Bakvendt.

 

Eg var paa ein Jarnvegstur til Hovudstaden i Haust; eg sat og tenkte meg reint vond paa dette bakvende Jarnvegsstellet vaart. Me hev lite Vit, naar me betalar ut Mynt av Rikskassa til slikt Narreverk, som dette, aa køyra med tri Vognklassur etter Jarnvegen. – Kann ikkje dei nervesjuke Embættesmenner vera so grome aa setja seg i ei tridjeklasses Vogn, so kann dei gaa etter Landevegen. Det er dei reisande med dei simplaste Vognerne, som fær betala heile Greida. Ja det er morosamt tykkjer eg. – Men enn kor mykje me tapar paa ein annan Maate ved dette Ustellet og. Eg er sikker paa, at sat Dagarbeidar, Bonde, Prest, Fut, Landsdomar, Amtmann, Bisp og Høgskulelærar i same Baaten, so vilde mykje av Styggesnakket og Drikkingi koma burt. Ein vilde kjenna Presten, ein Bispen o. s. b., og dette verkar paa kvar og ein, og tilslutt vart Folk ikkje meir stuss av aa reisa ilag med Embætsmannen enn Per Husmann ilag med Ola ditto.

 

Og so hev me denne uhorvelege Matprisen, paa dei Stoppestadom, der ein fær kaupa Mat, 20 Øre Kaffikoppen. Kr. 1.50 for Mat, som ein fær for 30-40 øre paa andre Matrom. Skal tru um ikkje mange fleir vilde kaupa seg ein Kopp Kaffi, naar Prisen var rimeleg og likeins med Maten. Tru um ikkje Lummeflaskurne kom avvegen, naar Kaffi’n var billegare. Kvifor ikkje traktera ein Kamerat ein Kopp Kaffi istaden for ein Dram. Soleis stydjer Staten paa ein Maate Drikken og Raaskapen. Og dette gaar vaare frilynde Tingmenner og ser paa Aar etter Aar utan aa røra noko til aa sletta ut slikt Faamingsverk, likeeins Trafikkdirektørar og kvad ei heiter alle desse Direktørar, Aar etter Aar ser dei dei dette bakvende; men nei! ikkje nokor Bøting.

 

Dag etter Dag gjeng me og pratar um Standsskilnaden; men skal tru, um det ikkje er aa preika inn i Folk, at der maa vera Standsskilnad – dette med 1ste, 2dre og 3dje Klasse, og endaa er det Samfundet, som er Presten i dette Stykkjet. – Det stakkars fatike Norig, som er so armt paa Pengar, hev i dette Stykkjet Pungen full stoppad. – Aa ja! bakvendt skal det vera.

 

Lat oss no faa den Kongsvogni som er paa Tale, attpaa alt Skrapet, so er me Fagnafolk. Det heile rimar godt. Svolt og Naud paa kvar Kant og so ei Kongevogn til aa krona det heile. – Ja, sodan tenkte eg med meg sjølv der eg sat og aat turt Brød so det knakad, og sodan tenkjer eg framleies. Den einaste Trøsti eg fekk var den aa hugsa paa – at eg livde og ferdest i Norig, og attpaa hugsad eg Visa hans Vinje, som lyder so:

 

Det norske Folk er sjukt i Skolten.

Til Hjelp i Naud det saarleg treng.

Dei vilde kyssa Slavebolten;

Men det med den i Kjeften gjeng”.

 

 

Inntrøndelagen, 15-3-86.

 

Truls.

 

 



Frå Fedraheimen 27.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum