[Tidender.] Ein Selle.

 

Her er nok mange Tjove-gutungar her i Kristiania, men ikkje mange som denne her lell. Alt det Skulen og Øverheiti talar for han, munar ikkje det Slag. Her skal de høyra nokre Døme paa, kor flink han er i so Maate. Den 5te November i 1885 vart han slept ut or Distriktsfengslet og den 23de same Maanad stal han ein Dunk med Sild utanfor ei Krambuddør. 19de Desember: 2 Flaskur Øl fraa ei Ølvogn. 2dre Jan. 1886 paa Fyremiddagen: 1 Pengepung og 1 Kniv i ei Bud, um Kvelden tvo Par Vottar i ei onnor. 9de: i ei Sigarbud ei Pipesnadde og sidan same Dagen prøvde han aa naska nokre Smaating paa ein annan Stad. Den 21de Jan. 8 Flaskur Øl fraa ei Ølvogn. 22de fraa ei onnor do. 4 Fl. Øl. 3dje Febr. ein Kniv og eit Munnspil paa Marknaden. 23de 3 Turklæde, som hekk utanfor ei Dør. 24de eit Smørspann. 25de 3 Par Hosur og 1 par Underbuksur. 26de 1 Vetrefrakk. 27de 2 Paraplyar. 1ste Marts 1 Skinntrøye. 8de 2 Luvur, 11te 2 Fl. Øl fraa ei Ølvogn. 12te aatte han 55 Øre som han hadde selt tome Ølflasker for.

 

Til alt detta kjem, at han desutan hev setet fast fraa 30te Novbr. til 2dre Desbr 85, fraa 9de til 13de og 25de til 27de Jan., 3dje til 19de Febr. 86 og vart teken att 12te Marts og lausslept 16de. – Han er berre 14 Aar gamall, so ein kann sanneleg ikkje meir krevja. Endaa er det mest sikkert han hev naskat mangt, som ikkje hev komet upp.



Frå Fedraheimen 20.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum