Rispur.

 

Det var ei Gjenta, som saag so bite litet. So ventad ho ein Dag Friar til Gards. Gjenta rødde daa jamt og samt med Moer si um, kor ho helst skulde stella seg, at ikkje Friaren skulde merka nokon Ting. So fekk dei daa endeleg avtalat, at dei skulde setja Stoppenaali upp paa Hylla, so baae visste kvar ho stod. Daa Friaren kom inn og hadde sett seg i god Ro, spurde Moeri: ”Dotter mi, du, som er so gløggsynd, kann du ikkje segja meg, kvar Stoppenaali er?” – ”Jau”, sagde Dotteri, ”eg ser ho stend der upp paa Hylla”. – So skulde dei daa stella mat til Friaren, maa tenkja, og Moeri bar eit stort Smørstykkje inn paa Bordet. Daa so Dotteri kom inn, dreiv ho til Smørstykkjet med Neven og sagde: ”Det er ikkje nytt, me skal standa til Skammar for deg!” ho meinte nok det var den store kvite Katten.

 

Truls i ”Munin”.

 

 

Det var ei Kjering, ho sat paa ein Plass, heitte Huk. So budde det nokre Folk i Nærleiken: dei vilde taka Plassen fraa Kjeringi, stakar. So reiste Kjeringi til Skrivaren og spurde: ”Maa eg sitja paa Huk all mi Livetid?” - ”Ja det maa du”, sagde Skrivaren. – ”Lat meg faa svart paa kvitt for det daa?” sagde ho. Det fekk ho ogso, for Skrivaren trudde ho meinte aa sitja paa Huk, som me segja, naar me sitja forutan Stol.

 

Sularen i ”Munin”.

 

 

Ein Fantegut vart eingong eismall inne i eit Hus. So fekk han Augat paa ei Stogla burt i Vindaugat. ”Her skal eg visst faa stolet meg ein Fiskekrok”, tenkte Guten. I rivande Fart vilde han taka Kniven og skjera av ein, men so hadde han ingen. So fekk han bita av ein Krok daa, men so kom ein inn i det same, so sleit han Fiskekroken i Lippa si – der hekk han!

 

Sularen i ”Munin”.

 

 

Taamaas Kvikshaug kom inn til Futen, skulde betala Skatten; krengde han daa Pungen yver Bordet og sagde: ”Tak til I er i Behold!”

 

 

Bladstyrar:Ivar Mortenson,kand. teol.

 

 

Kristiania. Nikolai Olsens Boktrykkeri.

 

 


Frå Fedraheimen 13.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum