Ein nærsynt Prest.

 

Noko langt att i Tidi og lengst upp i Nordland var der i eit Prestegjeld komen ein ny Prest tilflytjande. Han hadde som naturleg var, Hug til aa sjaa seg um ikring den nye Prestegarden sin. Men denne Hugen var reint faarleg for han, so nærsynt, som han var. Han tok avstad ein Morgon, og daa han var komen eit Stykkje burtum Innmarki, viste han korkje ut elder inn, korkje Aust elder Vest. Han trudde daa likevæl, at det maatte greida seg, daa han hadde Dagen for seg. Gjenom Dippel og Dikje bykste han fram; kvar han heldt til, viste han ikkje, men aa koma tillands trudde han no endaa; han maatte no einkvar Stad treffa paa. Langt um lengje kom han til eit Vatn, det trudde han var Sjøen, og no trudde han seg bergad; no skulde han vel finna heim. Han gjekk og han gjekk til han vart baade heit og sveitt, men det laut vel vera langt heim, forsto han. Han gjekk so lengje, at han syntest kjenna att denna Bekkjen og hi Bjørkeroti; denna Maurtuva saag han daa vel for eit Par Timar sidan, og denne Steinen kvilde han daa vel paa ista. No skulde han vada yver tri Elvar, - men hadde faatt Mistanke: Tru ho renn i Sjøen elder utor Sjøen? Han laut smaka Vatne. – Nei, han var daa vel i Yvermarki, Vatne var ikkje salt! No vert han reint vitskræmd; han var paa Ferdi som ein Jerusalems Skomakar, og um han gjekk i all Æva kom han aldri heim. Um han tok til ropa, so var det uvist, um nokon høyrde han, men ropa laut han, det fekk vaaga seg. Godt Maal hadde han, og sa eg, han sparde det, so laug eg paa’n. Han hadde aldri ropat slik fyrr. Han vart ogso høyrd. Det var meir enn ein Syndar i Nabulaget, som den Dagen laut tenkja seg um. - Rigtignok kva det kunne vera, som feilte den Mannen, som beljad so uppi Marki. Daa denne Ropingi ikkje vilde slutta, maatte tvo Mann avstad og sjaa etter kva det var, som stod paa med denna Ropar’n. Daa dei var komne eit Stykkje, saag dei han, men ikkje kunne dei skyna, kva det var som feilte denne vaksne Karen, som uppaa turre, slette Lande smaatt gjekk i tull og smaatt standsa og ropa so reint fælande høgt. Komne noko nærare kjende dei han, men kor forbina var dei ikkje yver aa finna Presten der. Og kor saag han ikkje ut! heit og sveitt, blaut og søylutt og svert haas. Dei maatte daa ganga me han aat Prestegarden, der det vart mykje Fagnad yver, at den burtkomne Presten var funnen att.

 

Denne same Presten var so dødeleg rædd Lauseld. Kvar einaste Kveld fyrr han gjekk inn i Soverome sitt, saag han etter paa alle Aarar og Eldstader, um der fanst Glogrand, som lyste, og han slo Vatn paa der, det saag mistenkelegt ut.

 

Ein Kveld hadde han havt mykje Arbeid i Studer-romet, so Klokka hadde stræva seg upp til tolv, daa han kom inn for aa leggja seg. Han klædde av seg og sto i berre Skjurta for aa stiga upp i Sengi, men ansad med det same, at han hadde gløymt aa sjaa etter um Varmen var væl utsløkt i Kjøkenet. Men – jau,, dit kunne han daa springa, som han sto, utan aa taka paa Underbroki, for alle ha daa lagt seg, og no var det myrkt. Ja, so sulla’n iveg aat Kjøkenet og glytte burti Gruva. Nei, desse Tenaranne var inkje til aa lita paa. Laag ikkje endaa tvo Glør der og lyste. I Morgo vilde han halda ei Fyrelesing for Kokketausi. Han gjekk burtaat Vatsstampen, tok ei stor Ause Vatn og dreiv burti Gruva. – Glørne kom burt, men Presten hoppad enda upp og sette i eit fælande Rop og datt yverende i Kjøkengolvet. Katten hadde kurrat seg for Notti uppi den varme Oska, og daa dette kvitklædde, berrleggjad Spøkjet kom inn i Kjøkenet, sette han, som rimelegt var, sine grøngloande Augo med Fælske paa dette. Som han no sit der baade sint og rædd, so fær han Vatsausa yver seg, og med eit Byks er han frampaa Golvet, og i Sjølvforsvar gjev han dei nakne Presteleggjerne eit Hogg, i det same han fær framum. Daa vart Presten so braarædd, at han ropad og med eit Byks vart liggjande der.

 

Tenestgjenturna, som laag upppaa Kjøkenloftet, dei vaknad i Draumen og i rein Forfæling hoppad dei paa Golvet og nedigjenom Troppi, haldande Skjørti med den eine Neven, dei trudde der var baade Mord og Brand i Husi. Men Presten hadde no komet seg paa Fotom att, og pilad til sengs, medan dei grøngløsande Glørne sat millom ei Gryte og Veggjen burtunder Kjøkenbenken og lyste mest verre enn fyrr.

 

 


Frå Fedraheimen 13.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum