Svein Skyttar. [Forteljing til Utklypp]

 

(Del 7 av 9. Fyrste delen.)


-72-

 

 

Væl det vart so ljost at dei godt kunne sjaa aa ganga, tok dei ut. Svein var ledug paa Kjeften, og Professoren freistad so godt han kunne aa halda han ved like. Det var inkje langt imillom kvar Gong han tok upp Flaska og skjenkte honom ein Dram og spurde, um han vilde ha Tobak, Kaffe elder Mat. Svein vilde vera gild og svarad berre. ”Det hastar inkje”. Professoren totte han var ein makalaus Kar til aa bida lenge, og gildare vart Svein, som trudde, at Professoren meinte det han sa’. Han var i Godlag, so han inkje glefsad ein einaste Gong heile den Dagen. Og han dreiv paa, som han skulde ha Betaling for kvart Ord. Kjeften hans gjekk som eit Hjul i ein Maskine. Dei var komne høgt upp i Fjellet og hadde svært til Utsyn. Professoren fekk veta Namn paa alt dei saag, og meir til. Dei saag inkje eit Stelle utan Svein hadde voret der. Var det eit Fjell, so hadde han skotet ein Rein elder tvo der, elder iminste voret ikast med’n. Var det eit Fiskevatten, so hadde han voret der og teket so mykje Fisk, han var Kar um aa bera.

 

At han laug meir enn det halve av det han sa’, skynad Professoren væl; men han vilde inkje segja noko, so han kom til aa støyta han den Dag, daa Svein var i slikt Godlag. Men Dagen etter vart det forbi. Fyrst var det eit Fjell dei saag det blaanad i langt nordanfor dei andre. Daa Professoren spurde kva det var, svarad Svein: ”Det er Torghatten, eit snodig Fjell med eit digert Hol midt igjenom, som ligg langt, langt nordanfor Trondheim”. – Daa Professoren meinte, at ein inkje kunne sjaa noko, som laag nordanfor Dovre, fekk han veta, at han skudle vera Læregut og inkje Professor. ”Eg hev voret der eg; men kanskje du er betre kunnug?” meinte Svein. So um ei liti Rid fekk dei sjaa ein stygg Røyk langt vest paa. Professoren tok til aa undrast paa, kva det kunne vera for Røyk. ”Det skal eg segja deg”, meinte Svein, ”han kjem fra eit Steinkolfabrikk burt i London”. – ”Det kann inkje vera mogelegt”, meinte Professoren”. – ”Veit du det betre enn eg. Ja kanskje det er Professorbygnaden i Kristian som brenn, du?” glefsad Svein. I det same fær Professoren Augo paa tvo Reinar

 

 

-69-

 

det gjekk til au den Gongen; men det var væl so lagat, at han inkje skulde sleppa rikti fraa alle Fantestykki sine han Helge helder.

 

Han Aasulv visste av ei væn Kule paa ei Bjørk her, som han skulde ta. Der ser du endaa Stubben etter Bjørki her. Den Gong laag Vegen burtanfor Bekken. Daa han kom hit paa Bakken, fekk han sjaa i Snerten paa eit Menneskje attfyre Steinen der. Han skynad straks, at det var ein, som var folkerædd. Og han Aasulv var inkje skvetten kar. Det var Gut, som vilde sjaa for Skillingarne det. Han fann ein Paak og drog bakum Steinen, og det var kvasst. Der sat han Helge raud som ein Rev. ”Kva er det um aa gjera med deg?” spurde han Aasulv. ”Aa-aa o-o-eg hev fe-enget so vo-vo-o-ondt i Hu-u-u—vudet, so o-o-og snaudt er Ka-ar um aa rø-ø-øyve meg”, stammad han Helge. ”Eg skal freista aa røvya paa deg din gamle Storkjeltring”, meinte Aasulv, tok han i Trøyekragen og lyfte han upp med eine Haandi og gav honom ein under Øyrat, so han rullad med den andre. So tok han til aa rota under Steinen og fann fire Saudkjøtlaar og fem digre Stykkje Kukjøt i ein Sekk, som var gøymd i eit djupt Hol. ”Vart du noko likare i Hovudet, hell skal eg freista aa doktora det tilgagns; men daa kjem eg til aa bruka eit Saudkjøtlaar?” skreik Aasulv so det ljomad i Lidarne. ”Ne-e-ei kjæ-æ-re gjer meg inkje noko daa Menneskje – Vil du lova aa inkje segja noko um dette, so ska-al du faa e-eit svært Ka-a-alvskinn og eit Snjo-o-o-sokkety av den Vadmaalsveven, du saag hjaa oss i Vaa-aar”, stammad Helge mest graatandes. ”Tak Sekken paa Ryggen og fylg med aat Lensmannen, so kann du til aa akordera paa Forlik med han”, svarad Aasulv. Helge tok paa aa graata og lovad tvo Skinn og eit undervest-ty attaat Snjosokk-tyet; men det munad inkje noko. Han laut taka Kjøtsekken paa Ryggen og dansa med eit til Lensmannen. Aasulv fylgde han med Paaken heilt fram”.

 

So kom dei midt for ein Aas. ”Me fær kvila lite att. Det er inkje rette Maaten aa ta for hardt i Vegen fyrste Dagen, sa’ Svein og sette seg. ”Der er Graataraasen dei kallar. I gamle

 

 

18

 

 

-70-

 

Dagar kallad dei han Nysæteraasen”, byrjad han atter, og tok til aa karva ein Tobakstubb i Pipa si. Namnet skal han ha fenget berre avdi dei hadde høyrt han Arne, Far aat Bestefar hans Haakon, Mannen, som no er, paa Tollid, gret der fordi Mor hans hadde havt han til aa gjæta. – Attfyre ein stygg Furukragg, som stend i Utkanten av eit lite Myrhol øvst paa Aasen, stod eg, daa eg skaut fyrste Bjørnen. Sidan hev eg skotet mange”. Soleis dreiv han den Dag, sette seg, naar han kom aat eit Stelle, som hadde Namn og til aa preika og leggja ut um, korleis Namnet var komet paa, og um eit og anna, som var hendt der.

 

I Fyrstningi syntest Professoren, det var morosamt aa høyra paa han; men det var ikkje lenge, fyrr han tok til aa verta leid all den Remsingi, for han skynad, at Svein sat og laug i hop mykje av det han sae. Og so kom dei ingen Veg. Naar Svein vart sitjande lenge aa fortelja vart Professoren uroleg; han reiste seg upp, saag paa Klokka, gjekk eit Par Stig og glaamde uppetter mot Fjellet; men Svein sat like stød og fortalde til han vart ferdug med den Regla, han dreiv paa med og kunne raadt byrja med ei til.

 

 

Du maa veta meir enn andre Folk, du”, sa Professoren, daa Svein hadde fortalt um ein liten Gut, som inkje kunne lesa eit Ord; men han var betre enn nokon Skrivar til aa skriva.

 

Kanskje du meinte, det skulde vera betre nokre Toskar alle uppe i Fjelldalarne. Nei, takk sa’n. Det er nok Folk som veit noko paa andre Stelle enn i Byen au, um dei inkje hev gjenget paa Professorskulen”, svarad Svein byrg.

 

Kor langt er det til Grytebekken no?” spurde Professoren um ei liti Rid.

 

Paa lag tri Fjordung”, svarad Svein.

 

Me kjem væl dit til Kvelds daa”, sa’ Professoren.

 

Hastar det med deg?” glefsad Svein, som nok skynad, at Professoren tykte det gjekk for smaatt.

 

 

-71-

 

 

Nei, nei; men det er væl inkje noko nærare Losji aa faa”, sa’ Professoren fint.

 

Det skal eg ha Umsut for. _ _ _Den, som skal spara paa Helsa, fær væl inkje fljuga som ein Tyrk”, meinte Svein, sputtad ei diger Skraa, som han hadde setet og mufsat paa, langt burt paa Marki, steig upp og drog i Vegen att.

 

Dei gjekk lenge som ingen av dei sa’ eit Ord. Endeleg gjorde Professoren seg fin og sa’:”Du skal undrast kva Østerdalen hev Namnet sitt av”.

 

Eg undrast inkje noko paa det, eg. Du kann spyrja meg, so skal du faa vita det”, glefsad Svein.

 

Ja seg meg det du”, sa’ han fint.

 

Avdi den fyrste lagde det Namnet paa’n”, svarad Svein.

 

So kom dei aat ei liti Steinhytte. Svein smaug inn, sette fraa seg Tyet sitt og sa’: ”Her vil eg losjera i Nott. – Er det inkje godt nok aat deg, so fær du halda deg Hus sjølv”.

 

Det ser inkje ut for anna enn det er godt nok. Kven kunne tru, det skulde vera slikt Losji her”, svarad Professoren.

 

Eg trudde det, eg”, meinte Svein og fann fram Kaffekjetelen sin og Jarnpanna. ”Vegen etter Vatten Gut og kok Kaffe. Det straks. Statt inkje der og glaam, som um du nyst skulde ha fenget Augo. Inkje anna enn eg veit, so skal eg ha Mat og Kaffe, det eg treng. No er eg baade tyrst og svolten”, sa’ Svein aat Professoren, som stod kvikrokutt inne i Hytta og glaamde kring um seg.

 

Svein fekk Mat og Kaffe, so mykje han vilde han, og eit Par digre Drammar. Han vart reint smørblid att og tok til aa fortelja eine Regla verre enn den andre. Dei sat langt utyver Kvelden. Endeleg skulde dei leggja seg. Væl dei hadde lagt seg, tok Svein til att med ei Regle, og daa det vart stilt, var Klokka yver 1.

 

Tidlegt um Morgonen var Svein uppe og vermde Kaffe. Han rende i halv Koppen, rakte Professoren og sa’: ”Vær’s god, ein Kaffeskvett paa Sengi um Morgonen, Gut. me brukar same Skikken her og i Kristiania”.

 

(Meir.)



Frå Fedraheimen 27.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum