Minningar fraa Vonheim.

 

Telegrafstolpar, Skigardstaurar, Granbuskar og alt som var, flaug forbi, so det berre susad etter, der me foor utyver millom smaae, laage, svarte Skogkollar, blanke Vatn og yver flate dyrka Marker, til me stansad litevetta ved ein stor skikkeleg Bygnad tett attmed Lina med heile Framsida klint med raude, blaae og gule Plakatar og Kunngjeringar av alle Slag med forgylde Bokstavar. Naar so sume var gaatt av og andre komne paa, rullad Træne iveg att paa ny.

 

Eg hadde setet paa same Sessen like sidan Middag og faatt rist meg i 3dje Klasse, so eg var trøytt av alt ikring meg. Eg brydde meg korkje um dei gule og grøne Skjelt held dei svarte Huvor med blanke Knappar og Sylvgjord ikring, som so ofte kom stikkande inn i Vogndøri, held alle dei Vadsekkjer og Taskor, som vart hivde ut og inn; men eg hallad meg attende trygt og makelegt som i ein Halvlur og tenkte paa, korleis det kann skifte i denne Verdi. – For nokre faae Vikur sidan sat eg glad som eit Barn millom ein Flokk gode og snilde Vener paa Vonheim; no sat eg som ein burtkastad Vott eine og framand.

 

Soleis gled eg reint inn i eit Drøymeland. Eg livde uppatt dei tri Maanar paa Vonheim, og eg kjende, at den Tidi alltid vilde staa som eit ljost, fagert Minne – ja meir held eit Minne – kor langt eg køyrde paa Jarnvegen.

 

Ikkje aa snakka um alle dei Timar me sat inne i Storstova og tydde Bibelsoga, Skulesoga og Heimsoga, men alle dei Timar utanum au steig upp friske, som daa dei hende.

 

Eg tykte aa sjaa den store, unge Hopen, naar me sat i ein Krinsel uppaa den vesle forunderlege Granhaugen tett attmed Skulestova, og Liv og Gleda skein utor kvart Anlit. – Ja, den vesle Haugen det var ein forunderleg Stad, det kanskje. Klædd med vakre, rake Grantre, midt uppaa ein 7-8 Alner høg Minnestein for Maalmannen Per Bø, og ei stor høg Flaggstong, som ofte vippad eit reint, norsk Flagg yver Topparne. Rundt ikring smatt Gangar og Stigar under Greinom, og her og der eit lite Steinbord med Sessar ikring. Djupt, djupt nede paa eine Sida fossad ein liten Bekk utyver, paa andre Sida av Djuvet burti Bakken laag Bjørnsons ”Aulestad” og Janssons aude og tome ”Solbakke”, og rundt ikring hadde ein Utsyn yver den fagre Bygdi. – Og deruppaa sat me mangein ljos Sumarkveld og song umkapp med Smaafuglarne, som fauk fraa Grein til Grein uppvyer oss, og Bekken, som song nedunder.

 

Og so naar me leikad og log og sprang utpaa Gardsromet, so Jordi og Smaastein fauk. Det var væl Moro. Og endaa det var berre vaksne Folk, kunne det vera so barnsleg ein Leik. Det var nett, som naar me som smaae Born var isaman og leikad Joleleik heime. Og det, at ein kann vera barn ved Sida av det aalvorlege, meiner eg, høyrer til for aa vera noko meir og større i Livet.

 

So kunne me sitja inne i Stova um Kveldarne i Skumringi og fortelja Sogur og Eventyr um Hulder og Nissar og all Slags usynleg Trollskap, so eg paa Slutten laut krjupa midt inn i Flokken og draga Føterne upp paa Benken til meg liksom i gamle Dagar, naar Gammel-Torgeir sat paa Stabben og fortalde for meg.

 

Og heile Tidi var der i all Ting slikt Samliv millom den Syskinflokken, som gjorde, at eg kjende meg so innerleg heime der, for eg var ikkje vant med aa liva soleis med Lærarar og Kameratar.

 

So var no framfor alt ikkje den Stundi til aa gløyma, daa heile Hopen ein Solskinsdag stod uppaa Fjellet og stirde ned paa Ofrestad beint framfor oss i Dalen, der Olav Trygvason som Smaagut heldt seg gøymd ei Tid med sin Fars Mor Gunhild Kongsmor, og me song:

 

Breide Sigl yver Nordsjø glid”, til hans Ære og Minne, so det ljomad utyver Aasen, og so baketter skreik eit dundrande ”Hurra” for gamle Norge. Det var slik ei Stund, at eg lyftest mange Alner upp i Veret. Det var so forunderleg ei Kjensle, som......... Pytt, pytt san! I det same skreik Damppipa, me rullad inn i Hovudstaden, og alt var forbi.

 

Farvæl, farvæl du væne Draum;

du alt for væne Draum”.

 

murrad eg og steig ut paa Gata i denne evige Vrimmel og Stimmel og Ramling og During, der ein ikkje fær hava ein einaste god, blid Tanke for seg sjølv.

 

Kristian G. Prestgard.



Frå Fedraheimen 20.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum