Tidender.

 

Kristiania, den 19de Mars.

 

Røysterettsframleggi. Konstitusjonskomiteen hadde innstelt paa Forkastning av alle Røysterettsforslagi, daa dei meinte, at ein fekk halda seg etter Grunnloven, som krev, at ein skal hava ”Erfaring” for, at det gamle er uhøvelegt, fyr rein legg iveg med noko nytt, og det var for tidlegt endaa til aa hava den, meinte dei.

 

Daa Saki kom til Stortinget, upplyste Præsidenten, at det var fleire, som ynskte aa faa Saki utsett. Schweigaard og fleire Høgremenner kunne ikkje skyna, kva Grunnar ei slik Utsetjing skudle hava for seg, naar Komiteen var samstelt um Forkasting. Men S. Nielsen og Rinde og Quam heldt paa, at naar det var nokre, som vilde hava Utsetjing, so burde ein ikkje negta dei dette, for det var so stor ei Sak, at det var ikkje verdt aa sleppa ho fraa seg so eldende braatt helder. Bonneviegjekk ein Millomveg og vilde, at Saki skulde utsetjast berre til næste Møte, medan Præsidentens Forslag gjekk ut paa Utsetjing til so lenge, og det vart vedteket med 75 Røyster, Vinstre og Horgen og Michelet. Imot var 34, Høgre og Dieseth, H. E. Berner, Furulund, Dugstad, Kind, Jørstad, Wist og Vinje.

 

 

Dødsstraffen. Chr. Johnsen hadde sett fram Forslag, at det skulde vera Slutt med Dødsstraffen. Justitskomiteen hadde innstelt, at Stortinget ikkje skulde samstykkja dette, daa Spursmaalet no var framme berre i Utrengsmaal; daa det snart skulde verta Umvøling av heile Straffeloven, var det best aa drygja til dess, N. J. Sørensen vilde, at dei helder skulde senda Saki til Regjeringi, paa den Maaten slapp ein aa koma innpaa sjølve Spursmaalet no. Han fekk 42 Mann med seg paa dette, 39 imot, Høgre og Daae, Liljedahl, Kind, Løvland, Didrichsen, Sundby, Liestøl, Lilleholt, Fløystad, O. Nilssen, Langeland, Berentsen og Fjermstad.

 

 

Haandverkaranne klagar stundom paa Fengsli vaare, at dei let Fangarne arbeida upp so mange Ting, som vert selt so billegt, at det vert til Mein for andre Haandverkarar, som skal liva av Arbeidet sitt. Bech og Schøyen tek upp denne Klaga i Stortinget, daa dei hadde for seg um Straffehusi. Statsraad Sørenssenverjad um den Skikken, som vert brukad. Det var godt um ein kunne læra upp Fangarne i so mykje som mogelegt, for at dei kunne verta i stand til aa næra seg sjølve, naar dei slapp paa fri Fot att, og daa trudde han ikkje, at Stortinget skulde vilja, at dei ikkje skulde bjoda ut varer til Seljing. Elles freistad dei so mykje som mogelegt i Straffehusi aa arbeida upp nye Arbeidsgreiner, som ikkje andre Folk hadde teket til med endaa. Vilde ein elles vera reint fri for Tevlingi, so laut ein hava Jordbruk attved Straffehusi, men det vilde føra med seg slike Utgifter, at han no ikkje vilde innlata seg nærmare paa det.

 

Til ny Kyrkje ved Bodsfengslet vart gjevet Kr. 21,500. – 30 røystad imot.

 

 

Stortinget  hev alt søkt Kongen um aa faa vera saman utyver den vanlege Tidi, som er tvo Maanar.

 

 

Nytt Tidsskrift  No. 1 for 1886 inneheld: Vossa-stubba, av P. Sivle. Det kvindelige arbeide, af H. E. Berner. Etruskernes herkomst,  af P. O. Schjøtt. Om bakterierne II, af F. G. Gade. En Vielse. Kirken og lovmæssigheden,  af Forstmester Barth.- Om de kirkelige reformspørgsmaal, af V. Ullmann.

 

Nytt Tidsskrift vert aukad no, soleis, at det kjem ein Gong kvar Maanad i Staden for 8 Gonger um Aaret, so kjem det soleis 60 Ark um Aaret, i Staden for 40. Prisen er den same, 8 Kr. Aaret.



Frå Fedraheimen 20.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum