Skjemt er Skjemt og Aalvor er Aalvor.

 

De maa no ikkje tru, at me er so ille her i Byen, som du og ein Innsendar med deg hev gjort det til. Det er ventelegt, at det vil sjaa ut for Folk paa Landet, som at her snart sagt ikkje var komande til Kristiania lenger for Folk, som vilde berga seg fraa aa ganga til Avgruns i Sedløyse, Ukjurskap og Rotenskap. Men som sagt Skjemt er Skjemt og Aalvor er Aalvor; dei hev nok maalat det ut med Fargar, som maatte skræma; men naar alt kjem til alt, so vaagar me endaa aa bjoda Dykk koma til Kristiania, og de skal faa sjaa so mykje fager Ungdom med Liv og Friskleike baade i Lit og Slag, so de skal finna det trivlegt aa ferdast der Folkebylgjurne gjeng baade att og fram. De kann alle vita, at i ein stor By er der sume, som kavar under og ikkje orkar aa halda seg uppe fraa dei Magter, som vil draga ein ned i Søyla. Men ikkje maa ein døma ein heil By etter desse faa, og ikkje maa ein tenkja, at det er verre no, enn det hev voret fyrr: Ein kann væl med Sanningi nærare segja, at det er betre. Folkenaturen er i mange Stykkje alltid seg sjølv lik, men Formi for Sedløysa og anna slikt skifter med Tidi, og etter som Tidi gjeng fram, vil Formi endrast, og verta meir og meir menneskjeleg alt fort, og dermed er ikkje so lite vunnet. Hertil vil kanskje svarast, at det er inkje vunnet med det; men naar det no ikkje kann vera annleis, so bør ein endaa takka til, um det ikkje er anna enn Formi, som betrar seg. At me krev ei sømelegare Form til alt det vonde, som so gjerne vil bjoda seg fram av Menneskjenaturen, og at me er glade i, at denne syner seg meir skipleg etterkvart, dette syner, at me daa helder gjeng fram mot dei Krav, som gode Menneskje set fram for Aalmenta.

 

Altso kom hugheilt til Kristiania, og de skal finna her mange fine og snilde Folk, som vil dykk berre det som godt er.

 

Ein Bondegut i Byen.

 

 


Frå Fedraheimen 13.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum