Med eg var liti.

 

Det var ein Toreversdag, eg gjætte eismall langt att paa Aaslandsmyranne. Det saag nokso vænt og klaart ut um Morgoen, daa eg skulde sleppa Kreture, og Anne Syster mi fylgde paa Dansarbakken.

 

Eg gjekk syngjande og lokkande fyre Kreture mine. Neste meg gjekk Reinfok, ho vidle stødt vera den, som laut styra, for ho bar den beste Bjølla. Sidan ruslad dei etter einannan, Sauerne dilta ettast. So kom me strakst til Beite. Men ettersom Dagen leid, so vart her so brævarmt, og Kreture for til rangse, og seist gaadde eg ikkje at, for dei tok til med Rova i Veire, og so bar det laust aa skine. Det hjelpte ikkje kva eg lokkad og kallad, seist skina dei uti ei Morekjønn, so eg Tid um onnor tenkte dei sokk. Men daa som eg peisa og ville faa dei utor, og uppi Lidi att, so vart her yveskya, og Kyrne fekk seg utor Morepytten og tok til aa eta. Eg gav dei daa Salt, og so sette eg meg au til aa eta av Nista mi. Men ettersom det meir leid yver Middag, so myrkna det so fælande, at eg vart undri. So med eit vart alt so kurende stilt, Fuglarne tagde, Trei bøygde Greino si liksom til Bøn. Kreture krudde seg au innaat meg i ein Krull, det var liksom dei forstod, at noko andorskeleg var paafærde. Eg miste Mathugjen, for det saag so forunderleg ut, eg saag det vart Toresveir, og daa var eg jamt so rædd, ikkje var eg store Gjenta hell, men den Dag i Dag er eg rædd i sodant Veir. So tok det til braa hell lyne, aa eg kjende Regndropar, myrkare og myrkare tottest det aa verta. Ein Timmerhoggar, som var noko høgare uppi Lidi, kom ruslande med Øksi løynde under Flangen sin, han torde ikkje hogga lengre, sa’ han, for det braadde so fælt. Eg stod, tuttra og gret mitt inni Kreturflokken, so eg sansa aldri paa, at han jaga paa Kyrne og bad meg ganga fyre.

 

Men me stod som klumsad, Kreturi ville ikkje fraa meg, meir og meir tok Uveire til, og Tora slo, so det tottest klovne i Nutarne. Olav Timmerhoggar let um, at eg skulle vera med heim, men eg kunne ikkje faa meg fram, eg svara vist aldri hell. Men han hadde ikkje komi langt, for eg tottest sansa, at han hadde tala til meg um aa gaa heim, for dei venta paa det heime, at eg kom heim med han i sodant usædvanleg Veir. Aa korleis det var, so tottest eg ikkje faa ropa hell huve etter han, so eg tottest vera endaa meir eismal no, og eg bad so godt eg kunne, at ikkje nokon Ulukke turvte raama korkje meg hell Kreturi. Aa sodant Regn! det rann strie Bekkjen etter harde Bakkarne, berre paa ein Times Tid. Eg kom meg daa so iveg, at eg tusla burt under nokre store Graner, det tar av noko for Regnet, Kreturi kom au etter Der sat eg daa og kurde, rædd og frosi var eg. men ikkje tenkte eg paa Heimvegen hell. Men med eit vart eg skræmd upp av ei jammerleg Blækting av ein Sau. Aa Herregud! skreik eg, no hev visst Torebøygjen raama han, og upp foor eg som i Ørska, fann Sauene under ei Buskegran. Det var endaa svarte Spire, som eg helt so av. Men so hjarteglad som eg var no, daa eg saag korleis det stod til. Det var ikkje Tora, som hadde gjort noko vondt, men han var lambsjuk stakkar, og difor skreik han. Daa eg kom, stod han og slikkad paa ein spettutte Veirunge. Eg gav ikkje Gaum etter anna hell Spria og Baane hennar, korleis skulde eg vel fara aat og faa henne heim. Eg tottest hava gløymt Uvere au no, sidan eg var Nærkona. Men so høyrde eg Far huva, og daa eg vart og so hjarteglad, men eg kunne ikkje svara, eg tenkte berre korleis eg skulde faa heim Spira med Lambe hennar. Eg tok daa eit av Plaggi mine og ville neppe det ikring detta vesle Lambe og bera det inni Kaapa mi, men Spira tok til aa blækte, so at eg maatte setja det ned att. Kor er du Baan! ropad Far, kvifor kom du ikkje heim med Olav, det er ikkje Ver til aa vera ute i dette. Sjaa no og kalla paa Kyrne, so skal eg sanka dei etter deg. Anne møter au hera heimpaa Rodi. Ja men Spira og Baane hennar daa Far, korleis skal me fara aat med dei? Aa du lyt bera Lambe, so gjeng nok Spira etter, og det gjorde ho, naar eg av og til synte ho Lambe sitt. Daa me kom paa Veg, var me ikkje lenge um aa koma heim. Var eg glad, so var Kreturi likso glade, og Mor kom med varm Drykk til alle Kyrne, og Spira med Lambe sitt fokk det baade varmt og godt. Daa me daa hadde fenget skift Klæde og sat ikring Aaren heile Huslyden, kom det noko tuslande inni Gangen, og Mor glytte paa Døri og spurde kven det var. Aa det er somen eg det, svara det, og me kjende Maalet paa Asbjørn Øysteinson. Men du kann tru eg vart glad, det var ein som kunne mange Sogur. Asbjørn var ein stor Mann for meg han.

 

- bjørg.



Frå Fedraheimen 20.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum