Ein Trillion

 

er ein Million Gonger ein Billion; klaarare kann ikkje eg faa sagt det, men det er ikkje vant aa faa so høge Tal, berre du reknar med Potensar, det vil segja, multipliserar eit Tal med seg sjølv so mange Gonger som Potensen segjer.

 

Det veit alle, kva ei Kvadratmil er; men veit De ogso, kor stor ei Kubikmil er. Eg trur det snaudt. Ei Kubikmil, ser Du, det er ein Terning, som er ei Mil høg og lang og breid, og det er ingen Smaating det, veit eg. Det er utreknat, at paa eit Rom, som er ei Kubikmil stort, kunne ein fyrst faa Plass til alt, som finst paa Jordi av Mannaverk; dernæst kunne ein stuva ned i det heile Mannaætti sjølv og endeleg alle Slag Dyr som fanst. Naar dette var gjort, so var endaa ikkje Romet meir enn halvfullt. Me kann og gjera ei onnor Samanlikning: Hadde me ei Tegslsteinsmaskina, som gjekk utan Stadning Nott og Dag, og som paa kvar Sekund lagad ein Teglstein plent so stor som ein Kubikfot, so vilde me faa 86,400 Stykkje um Dagen og 31.536,000 paa eit Aar. Ettersom det gjeng 24,000 Fot paa ei geografisk Mil, so turvtest det 567 Millionar Steinar til aa dekka ei Kvadratmil, og til aa laga so mange trenge maskina 18 Aar. Men no er ei Kubikmil 24,000 Fot høg ogso. Det skulde altso 23,000 Lag ovanpaa det fyrste, og so mange Steinar, som det skulde til det, vart ikkje ferduge, mindre Maskina arbeidde Nott og Dag, Aar etter Aar, utan Kvild, i heile 438,365 Aar. – Det var ei Kubikmil! Og av slike Terningar inneheld Jordkloten vaar 2,660 Stykkje, so han er fulla inkje so verst liten! Endaa Jordi paa langt nær ikkje kann mæla seg med Soli, so er ho no ikkje mismætande for det. Høyr no berre kor tung ho er; for det veit me so nokotnær med Vissa: Ho veg 14 Kvadrillionar Pund; det skrivast slik: 14,000,000,000,000,000,000,000,000.

 

Korso Vitenskapen hev voret so heppen aa finna ut desse makalaus svære Tali, det skal ikkje eg greida ut um her, for det vilde taka for stor Plassen; men det er visst, at Engelskmennerne Cavendish og Baily og Tyskaren Reich hev fenget so nokotnær det same Talet, endaa dei hev granskat ut Vegti kvar hjaa seg sjølve. Og det er anna til Tal, dette, enn dei som Statsistikken vaar hev aa syna fram: Folkemengdi paa Jordi 1,300 Millionar, elder den høgste Fjelltoppen 17,000 Fot – berre eiMil i Høgdi – elder dei 3,000 Fot djupe Hol, dei hev borat i Jordi – artesiske Brunnar, dei kallar. – Det er mest ingenting, alt dette!

 

(Nora).

 

 



Frå Fedraheimen 27.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum