Svein Skyttar. [Forteljing til Utklypp]

 

(Del 3 av 9. Fyrste delen.)


-56-

 

eg vilde, og no vil eg ha’ Svart-hund”, svarad eg paa Spøk. – ”Ja, han er ingen for god. Eg hev tenkt mange Gonger, at eg skulde faa nokon til aa skjota’n; men det hev inkje vorte”, sae han. – ”Ja er inkje denne Hunden for god aa skjota, so er ingen i Bygdi det; - men Feilen er: det er ingen, som er Kar til aa bruka’n. Og er det paa den Maaten du hev tenkt aa gjera det med honom, so skal eg nok meir enn gjerne ta’n; for eg lyt ha’ meg Hund med det fyrste. Eg skaut ihel Graahund i Vaar; for han vart for gamall. – Elles var det inkje Meiningi, eg skulde ha’ noko for det, eg var her igaar”, svarad eg. Jau, eg skulde ha’, meinte han. ”Vil du ta’ Svarthund, so skal eg skuva etter med baade Henderne”, sae han. – Eg fekk Hunden, og Smør og Ost, Spikjekjøt, Flesk og Braud so mykje eg var Kar til aa bera, og endaa tvo Hakkepylsur attpaa.

 

Det bar avgarde. Hunden fyre og eg etter. Det gjekk som Fanten gjeng Vegen. Eit digert sterkt Beist til Hund var det, og Nase hadde’n paa Kar. Men han vilde raada seg sjølv i Fyrstningi. Fyrste Kastet vart daa me skulde kvila: baae var svoltne og baae vilde ha’ Matsekken. Det bar i hop med Karom. Det stod lenge um Taket, kven skulde bli Herre. Me var stive baae. Men Slutten vart no, at Hunden laut gjeva seg og eg fekk ha Matsekken.

 

Ja det var svært til Nase paa den Hunden; men han vart burtskjemd daa han var liten. Denne Glafsen, han Jo Eggen, hadde’n etter Elgen ein Gong. Daa han kom inn paa Dyret stanad Hunden. Han visste meir han enn Kar’n. Men han Jo tok til aa banka Hunden. Sidan slapp han faa Hunden til aa gaa etter noko Dyr. So fekk han ut det Ordet, at Hunden inkje dugde noko, og soleis var det inkje fleir, som freistad han. Men eg visste det, at Hunden var god nok, berre han vart brukt og fekk Lærdom.

 

Ja eg og Svarthund drog nordyver. Daa me kom nord i Garbekklidi, kom me paa ferske Slag etter ein Bjørn, som au hadde sett nordyver. Ja me drog etter. Daa me hadde gjenget eit lite Stykkje trefte me han Anders Kroken og han Vesle-Per Skjeret

 

 

-53-

 

paa meg. – Nei, det er eit vaalegt Spell aa skjota paa ein Helgedag. Aa ta’ ut Blod daa, det er verre enn onnor Synd, det er Blodsynd. Det fanst væl inkje betre Skyttar enn Gamel-Granviken; men han gjorde, so han inkje fekk eit Bein paa tri Aar han. Han hadde gjenget ei heil Vike og inkje set eit Liv; men Sundagsmorgonen daa han skulde gaa heimatt, møtte han ein Elg midt i Vegen. Baade stanad og til aa glaama paa kvarandre. Granviken visste væl kva Dag det var, og det maatte væl Elgen veta au, ettersom han gav seg til aa staa og inkje pakkad seg; men Granviken var inkje Kar til aa berga seg. Han klemde paa og Elgen stupte. Men han kom til aa angra paa det Kastet. Det var heile tri Aar fyrr han skaut eit Liv.

 

Daa eg kom paa Bakken var han Jo og ho Beret til Bygdi. Dei hadde ho Kari aat Kyrkja um Dagen og skulde inkje koma att fyrr um Onsdagen. Soleis gjekk eg berre heimatt og Bjørnen fekk ganga i Fred den Vaaren. Men det vart ein svær Skabjørn. Um Sumaren slog han ihel ei Ku og ei Kvige for ho Sigrid Haugen, og ein svart Hest, som høyrde’n Per Kampen til, burt i Halltjoslaaen, og Sumaren deretter drap han Bjøllkui hennar Bestemor Berge strakst vestanfor Skigaren paa Storklettsætri. Daa var det, han fekk Namnet Bjøllkubjørn, som visst mange hev høyrt gjete. Og endaa drap han ei Ku og ei Kvige til um Sumaren. Ja det var ein faarleg Tyrk til Bjørn. Budeigjurne var so rædde honom, so dei var inkje ræddare sjølve Styggen. Dei lovad burt alt som godt var til den, som var Kar um aa ta’ Livet av honom. Og det vart inkje vandt um Skyttarar, skal eg tru. Det kom Folk fraa alle Kantar og skulde ta’ Bjørnen. Sume kunne sovidt la’ Byrsa si og sume inkje. Ja dei vart kvitt Maten sin paa Storklettsætervollen; men Bjørnen rædda seg for alle i hop. Daa det leid ut paa Hausten kom han gamle Anders Kletten raklande dit med Hunden og Byrsa si seint ein Kveld. Dei bad honom so vakkert, at han skulde gjeva seg til der eitpar Dagar og freista Bjørnen. ”Ja vil dykk føda meg, so kann eg nok gjeva meg til, eg”, svarad han Anders. Ja det var inkje noko um aa gjera. Dei hadde gjevet

 

 

-54-

 

burt so mykje Mat for Bjørnen si Skuld, so det gjorde inkje noko, um dei fødde ein Kar eitpar Dagar til.

 

Um Morgonen daa det var væl ljost tok han Anders Hest og Slede og drog til Skogs. Kvinfolki spurde honom, kva han vilde gjera. ”Aa eg vil i Vegen etter eit Vedlass”, svarad han. Jau, daa det leid utpaa Dagen kom han Anders att med Bjørnen paa Sleden. Men Gud bevare meg for ei Glede det vart. Dei visste nok inkje det beste, dei skulde gjera han Anders daa. Ho Bestemor Berge gav honom ein blank Sølvdalar, og so mykje Mat, som han var Kar um aa faa i Skreppa si, fekk han av alle Slag. Og han slapp gaa svolten fraa Storklettsætri meir.

 

 

 

Men eg passa Leiken ved Langmyri sidan. Eg var der i fem Vaarar etter kvarandre og skaut ein 20-30 Storfuglar kvar Vaar. Eg skaut jamleg 6 kvar Gong; for det var ei passe Byrd; men siste Gongen skaut eg 11 og daa var det att tvo paa Leiken. Daa eg kom nordunder brattaste Syrkletten, møtte eg ein stor Bjørn. Han stanad, og eg stanad og til aa ha’ av meg Byrdi; men det var inkje rigtig snøgt aa faa av seg 11 Fuglar, som hekk paa Byrsa. Væl eg hadde fenget av meg den siste snudde Bjørnen um; men daa var inkje eg sein hell, skal De tru. Daa Bjørnen hadde gjort fyrste Spranget, small det, og daa han hadde gjort det andre laag han paa Ryggen so lang han var. Eg skulde for aa vera sikker la Byrsa, men daa eg skulde ta’ Kula, hadde eg inkje att nokor, og same var det au, for Bjørnen hadde fenget god Berging, vart eg var. Eg hadde raakt’n paa rette Flekken, so han røyvde inkje ein Led meir. – So fager Hud hev eg aldri set paa Bjørn korkje fyrr elder sidan. Det var mange, som vilde kjøpe ho. Til sist selde eg ho aat han Eirik Jore for 19 Dalar. – Og dei, som vil sjaa ho, kann ganga dit og beda um aa faa sjaa den likaste Sledefellen hans.

 

 

-55-

 

Men eg gjorde inkje meir paa Langemyrleiken. Dei tvo Fuglar, som var att, hadde denne Skjelmen, han Stor-Reidar skotet, og sidan kom det inkje Fugl dit”.

 

 

Rigtig kormange Aar det kann vera sidan skal vera usagt. Det var no daa eg foor og sette upp Kvernhuset mitt. Det kann vera innmot 30 Aar. Eg var endaa ut i Bygdi og skulde faa i ein Kvernstein den Gongen. Eg gjekk heimanfraa um Morgonen og kom paa Tollmoen til Kvelds. Væl eg var komen inn og hadde set meg kom han Tore Bekkjevoll inn og sette seg au. Han hadde sett upp Nystoga si um Sumaren og skulde faa i Hjelp til aa tekkja ho Dagen etter. Han tok til aa bera seg ille for, at det inkje var nokon aa faa fat i, som kunne leggja Næver. Og eg laut lova honom aa vera med i det Arbeidet. Eg slapp inkje paa nokon Maate. Eg skulde faa alt, kva eg vilde ha’, sa han. Og eg totte det var stygt aa vera so tvær aat ein slik Mann; for det var inkje mange, som gjekk uppbraadde fraa honom. Ja, eg vart med. Men du skulde aldri ha set so umogelegt. Det var i alt 23 Karar der um Dagen; men det var inkje fleire enn eg og han Gunnar Rævmoen, som kunne leggja Næver. Timmermennerne tesmeir kunne inkje. Dei tok til so gildt. Han Tore saag paa dei ei Rid, so sae han: ”Dykk fær sleppa dette Arbeidet dykk”. Og daa vart me tvau eine, eg og han Gunnar; men me hadde nok aa gjera; men so fekk me tvo Drammar og, naar dei andre fekk ein. Um Kvelden, daa me var ferduge, sae han Tore aat meg: ”Det hev nok vortet eit underlegt tak, hadde inkje du voret med”. – ”Aa ja, eg tvilar um det”, svarad eg. – ”Ja, eg skynad nok det strakst eg, - men du skal inkje ha voret her for ingen Ting”, sae han. Nei, han Tore var Kar, som hadde Forstand paa Arbeid. Og han var inkje rædd for aa betala, naar han fekk det gjort som han vilde.

 

Um Morgonen daa eg skulde gaa, kom han etter meg ut og spurde, kva han skulde bli skuldig. ”Du sae, eg skulde faa det

 

(Meir.)

 


Frå Fedraheimen 13.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum