Ein Maatehaldsmann.

 

Der var komet noko nytt inn i Bygdi. – Mange visste ikkje, kva det var for noko, andre sagde, at det var eit Avhaldssamlag, som var skipat”.

 

Og so var det.

 

Tvo-tri unge varmhugad Gutar hadde set so lengje paa dei syrgjeleg øydeleggjande Fylgjur, Drikken drog etter seg, - hadde set so mangein gaaverik, fager Unggut, som i dei fyrste Ungdomsaari lovad so godt og teiknad seg til aa verta ein av dei gjævaste, - han kom ilag med slike, som fyrst dei skulde hava Gaman maatte hava noko ”uppi”.

 

Og so druknad han i den Straumen, som renn ut gjenom Flaskehalsen og inn gjenom Mannahalsen, i den Elvi, der Korkarne er dei Stuvarne, som stengjer Straumen, men som, fyrst ein røyver dei, losnar med ein Smell, so Glasi singlar og heiltupp syng ein Gravsong yver det arme Ofret sitt.

 

Kjell Kilen og eit Par andre hadde lengje grunat og leitat etter Botevon for dette og vart tilslutt einige um aa prøva med eit Avhaldssamlag. Møte vart tillyst. Kjell skulde tala. ”Mange lo og hadde noko løglegt aa segja um det. Sladrekjeringarne hadde det sers annvint”.

 

Dagen, daa Møtet skulde vera, sat Bjørgulf Torslid, Helge Lunde og ein liten Raudhaaring paa Stasjonen med fylte Glas framfor seg.

 

Høyr du Sigrid, Dotter mi, Per i Lid vil til deg fri! – Sigrid!” ropad Sigrid. Ei blømande Gjente med laust Haar og kvite Skjurteermar kom inn. Ho hadde fagre Andlitsdrag, men Augo kunne ikkje festa seg regtigt opet paa ein. Og so hadde ho dette trøytte, syvjuge yver Andlitet, som jamt er ei Fylgje av Nattevaking og av stadig aa ferdast millom Drikkarar og vandsame Ferdamenn.

 

Me maa faa meir Øl, Sigrid”. – ”Jaso”, der kom eit hædande Glimt i Augo hennar – ”vil De ikkje til eit Umskifte burt til Berge og høyra Avhaldstala hans Kjell?”

 

Avhaldstala? – Tek han til med slikt au”, ropad Bjørgulf. ”Ja det kunne vera likt den Surosten. Jaumen vore det Løgje! Skal me?” – ”Eg tykkjer eg sit so godt her eg”, sagde Raudhaaringen, ”eg er rædd, eg kunne faa Urgje av Tala hans”. Det vart daa so, dei gjekk alle saman.

 

Stova vart full av Folk, baade unge og gamle. Faa, kanskje ingen, kom der med Tanken um aa melda seg inn. Men det var noko nytt dette, som drog. Desutan var det ikkje fritt for anna, sume trudde Talaren so kleint, at dei kunne faa Gaman i han etterpaa. Men Talaren greidde seg godt, mykje betre, enn Folk hadde ventat av ein slik Unggut. Var ikkje Fyredraget alstøtt so avslipat i Formi, so lyste der istaden igjenom det heile ein slik Kjærleik til Folk og Land og Heimbygd, at mange, anten dei vilde hell inkje, vart rørde.

 

12 skreiv seg inn, og Samlaget vart skipat.

 

Raudhaaringen drog ein lang Geisp, daa dei kom ut. ”Au – jaumen gjekk det, som eg tenkte, det var til aa faa Urgje av. Burt paa Stasjonen, lat oss faa reinska Halsen med eit Glas Øl, Gutar!”

 

Nei, men er det ikkje stakkarslegt likevæl”, sagde Bjørgulf, ”at Folk vil setja eit slikt Muleband paa seg, dei maa kjenna seg veike. Dei maa tenkja som so: - slepper eg fyrst einDram innom Kjeften, so sluttar eg ikkje, fyrr eg ligg i Vegveita. Sælingar, som maa setja paa seg baade Helle og Grime for aa kjenna seg trygge mot aa drikka seg full. Brennevin til Maate gjer godt, og me hev daa væl fenget Vit og Forstand, for at me skal bruka det”.

 

Ja, men du maa daa medgjeva, at inkje alle brukar Vitet sitt i den Vegen”, sagde Helge. ”Ja nytt Far! skal me difor gjeva oss ei slik Umyndugskaps-attest? Skal me difor gjera oss til Trælar? – Tri Flaskur Øl, Sigrid! me treng aa skylja ned den vonde Smaken me fekk paa Møtet”.

 

Dei tri Flaskur hjelpte ikkje det Slag. Der maatte fleire til. Stemningi steig for kvart Glas, og dei fann sterkare og endaa meir knusande Grunnar mot Avhaldssaki.

 

Bjørgulf hadde lenge setet og grunat med Haand under Kinn og av og til ritat nokre Kraaketæer paa ein Papirlapp.

 

So reis han snøgt upp, treiv eit Glas og slo tri dugelege Slag mot ei Flaske med det. – Ja, det var naturlegvis ikkje hans Skuld, at Glasi der var so tunne, men Glaset klovnad med tridje Slaget, det er vist. -

 

Hei!” roapd Raudhaaringen, ” no hev Bjørgulf sadlat ut Vengje-Hesten sin, og no maa me vera budde paa aa taka imot ein dugeleg poetisk Haglskur. Gjev fyr!”

 

Og Bjørgulf skraalad upp med øltungt Mæle:

 

Hr. Kjell han kjem seg køyrande or Gar,

- og det fulla inkje for Læte –

tolv brandutte Kollar for Skaaki var,

- men Kjell sit høgt i sitt Sæte.

 

Ein Mykaslede han køyrde i,

- og det fulla inkje for Læte –

og deruppi hadde han Halmsekkjer tri. –

Sjaa der hev du Kjell sitt Sæte! -

 

Or Vegjen alt, som er stygt og raatt!”

-so ropar Kjell fraa sitt Sæte, -

gjev Rom for det, som er vænt og godt:

det er fulla inkje for Læte!”

 

Kvar rusande Drykk av alle Slag,

- og det fulla inkje for Læte, -

skal lysast av Landet fraa denne Dag!”

-Det segjer Kjell fraa sitt Sæte.

 

All Drykk skal bli knekt med einaste Slag,

- og det fulla inkje for Læte. -

Her finst aldri Dropen eit Aar fraa i Dag!”

- Men daa stupad Kjell ned av Sæte.

 

 

Motteket med stor fagnad av det ”kritiske Publikum”, og meir Øl maatte hentast, so dei kunne drikka Diktarens Skaal, for danat og fint skulde det ganga til. Daa dei hadde klinkat og drukket paa Diktarens ”Velgaaende”, slo Bjørgulf paa ny til Ljod:

 

Mine Damur og Herrar! – nei ikkje Damur – ik – ikkje – Damur. Kva vert – Sigrid av? – Ja mine Herr – Herrar! Eg er kanskje noko av ein Diktar, ja. Ja eg kjenn – kjenner, at – at – at det er mitt Kall her i Verden. Men det er noko, som heit – heitere – e-e – Inspir- e-e-kjon, - nei – Inspir – Inspirasjon ja – Inspirasjon. Hev Kjell Kilen Ins-spi-ra-sjon? Ja, De skynar væl? – tvy!” – Han spyttad ein Filigransknapp paa Hoka si. – ”Nei skaal paa det aa – aa kunne drikka, men dr-ik – drikka med Vit, - skaal! – dr- drikk. – Og kven kann forbjoda meg aa bruka mine eigne Pengar? kva? Kjell kann prøva paa aa forbjoda meg det! Eg hev Pengar sjølv og Sjaa her! Eg hev Pengar til – ik – til ei Flaske Øl til og!” Han sprett upp, triv Pengeboki or Lumma, gjev seg ikkje Tid til aa løysa Kautsjuk-Bandet av, berre slit det av og kastar nokre Setlar paa Bordet. – ”Kann nokon meinka meg aa bruka desse, som eg vil! Den skal Du hava, Helge”, - han kastar ein Setel burtyver, - ”eg hev Pengar nok eg, ser Du! Avhaldsmann vil ikkje eg verta – nei – om – om eg vil ! Eg – eg hev – formykje Pengar til – til det – ser Du! Men kvar vert – Du – Du av daa?” - Han fær Augo paa dei. Raudhaaringen paa gruve yver eit Vedfang og Husleiga hadde han alt betalat. Helge søv som ein Stein uppi Sengi, - ”Nei, nei, hev De vortet so fulle daa. Maaten – Gutar, passe – Maaten. Eg vil heimatter eg – eg – vil - - - -

 

Det var ikkje fritt anna, dei hadde ”Homlur” i Skallen, daa dei vaknad. Eit Bil visste dei ikkje, kvarhelst dei var, men seinst slær Raudhaaringen upp ein laatt etter aa hava glost eit Bil paa Bjørgulf: ”Korleis stend det til Hr. Maatehaldsmann? Ha, ha; jaumen var det Gutar som passad Maaten jau”.

 

Bjørn Lofthus.



Frå Fedraheimen 20.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum