Folkehøgskulen.

 

De er ein G. D. i Fedraheimen  No. 17, som klagar paa Folkehøgskulen og meiner, at denne Skulen gjenom yverdrivne Utfall mot ”Materialismen” og gjenom eit romantisk Livssyn hev nokor Skuld i den syrgjelege Vanvyring av de kropslege Arbei, som vaar Ti li ille av. De er vist mange andre, som hev noko liknande Tankar um Folkehøgskularne, og kanskje inkje minst um Vonheim¹). Som Lærar ve denne Skulen vil eg daa svara nokre Or. G. D.  er elles i de heile venleg til sinns imot Folkehøgskularne og ynsker deim av Hjarta og Framgang, fordi um han set fram denne Anken imot deim. Han meiner de vist vel; og ei slik Paaminning av venlegt Hjarta vilde Me gjerne taka imot. Men eg kan likevel inkje rettare sjaa, en at han her gjere oss nokolite Urett.

 

G. D.  meiner, at denne yverdrivne ”ideale” Talen gjere, at Folk inkje er og til aa nøgjast me aa gaa her som Arbeiskarar og me trugje Arbei i de smaae byggja vaar fatige Heim. De endar me, at Ungdomen anten reiser til Amerika, - held so gjev seg til aa studera.

 

Til detta skal eg berre føra fram den Kjennsgjerning her fraa Skulen, at av alle Lærlingar, Me hev havt, er de, etter alt Me veit, inkje ein einaste, som hev vorte Student. Og 2 – tvo – Gutar hev gjengje inn paa Seminaren – eg trur inkje de er meir. Um Amerika-Reisingi kan eg inkje nemna Tal. Men eg trur nok, eg tore segja somykje som, at de inkje er fleire, men tvert imot færre etter Maaten, som hev faret dit av vaare Lærlingar en av annan Ungdom her i Lande. De veit Me vist, at de hev hendt at fleire, som kom hit me Amerika-tankar, hev mist Hugen, med iei var her.

 

De kunne gjerne vera nok, dette her, um Saki sjølv, um Skuldingi hans G. D. Kjennsgjerningarne talar.

 

Men eg vil segja ein Ting til likevæl, som eg trur kvar tenkjande Mann vil vera einig me meg i, naar de berre vert nemnt. Eg neitar slett inkje, at usunne ideale Talemaatar kan gjera noko til aa gjeva Folk Ulyst til Arbei. Men den store  Grunnen, de vil alle sjaa, er denne forfælande Vokster i Luksus og Vællivna millom vaare Bønder, som Me hev set so fullt av i vaare Dagar; og den er eldre, mykje eldre en Folkehøgskularne. Den  er inkje komen fraa Folkehøgskularne; de trur eg ingen vil segja. Tvert imot, - desse Ting hev Folkehøgskularne gjort de til ei av sine vigtugaste Uppgaavor aa arbeia imot. Kan G. D.nemna nokon annan Skule for Ungdomen, som hev sett seg noko liknande Maal? Eg tenkjer de er mest som ein fast Regel, at te meir Skule dei hev vore paa, te meir treng dei til Utkoma og te maklegare vil dei liva. Og her er nok rette Grunnen, - de synest eg er til aa taka paa me Hender, - til de store Misnøgje me ein Arbeismanns Kaar. De er dei endelaust veksande ”Krav til Live”, til Finleik og til Njoting, og kanske endaa allermest til Vyrna og til Æra, - de er desse veksande Krav, som meir en nokon annan driv Flokkar etter Flokkar yver til Amerika elder inn i Studeringar. De er ”umogelegt” i vaare Dagar aa sleppa ut me dei Inntekter, som eit Arbeidsliv kan giva. Fyrr i Tii kunde dei liva fint av Helvti og Trijedelen; no er de umogelegt. Kvifyre de? Fordi Skikken krev so mykje; - og alti krev han meir; - og kvar og ein skjemmest for aa staa tilbaka²).

 

Ja her hev du de. Her er den rette Grunnen. Mot denne trur eg vist alle dei andre Grunnarne er helder smaae. Og denne kan eg inkje sjaa nokon hev tekje seg so aalvorleg fyre aa motarbeia, som just Folkehøgskularne.

 

G. D. vil vist gjerne, at Bondeungdomen fær eit høgre, meire ”idealt” Syn. Eg kan inkje tru anna de er Meiningi hans. Daa skulde han au hava tenkt paa ein Ting.

 

De er inkje so fælt vanskelegt aa læra Folk Arbeid og praktisk Dugleik – og so inkje bry seg de Slag um eit edlare Livssyn.

 

De gjeng an au aa vekkja aandeleg Sans og aandeleg Utvikling hjaa deim – og so føra deim langt burt fraa de ”simple” Arbeie me de same.

 

Men baae Delar: aa finna og vekkja eit slikt aandelegt Liv, som kan semjast væl me de jamne daglege Slit i Andlets Sveite, - de er inkje lett. Kanske G. D. hev inkje tenkt de retteleg til Botnar.

 

De er dette, som hev vore vaart heile Livs Arbei aa finna. Just dette.

 

De er rame Aalvore.

 

Kan nokon syna oss ein be’re Veg til dette Maal, en den Me  hev tykst sjaa, - so er de bra. Men den som de skal kunna, trur eg nok maa hava undersøkt Tingen inkje so lite be’re, en G. D. viser seg aa hava gjort.

 

Ingvar Bøhn.

 

 

¹) Ingjald Kjennerud slær paa den same Tanken i Talen sin. (”Fedrah.” No. 18).

²) I Amerika kan dei nok slita, ja paa Live laust, sjølv ein Garmannsgut; for, der er de Skikken. Men her vilde de vera ei Skam so stor.

 



Frå Fedraheimen 20.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum