Sokneraad.

 

(Innsendt).

 

Korleis kann dei, som held paa Rikskyrkja, anka so saart yver, at me hev ikkje ”Menigheder, men Herreder”? Kva er minst elder mest heilagt, Riket elder Heradet?

 

Kvifor kann ikkje dei, som til dessa hev stelt med Kyrkjebygningar og med Prestegardsbygningarne, ogso stella med dei no heretter? Er det fordi Presten ikkje er sjølvskriven Formann i Heradstinget og ikkje sjølvskriven til aa velja Kyrkjeverjur?

 

Skaltru Sokneraadet vert det for Sokni, som Heradstinget er for Heradet? Vert det ikkje meir likt Skulenemndi, der ein viss Mann er sjølvskriven Formann? Elder vil det likna mest Skulenemndi, naar det var ein slik i kvar Krins, og Skulemeistaren var sjølvskriven Formann? Vilde Riksraadet stadfesta ein Lov, som gjorde Skulemeistaren til sjølvskriven Formann i Skulenemndi?

 

 

Kven skal faa Røysterett i den nyskipade Sokni? Dei, som av Sokneraadet er kjende verduge til aa stedast til Herrens Bord? Maatru det daa jamt vert spurt etter dei Kjennemerkjer, som Gudsordet krev? Tru Rikdom og Magt, Ætt og Frendskap, Venskap elder Hat aldri kjem til aa vega det Slag?

 

Elder skal ein sjølv gjera seg røysterettug med di, at ein av og til er Nattverdgjest? Vert det ikkje daa ei lagleg Tid for likesæle Folk og Skrymtarar? Og kunne det ikkje henda, at ein elder annan saag seg utestengd, som var iminsto likso ærleg ein Mann, som sume i Alterflokken, ja som sume i sjølve Sokneraadet?

 

Elder skal alle hava Røysterett, som ikkje veit med seg, at dei vikjer fraa Kyrkjelæra? Elder alle, som ikkje er under 25 Aar og ikkje er Kvennfolk? Kven av dei, som no er med, gjeng daa ifraa? Kven av dei, som no er ifraa, kjem daa med; elder kva Skil vert det millom det gamle og det nye Jerusalem?

 

 

Er det vakte Lægfolket i Fleirtal kring i Soknerne? Dersom dei ikkje er det, korleis skal dei daa faa sitt fram? Elder kannhenda det ikkje er Meiningi, at dei skal faa sitt fram? Kannhenda dei arbeider for Sokneraad lik ein Mann, som gjorde eit Ris, og daa Riset var ferdugt, vart det brukt paa han sjølv?

 

Naar ein Preikar kjem og vil faa Kyrkja, skal daa Sokneraadet møta for aa avgjera, um han skal sleppa inn elder ikkje? Vert det ikkje balesamt aa gjera milelange Reisur ein elder fleire Gonger um Maanadern? Vilde det ikkje vera maklegare ender og daa at lata den sjølvskrivne Formannen paa eigi Hand avgjera det? Og naar han hadde avgjort det ender og daa ei Tid, kunne det ikkje so verta vanleg Vis? Og naar deen Visi hadde varat eit Bil, kunne det ikkje daa vera Von um, at Folket hadde vant seg til aa tenkja, at den sølvskrivne Formannen i Sokneraadet var sjølvskriven til aa opna elder læsa Kyrkjedøri etter eiget Godtykke? Og daa, kven hadde daa vunnet?

 

Elder kannhenda det ikkje vil bera den Leid? Kannhenda Soknefolket, naar det lid av ei Tid, vil finna, at det er best hava ein Sokneraadsformann, som ikkje er sjølvskriven? Og daa – kor langt er ein daa komen?

 

 

Fer dei store Gaavur, fer dei godt Vit og eit godt Hjarta alle Prestar, naar det vert Sokneraad og Presteval? Um ikkje, lyt ikkje einkvar ogso heretter lita seg med Undermaalsmenn?

 

Lærer dagleg Røynd, lærer Gudsordet, at det er beste Mannen, som er største Augnetenaren? – Lærer dagleg Røynd, elder lærer Gudsordet, at det er laakaste Manen, som fer største Motburden? – Hev inkje mangein Mann, som det stod litet Gjetord av, kannhenda utrettat likeso mykje godt, som mangein, som det stod stort Brask av?

 

Vil alt Soknefolket hava sams Meining um, korleis ein god Prest skal vera voren? Vil alle hava ein Pietist? Vil alle hava ein Grundtvigianar? Vil alle hava ein, som ikkje er anten – anar elder –ist? Vil den ”smaa” lika ein Prest, som held seg under Augom hjaa dei ”store” i Sokni? Vil dei ”store” lika ein Prest, som ikkje gjerer nokon Skil paa ring og rik! Vil Slarvarne i Sokni lika ein Ordensmann? Vil dei ærlege i Sokni lika eit Mæhæ? Kann Vinstremenn ganga til Alters for ein Prest, som trur, at Kongen hev absolut Veto? Kann Høgremenn eta og drikka saman med ein Prest, som ikkje fordømer Riksretten? Korleis skal ein Prest fara aat for aa faa alle med og ingen mot?

 

Naar den nye Presten er komen, korleis vil daa dei, som anten er arge, fordi dei ikkje er innvalde i Sokneraadet, elder hev eit Horn i Sida til ein elder fleire i Sokneraadet elder av andre Grunnar ikkje vilde, at denne Presten skulde voret vald, korleis vil dei taka mot honom? Er det rimelegt, at dei vil stydja honom og gjera sit til, at det kann syna Mun etter Arbeidet hans? Elder er det kannhenda likeso rimelegt, at dei freistar gjera baade Mannen og Gjerdi hans so laak som mogelegt, for at det kann verta openbert, kor galet det var, at ikkje deira Visdom fekk raada? Vil dei ikkje hipa etter aa faa honom burt, so dei kunne freista si Lukka ved næste Val? Idetheile, vert det ikkje Strid? Vil ikkje Presten strida for aa faa Bugti og baae Endar? Vil ikkje kvar Flokk i Sokni og strida for aa faa Bugt og baae Endar! Plagar Strid um aandelege Ting, naar han vert førd med verdslege Vaapen, vera svært uppbyggeleg? Plagar han føra mykje godt med seg? Er det slik Strid, det meinast, naar det i Gudsordet talast um den ”gode Strid”.

 

Og naar ei Sokn hev fenget ein Prest, som anten Sokni elder dei, som raar i Sokni, med elder utan Grunn - - vanvyrder elder hatar er det daa rimelegt, at dei i andre Sokner er viljuge til aa taka ein Mann, som er komen i Vanrygte? Kva er best, naar ein hev fenget ein Prest, som ein er misnøgd med, anten vita, at Riksstjorni snart flytjer honom til ein annan Stad, der han maahenda kann verta betre til lags, elder ljota vita, at ein seint elder aldri vert skild med honom? Elder skal det ikkje farast etter Drøsor og Sløsor, men no som fyrr etter Vitnemaal fraa Høgskulen og fraa Bisparne? Men Riksstjorni skynar sagta ikkje non og  haud  og laud? Kyrkjeriksraaden kann fulla ikkje tyda dei framande Ordi, som Bisparne kann hava brukt, utan Hjelp av eit Sokneraad?

 

Enno eit: Vilde det vera urimelegt, um Heradstingi og Fylkestingi fekk segja si Meining um Framlaget, fyrr det vert anten avsleget elder vedteket av høgre vedkomande? Vidle det ikkje iminsto vera forvitnelegt aa høyra, kva dei tykkjer um Framlaget, som er lovad den store Baten av det?

 

 

Vestlandet, Marts 1886.

 

Vestlending.

 

 



Frå Fedraheimen 27.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum