Hr. Bladstyrar!

 

I Fedraheimen No. 17 hev Hr. Ingvar Bøhn skrivet noko etter eit Fyredrag av Hr. Matias Skard. Hr. Skard hev sagt millom anna, at Vestlandsposten tek seg varmt og livande av Maalsaki. Eg ser, at De, Hr. Bladstyrar, er ikkje fullt einig med han i den Domen. Men likevæl lyt eg beda um Lov til aa faa fortelja litevetta. For eg meiner, at sodane Skronur som den, Hr. Matias Skard hev fortalt um Vestlandspostens Maalvenskap, kann gjera mykje Ugagn.

 

Sanningi er, at Styraren av Vestlandsp. fortalde i 1885, at han hadde fenget Skrubb fraa fleire Leider, fordi han attimillom tok inn Stykkje paa ”Maalet”. Difor vilde han, soleis som Verdens Gang gjer, seinare som oftast neita aa taka inn sodane Stykkjer.

 

No Nyaarsbilet skulde Maalmannen, Hr. Jens Tvedt, byrja skriva ei Soga i Vestlandspostens Tillæg. Men han laut skriva – dansk. Vilde han ikkje gjera det, so kunne han ikkje faa Soga inn.

 

Vestlandsposten er meir Matstrævar enn Maalstrævar.

 

Naa, 11/3 1886.

 

I. E. Maakestad.

 



Frå Fedraheimen 20.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum