Tidender.

 

Kristiania, den 12te Mars.

 

I Odelstinget her ein dagen gjorde Stang Spurning til Statsministaren om dei ”diplomatiske Saker”, kvifor ikkje Statsraadsbøkerne av 15de Mai og 17de April var trykte og umdelad i Stortinget, medan Dagbladethadde fenget Tak i det. ”Sparre, som er Formann for Protokolkomiteen, upplyste, at Komiteen ikkje hadde umhandlat dette Spursmaalet for Aalvor. – Statsministarensagde, at Odelstinget hadde fenget Bøkerne, so fekk det gjera, som det sjølv vilde. Og elles fekk Regjeringi stella seg, som ho vilde, med kven ho vilde gjeva sine Upplysningar til.

 

 

Regjeringsframlegget  ”um ”Menighedsraad” vil verta mykje ulikt Jak. Sverdrups fyrste Framlegg, veit V. G.aa fortelja.

 

Sørensen, Richter, Arctander, Kildal og Blix var imot i lengste Laget.

 

Men paa Slutten vart dei samstelte. Ja. Sverdrup er det meint vil gjera denne Saki til eit ”Kabinetsspursmaal”.

 

 

I Kristiansand  var det Umval paa Valmenner um Tysdagen. Høgre vann med 425 Røyster. Vinstre hadde 342.

 

 

18 Stortingsmenner  er Avhaldsmenner. Dei hev sett seg til Fyremaal aa faa dei ymse Avhaldssamlag til aa slutta seg meir saman um Avhaldsarbeidet. 14 av dei vil, at alle Avhaldsmenner skal taka eit samfelles Merkje t. D. eit blaatt Band.

 

Dei 18 Avhaldsmenner er: Sørensen, Hektoen, Holmesland, Ellingsen, Fjermstad, Holmgren, Kind, Bentsen, Berge, Mustad, Akre, Reitan, Rejerson, Alb. Jacobsen, Goverud, Sundbu, W. S. Dahl, Sørum.

 

 

Gladstones Tankar um Irland. Det segjest at Gladstone vil hava eit serskilt Departement i Dublin for irske Saker, men Irarne skal vera med i Parlamentet i London til aa avgjera samfelles Saker. Det irske Politiet, som det hev voret slik ein Vande med, skal greidast paa den Maaten, meiner han, at det skal vera eit Rikspoliti, som ikkje hev noko aa gjera med Regjeringi i London. Sist i Mars er det tenkt, at han vil leggja det fram for Parlamentet.

 

 

Kronprinsen, er det sagt, les Verdens Gang og Dagbladet, Kronprinsessa Morgenbladetog Aftenposten.

 

 


Frå Fedraheimen 13.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum