Grundset-marknaden.

 

Ikkje rettare enn eg kann skyna, hev no iaar Grundsetmarkanden fenget ein Støyt liksom i sjølve Hjartat, med di at det vart forbodet baade all Brennevinsseljing og alt Slag Gjøglarskap paa Plassen. No var Marknaden som eit Gravøl imot fyrr, so stuslegt var det der, og det var det mangein som tregad for, kann ein vita; men eg er no so slem, eg, at eg vonar, det skal verta endaa stuslegare der eit anna Aar. Det er vel ikkje mange skikkelege Menneskjer, som var der, utan dei maa sanna, at det var mykje, mykje betre, slik som Marknaden var no, enn som han hev voret fyrr. Og kvifor skulde det ikkje enno kunne ordnast mykje betre? Best vilde det vera, kunne det lagast so, at Grundset-marknaden eingong fekk Daudstøyten, for han trengst slett ikkje no lenger.

 

Handelsmennerne hadde som vanlegt fragtat dit Mengder av alle Slags Varor. Dei klagar nok yver, at det var trongt for Pengar millom Folk; men er det nokor Von, so fær no dei fat i Folks Skilingar, og ”Manufaktur”- og ”Kolonial”-handlaranne gjorde det vist hellest bra. Likeins Honingkake-kræmaranne; av dei var det vist millom 30 og 40 Stykkje. Hestehandelen driv dei som likast no i desse Dagar etter Marknaden. Det høyrest elles ut til aa vera smaae Prisar i det heile.

 

Det plar jamt vera eit Maal for Tilstandet her, kor mange, som vert tekne og sett fast i Marknadsvika. Iaar vaar det berre nokre faae, som vart innsett i Kortgar’n; eit Par for Fyll og ein for Rapsing og ein for stygg Køyring, høyrde eg gjetet, - kanskje det var fleire og kanskje ikkje.

 

Fyrr hev det voret annleis. _Men daa laag ogso Brennevinstunnor langsmed Vegjer og i kvar ein Krok, sillrande og øysande sitt Innhald ut i Flaskor og Dunkar, der det fortast mogelegt Skvalp i Skvalp fann Vegen nedigjenom Struparne aat Folk, _daa var ogso annan- elder tridjekvar Hytta paa Plassen ”Punsbud”, - daa var ogso Øltrafikk til Gagns mest i kvar rjukande Stoge i heile Legret¹). Marknaden var ikkje anna enn eit 8 Dagars Fyllemøte med alleslags Snaror utsette paa finare elder grovare Maate for aa narra av ein dei stakkars Skilingar, som ein ofte surt nok hadde strævat for i vikevis, ja heile Aaret fyreaat; men som daa skulde ihelslaa-ast; for Marknad var det berre ein Gong um Aaret, og difor var Pengarne runde, for dei skulde trilla! – Det gjekk nok fullt væl an iaar ogso aa kasta burt Pengarne sine til ingen Verdsens Nytte; men det var daa mykje annleis, og det var reint merkjelegt aa sjaa, kor fine og ædruge no Storparten av Folk fraa Bygderne ikring gav seg paa Heimvegen i god Tid um Aftnarne. Folk, som fyrr aldri hadde komet fraa Legret fyrr langt paa Kveld, spunsfulle, huvande som Villmenner og sprengkøyrande dei stakkars Gamparne sine. Ikkje so, at Fylli no var reint burte, aa nei, det skulde vel noko til det, naar det i Legret finst baade Ølbryggjeri, Hotell, Vinsjapp og Utsalsstader for Brennevin i 40-litervis, so det er ikkje so vandt, skal eg tru, aa faa seg eit Rus i Legret, anten det er Markand elder ikkje.

 

Paa Hotelli var det annsamt nok, maa tru; dei hadde ein tvo-tri Utskjenkningsstader kvar, og ein kann segja, det var som ei Sørpe yver det heile der. Og dei, som ikkje var nøgde med Ølskvalet, fallt det ikkje so vandt for der aa finna nok av dei, som var reide til aa ”tegne Aksier” i ein 40-potdonk Brennevin. Einstad i ein Vedskaale saag eg Delingi av slik ein ”hugsam Gris” gjekk for seg. Aa, kor gla dei var, Eigarmennerne! Dei laag paa Kne kringum ”Guden” sin og balad og skrattlo og tappad paa Flaskor so innerleg vælnøgde med, at det gjekk an aa umgaa Loven, som um dei hadde fenget all Verdsens Rikdom og Gleda i Marknadsgaava. Men for sume gjekk det ille likevæl; dei vart tekne av Lensmannen, daa Delingi stod paa som likast, og miste det, som var att udelt, daa dei ikkje hadde boret seg aat fullklokt. Eg høyrde gjetet eit Par Donkar um Fredagen og ein um Laurdagen, som det gjekk slik med paa Plassen.

 

Gjøglarskap, Lirekassor og Songarinnesjau var banlyst og fanst ikkje Spor av. Dansekomers var og forbodet ”paa Plassen”. Dette var nok tenkt skulde gjelda for Salarne i Utkantarne av Plassen; men paa tvo av dei vart det dansat like radt som fyrr um Aari heile Vika igjenom, sa dei. Men ein av Eigaranne gjekk det likevæl ille for, daa han fyrste Marknadsdagen byrjad aa taka ei halv Krune i Inngangspengar og so skjenkad kvar, som inn kom, ein Dram; detvart slutt att med strakst. _

 

Marknaden hev altso iaar havt ein heilt annan Svip enn fyrr; og at han likevæl var søkt av so mange Folk, hadde vist sin Grunn i, at Storparten av dei hadde Hug til aa sjaa, korleis han vilde taka seg ut no. Kunne me ogso berre – det som eg nok trur vil skje – faa tynt Øl- og Vinretten hjaa dei, som enno hev den, so dei heldt seg heime alle dei, som no og fyrr hev søkt Marknaden for aa kunne faa ture og sjaa Kommers, so fekk me sjaa, kor stor Livekraft Marknaden hev i seg sjølv! Eg vonar, den daa snart maatte døy, og det vilde visst ikkje mange graata for. Jau, Skøyarar kannhenda og alle dei, som gjer i aa snu aat seg andre Folks Pengar, alle dei, som legg att Samvitet sitt heime, naar dei dreg paa Marknaden for aa gjera ”Affærer”; men dei er væl ikkje raadlause med aa retta upp att det Tapet sitt paa andre Maatar, tenkjer eg.

 

Grundset-marknaden hev ikkje noko meir aa liva for her i Verdi; jau, som Møtestad for Skinn- og Hestehandlarar kann so vera. Men alle dei Varor, som det elles vert handlat med der, hev me ingi Naud med aa faa skaffat oss her i Elverom kva Dag det skal vera, og daa skulde det sjaa ut, som Marknaden ikkje var mykje naudturveleg. Dei gode Marknadsprisar er ogso for det meste berre Tull. Naar ein gjeng med Kontanten i Klypa hjaa vaare mange Landhandlarar, kann det og gaa an faa billegt Kaup paa mangt og mykje, det ein naturlegvis ikkje kann faa, naar Varor vert tekne paa Borg. Og sjølv um det ogso var aalment Godkauping paa Markanden, so vert likevæl det Godkaupet i minst 99 av 100 Høve Sparing paa Skillingen og Burtfløyting av Dalaren.

 

 

5/3 1886.

 

A. S.

 

¹) Legret elder ”Leiret” kallast den Del av Prestegjeldet, som utanbgyds Folk meinar paa med ”Elverum”: det er liksom ein liten By, det.

 

 


Frå Fedraheimen 13.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum