For kvar, som ikkje betalar Bladpengar i rett Tid,

 

 

maa eg gjera eit Utlegg av 80-90 Øre Fjordungsaaret.

 

Fraa 1885 stend det endaa ute 12-1300 Kr. i Bladpengar og for 1ste Fjordungsaaret i 1886 700 Kr., tilsaman innmot 2000 Kr., so kann kvar rekna ut, kor stort eit Utlegg det vert for meg.

 

Det tykkjest ikkje vera noko urimelegt Krav, at Lesaranne av Bladet helder skulde betala kvar sitt retteleg enn aa leggja so mykje paa meg. Eg stend ikkje ut med det i Lengdi. Skal ”Fedraheimen” ganga væl, maa kvart Øre betalast greidt.

 

Ivar Mortenson.

 

Hugs paa, at Bladpengar for 1ste Fjordungsaaret maa vera innsende fyrr Mars endar, sidan gjeng dei ikkje fritt i Posten.

 

 



Frå Fedraheimen 27.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum