Klungblomen og Grefte.

 

(Av John Lie).

 

Ein Klungblom musade til ei Greft:

Segj meg kvat vert det av

Dei Gaavur, Mannen Frenden din

I Hundratals Aar deg gav?

I svarte Molle

Det spirar og sprett um Vaaren.

 

Og Grefte spurde attende:

Kvat vert dei Taarir som draup

Kvareinsste Kvell og Morgo

ned i dit bleikraude Staup?

 

Svara daa Klungerblomen:

Dei Taarir meg draup ned’ aa

Vert Ange og Honing søte

Som gledar Store og Smaa.

 

Svara daa svarte Grefte sosso:

Ja, fager er Blomen din,

For kvar ei Gaave eg fær eg leider

Ein Engjil i Himlen inn.

I svarte Molle

Det spirar og sprett um Vaaren.

 

(Fritt etter Victor Hugo).



Frå Fedraheimen 20.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum