ikkje arbeider Lyst inn i Ungdomarne til aa reisa Heimen. Eg grunnar sanneleg paa, kven Skule, hell kva det skulde vera, som skulde umarbeida den betre. Sjaa no berre paa Maalsaki, er ikkje den ein av Høgskulens ”Yndingsfag”? Kva kann binda ein meir til Heimen enn Maalet? Naar ein kjem heim fraa Høgskulen og finn dei Ordi, som ein mangein Gong hadde mykje Slit med aa finna fram or Ordbøkerne, naar ein finn dei Ordi hjaa Sambygdingarne sine, daa kjem den Kjensla yver ein, at dei Ordi av Jørund Telnæs er sanne:
 
”Heime er so godt aa bu
paa dei gamle Grunnar,
kor eg fer i Nord hell Sud,
best eg heime unar;
Bondeætt fraa gamal Tid,
som eg fegjen kallar mi,
bygde desse Tufter.”
 
Tilslutt veit Hr. G. D. ikkje noko meir vondt aa segja um Høgskulen, daa tek han paa Grundtvig, for at han var Romantikkar, og naar han var det, so maatte naturlegvis alle, som hadde Høgskuletanken i seg, vera likeins, var det ikkje so, Hr. G. D. ? For aa verta eit dana Menneskje, so maa ein kjenna ein Del til dei gamle og nyare Diktaranne; men det er løglegt aa sjaa, at enno er der nokon, som klandrar den norske Høgskule for, at den er for mykje romantisk; for eg hev i dei seinare Tider høyrt, at Høgskularne vert klandra, for at dei tek for seg verkelege Ting. Eg vil beda Hr. G. D . og kvar, som er einig med han, aa lesa eit stykkje i Fedraheimen No. 8 ”Folkehøgskulen” av ”Ein Høgskulemann”.
 
Ein Høgskulegut fraa Smaaleni.
 
 
Bladstyret hev sidan fenget fleire Innsendingar imot G. D., men me hev ikkje Rom til aa taka upp alt.
 
Soleis skriv Nils Botnen mill. anna:
 
Den Uppgaava Folkehøgskulen hev sett seg, segjer G. D., at den kleint hev makta. ”Han kann ikkje segjast aa hava arbeidt Lyst inn i han (Ungdomen) til aa reisa Heimen. Dette trur eg visar, at Folkehøgskulen tek imist elder gløymer noko, elder kanskje det kann takast som Prov paa, at Folkehøgskulen arbeider ut av ei Aand, som ikkje eig Kraft i seg til aa trengja inn i Folket”.
 
At Folkehøgskulen ikkje hev aatt Kraft nok til aa arbeida fram Uppgaava si, ja det jatast so viljugt, men eit godt Stykkje Veg er ein komne. Tidssandi og Forholdi i det heile hev ikkje voret sodane i vaart Land i desse Aari, at det hev voret lett aa vinna fram med dei Tankar, Høgskulens Folk hev boret paa. Det kann ofta hava sett ut, som naar ein slær paa ei Klokke, som ikkje hev Luft umkring seg. Ein høyrer ingen Ting, og endaa kann Klokka vera av beste Slag. Det jatast so viljugt, at der ogso ved Høgskulen hev voret Vantar; men derav aa slutta, at den sodan i det heile hev teket imist elder ”arbeider ut av ei Aand, som ikkje eig Kraft i seg til aa trengja inn i Folket”, _ nei det gjeng ikkje an. Helder ikkje skal det kunna provast, at Folkehøgskulen ikkje hev arbeidt Hug upp hjaa Ungdomen til aa reisa Heimen. At her er mange undantak segjer seg no sjølv; men i det heile teket trur eg meg til aa segja, at Høgskuleungdomen hev fenget Hug paa aa reisa Heimen. Men at dei ikkje alltid hev magtat aa faa sin Hug gjenomført, ja det veit me so altfor væl. Men dette skal vel ikkje sedan utan vidare leggjast Høgskulen til Last. Forholdi ut yver Bygderne er ikkje gjerne soleis, at det er lett aa faa gjenomført det ein hev Hug paa til det betre. Motstandet kann vera for sterkt, Freistingarne for mange, og han sjølv stend so aaleine; ymse Voner brest, og det skal sterk Rygg til aa bera dit, og so fell mange inn att i det gamle helder vert Harme paa det heile og stryk. Aa eg hev set mange av desse; men, Gud ske Lov, mangt eit godt Heim er ogso vortet reist av Høgskuleungdom, og dei takkar Høgskulen for den Hjelp, dei til dette hev fenget der.
 
Som sagt, her maa i so mangt arbeidast med Haap mot Haap. Eg trur, Folkehøgskulen vil vera takksam, um det aalment kunne segjast og vart sagt, at den hadde gjevet Lærlingarne sine Hug paa aa reisa ein god Heim _ hadde gjevet dei Hug til aa liva eit Aandsliv og hjelpa der Hjelp trongst. At dei ikkje aatte Magt til aa halda ut, _ ja Skuldi for det kann liggja andre Stader.
 
Helder ikkje skal G. D. kunna segja, at Høgskulen ikkje hev aatt Kraft i seg til aa trengja inn i Folket. Kor stor Skilnad er det ikkje no og for ein 10 _15 Aar sidan. Den, som hev livt litt med i desse Aari, han veit det. Korleis er Kampen mot Skulen no imot den Tid? Det er stor Skilnad. Med’ Skularne daa sat med 10 12 Lærlingar um Vettrarne, sit dei no med 50 _60. Jau Folkehøgskulen arbeider seg seint, men stødt inn hjaa Folket. Kva hev ikkje Folkehøgskulen gjort for aa stydja og reisa Frisinnet hjaa oss? Kor hev vaart folkelege Reisningsarbeid havt trugnare Tropper enn millom Høgskulens Folk? Høyr kva Morgenbladet og Fædrelandet segjer. Sjaa inn i Tingsalen. Hev det ikkje Val etter Val vortet fleir og fleir av Høgskulens Menn? Eg trur so visst, at minst Halvparten av Vinstreflokken der inne no er Høgskulemenn. Skal ikkje dette tyda paa, at Folkehøgskulen nettupp ”arbeider ut av ei Aand” som meir og meir vinn seg inn hjaa Folket?
 

Frå Fedraheimen 10.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum