Svein Skyttar. [Forteljing til Utklypp]

 

(Del 5 av 9. Fyrste delen.)


-64-

 

Men verre hev eg inkje slitet nokon Gong, enn daa eg skulde ta Reinen i Rondarne. Det var eit Guds Under, at eg bergad Livet den Gongen. Notti, fyrr eg drog i Vegen, laag eg i S......... Der trefte eg han Ivar Kampen. Han hadde voret nord i Surendalen og skotet tvo Skabjørnar, og var paa Heimvegen att. Daa han fekk sjaa meg, skynad han kvar eg vilde, Fulingen. ”Hadde eg havt Mat, so skulde eg ha set burti Rondarne, um det hadde voret nokon Rein aa finna”, sa han. – ”Det vert likast, me slær Fylgje daa. Eg er matlaus eg au”, svarad eg. Men det vart ingi Uppraadd for Mat. Det var ein utum seg Kar, denne stygge Ivar’n. Eg laag inkje lenge den Morgonen eg hell; men daa eg var uppe, hadde han Ivar alt fenget i fire Leivar Flatbraud og eit stort Smørstykkje. Og med det var det ingi Sak aa greida seg eit Par Dagar til Fjells.

 

Veret var so fint som det kunne vera um Morgonen, og det var inkje langt paa Dag fyrr me var i Vegen. Ivar bar Braudleivarne og eg Smørstykkjet. – Maten skulde me ha isaman. – Me hadde inkje gjenget lenge, daa me fekk sjaa ferske Vaaningar etter nokre Reinsdyr. – ”Me kann gaa attende att med Maten”, sa’n Ivar. Hundarne vart hissuge. Me tok til aa ganga, so me kunne inkje ha gjenget fortare, um Styggen sjølv hadde voret etter oss. Ivar var yver femti og eg kar inkje fullt treti; men eg hadde nok med aa fylgja han, endaa eg hev inkje voret nokon Stakkar til aa bruka Føterne. Ja det var eit hardbala Kretur denne Ivar’n. Seigare Skinn trur eg inkje fanst millom Kristiania og Lofoten. Men han sae det, at Maken min hadde’n aldri voret i Fylgje med.

 

Daa Klokka var som tolv, kom me aat ein bratt Aas. Der sette me oss og tok ein Matbit. Daa me skulde i Vegen att, vart det so det skulde ein av oss paa kvar Sida av Aasen og møtast burtan paa’n. Ja eg tok til aa ganga paa harde Livet, for eg tenkte: eg skal freista aa koma fram likso tidlegt eg som du. Men eg fekk straks sjaa, at Aasen ikkje var slik laga, som me tenkte oss. Ein slapp koma fram kvar ein vilde, og di meir eg gjekk, di lenger burt kom eg fraa der, eg skulde. Ut paa Eftasida tok det

 

 

-61-

 

Tid. Han vilde Storkaren helst ha med; men han trudde, det var faafengt; for han hadde høyrt gjetet all den skamlause Kjeften dette ”Rakkerpakket” hadde fenge, so han var rædd, han skulde faa av same Medfaring sjølv, um han gjekk til honom.

 

Det vart daa likevæl so, at han skulde freista. Han talad med Folk, som kjende godt til Svein, og vart lærd, korleis han paa beste Maaten skulde ta’ det med honom. Daa han kom inn i Stoga, sat Svein i ei kolsvart, fillutte Skjorte og bøtte Broki si. Storkaren vart so ille ute for Flir, so han visste inkje si arme Raad. Han stod lite, som han inkje var Kar til aa segja eit Ord. Endeleg fekk han fram: ”God Dag”. Svein snudde paa Hovudet, glaamde stygt paa han og spurte: ”Kor er den Kar’n ifraa?” – ”Fraa Kristiania”, svarad han. – ”Kva heiter du daa?” – ”Krog”. – ”Krog, _er det Folkenamn det au daa?” – ”Ja, dei kallar no meg so”. – ”Det var eit snodig Namn. Du ser inkje ut til aa vera krokutt hell. Er du døpt Krog?” – ”Nei, eg er døpt Olaus Simon”, - ”Jøs, tvo Namn au lel. Det skal vera gildt det daa er væl Meiningi. Eg hev berre eit, og; men eg bergar meg godt med det, og det tenkjer eg, du hev gjort og. Kva heiter Far din daa. Han hev væl eitpar Namn med au?” – ”Ja, han heitte Wilhelm August”. – Aa for eit Spetakel. Heile Namnet ditt vert altso Olaus Simon Wilhelmson Augustson Krog”. – ”Ja, det gjer nok so”. – ”Bevare meg for ei Lekse med Namn au lell aat eit Menneskje. Aa er du for Slags Kar daa. Er du Haandverkar kanskje?” – ”Nei, eg er inkje det. Eg er Professor”. – ”Aa – jaso. Du er av dei, som lærar upp Folk til Prestar og Provstar og Skrivarar og alle slike Storkarar.” – ”Ja-a”. – ”Eg kann vona det. Det foor ein slik ein burt i Fjellom her og skaut seg Sætrarne millom med ei diger Taterbikkje for eit Par Aar sidan. Eg høyrde gjetet, at han skudle vera god til aa læra upp Folk til Futar, Prokuratorar og Skrivarar, men han gjorde inkje anna enn aa skræma burt nokre Reinsdyrhopar. Det hev voret likare, han hadde gjenget burt paa Haugen ei Vike og lært upp han Harald til Skrivar. Daa kunne det ha voret braatt gjort aa snerta seg

 

 

-62-

 

aat Skrivarom her i Dalen au daa, naar me skulde ha noko greidt; for slikt Skrivaremne finst inkje i heile Kristian. Det skal eg vaaga for. Kvar skal du av?” – ”Eg vil til fjells eit fjortan Dagars Tid for Helsa si Skuld. Er det du, som heiter Svein Haugen?” – ”Jau, er det so. Han sit nok her, um du vil han noko”. – ”Eg vil høyra aat, um eg kann faa deg til aa stella paa Klokka mi lite.” - ”Kjem du fraa Kristian og hev Klokka di i Ustand. Er det inkje baade mange og gode Urmakarar der daa?” – ”Aa det er nok mange, som kallast Urmakarar, men dei er Juksmakarar alle saman, so vidt eg kjenner dei. Eg vil inkje ha med dei aa gjera for ein Halvskiling meir, og inkje skulde nokon annan ha det helder.” – ”Det er berre noko Fanteri alt dette Bykararne gjer. Dei er fine og briliante aa sjaa paa; men naar dei skal gjera eit Kars Arbeid, so vert dei Smaagutar alle i hop. Det einaste, eg likar av dette Bykarsarbeidet, er Almanakka, men det er noko Fjusk i den au – denne Verspaadomen. Han vil eg inkje gjeva fire Skiling for”. Svein hadde paa seg Broki og sa’: ”Du fær ta hit Klokka di, so eg fær sjaa, kva det er som vantar ho; er det mykje, so fær eg inkje Tid til aa gjera det no; for eg skal tilfjells med det fyrste.” Svein fekk sjaa ho og fann, at det inkje var snøggt gjort aa faa ho i stand og at Arbeidet vilde verta kostandes minst tvo Dalar. Professoren totte, at tvo Dalar var det minste Svein kunne ha for aa setja ho istand; men han syntest, det var galet aa hefta han burt i det fine Veret, naar han hadde tenkt seg tilfjells. Svein fann fram ein stygg Krakk, som stod paa tri og ein halv Fot og sae: ”sjaa aat du fær sitja, Framandkar”. Professoren takkad og sette seg. Daa han hadde setet ei liti Rid tok han upp ei Flaske av Trøyelumma si og slog i halv ein diger Kaffekopp med Brennevin og bad Svein: ”vær’s-god, ein liten Dram”. Svein sette Kroppen paa Tranten og vende Botten i Veret med ein Gong. ”Tusen Takk for Skjenken”, sa han, daa han sette fraa seg att Koppen. ”Dette var sanneleg gode Saker. Hadde eg havt ein slik Dram igaar Efta, so skulde eg ha gjevet ei heil Mark for’n. Eg fekk so braatt vondt i Magen, daa eg hadde dugurdat, so eg trudde,

 

 

-63-

 

eg hadde sett Livet til. Denne Lurva, ho Vesle-Lars-Marie, hadde teket Rugmjøl i Staden for Byggmjøl og kokt Grauten av. Det var det, som gjorde det. Eg var svolten, so eg aat væl mykje. Og det er fule Greidur det”.

 

Professoren tok til aa bera seg ille for, at han var ukunnug i Fjellet, og undrast, kor han skulde av for aa faa med seg ein kjend Fjellmann. Svein visste ingen no daa Ivar Kampen var burte. Og so meinte han, det var inkje naudturvelegt aa ha med seg nokon burt i slette Fjellet. ”Eg kann gjeva deg ei Raad, so du greider deg likso godt aaleine, um du vil”, sa han. Ja, den vilde Professoren faa veta. Svein kom med Raadi: ”Du skal inkje gaa lenger fram, enn du finn Vegen attende”. – ”Ja, den Raadi var inkje daarleg; men det veste er aa passa Maaten for den, som vil sjaa mykje”, sa Professoren. – ”Ja, ja, det er væl so det; men høyr paa meg. Eg er inkje ferdug enno”, byrjad Svein att. ”Um so galet skulde gaa for ein Gongs Skuld, so er du væl inkje meir faafeng, naar du skal vera Professor, enn du finn fram att paa ei Gjerd. Naar Veret er klaart, er det ingen Faare. Daa hev du Fjelli til Merkje. Dei byter inkje Rom, det kann du forlata deg paa. Og naar det er tjukt, fær du ganga, til du finn ein Veg, og daa fær du ganga Vegen, til du finn Folk”. – ”Du hev mange Raader du, høyrer eg. Eg skynar, du hev voret ute ein Dag fyrr”, sa Professoren og slog i ein Dram til aat Svein. – ”Takk, ta inkje burt meir av dette Slaget no. Det kann vera godt aa ha ein Dram sidan for deg, som skal upp i Høgdi”, sa Svein og tok upp ein Pipstubb av Vestelumma. – ”Vær’s-god, drikk ut Drammen. Eg hev nok inkje nistat meg ut daarlegare, enn eg skal ha lite til ein annan Dag au”, svarad Professoren. – ”Ja, det vert aldri formykje av det gode”, sa Svein, tok Drammen som den fyrre og takkad for god Skjenk. ”Ja, eg hev voret ute ein Dag fyrr eg”, tok han til att, med di han byrjad gnugga sund ein Tobakstubb i Pipa si. ”Det er væl ingen i Alderen min, som hev faret so mangein Dag i Skog og paa Fjell som eg. Og det er væl inkje mange, som kjem til aa gjera det hell, um dei vert so gamle som Metusalem.

 

(Meir.)



Frå Fedraheimen 20.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum