Tidender.

 

Kristiania, den 26de Mars.

 

 

Stortinget  hev haldet paa med Pensjonar. Admiral Smith eig 65,000 Kr. Regjeringi hadde ført upp 3500 Kr. i Pensjon, Komiteen hadde sett upp 1000 Kr. Statsministar Sverdrup kom med eit Millomforslag um 1500 Kr., han totte det var Grunn til ikkje aa vera for hard imot ein slik Mann, som hadde gjenget av, fordi han sjølv skynad, at han ikkje høvde til den nye Tidi. Sverdrup fekk 38 med seg. Dei sette det til 1000 Kr. Imot dette ogso røystad Furelund, Frilseth, Sveinsson, Rinde, Sørum, Olsen, Jaabæk og Reierson.


Til Døttrarne etter Kaptein Bay, vilde Komiteen, at ingen Ting skulde gjevast, Sverdrupvilde, at dei skulde faa 200 Kr. kvar. For Kaptein Bay hadde voret ein av dei dugelegste i Krigen i 1814, det var han, som mest hadde hjelpt oss til aa vinna Slaget ved Matrand, og Eigendomen sin hadde han mist. Endskapen vart, at Sverdrup fekk alle med seg, berre 7 Mann røystad imot.

 

I ei Sak til hev og Sverdrup fenget snutt Stemningi: til Kystuppmæling hadde Komiteen innstelt paa 65,500 Krunur. Sverdrup kravde 70,500 Krunur. Det fekk han, 35 Mann imot (Vinstre).

 

 

Kva Høgrestyret kostar. Vinstre her i Kristiania hev lenge drevet paa med, at ein maatte sjaa til aa faa sprengja den Høgreringen, som sit for Styret her, for han var so kostberr og hadde ikkje Kontrol med nokon Ting. Nei det var ikkje Øyreljod aa faa for det daa. Dei gamle vart uppattvald. Men no kjem det seg an paa, um ikkje ogso Kristianiaborgaranne eingong maa faa Augo upp. For no skal dei ut med 52,000 Kr. til aa byggja upp att Uranienborg-kyrkja, som heldt paa aa ramla ned, nett som ho skulde vigjast inn. Kyrkja hev fyrr kostat 160,000 og med Planering og Grunn og alt i hop tilsaman 500,000 Kr.

 

Det vert lengje aa bida paa for Heuch, men so fær han Kyrkje, som Skatteborgaranne vil minnast ogso.

 

Det er elles ikkje fyrste Gongen, at det kjem slike Attpaautgifter her i Kristiania. Til Ankerbrui maatte det soleis gjeva 48,000 Kr., daa ho rimnad, og endaa er det ikkje Endskap paa alt.

 

Det er so med Høgrestyringi maavita, at ingen hev Andsvaret, og daa ber det slik iveg.

 

 

Altertavla til Domkyrkja i Kristiansand hev voret utstelt i Kristiania, fyrr ho vert send avstad. Det er Eilif Peterson, som hev gjort ho. Det er eit stort Kustnverk, som Meistaren hev arbeidt meir enn eit halvt Aar paa.

 

Me ser Kristus i Emmaus isaman med dei tvo, som han hadde fylgt med, og som han hadde vortet med inn til. Dei viste ikkje kven han var, men daa dei sat til Bords, tok han Braudet, vælsignad og braut det aat dei. Daa vart Augo deira opnad, og dei kjende han. Men snart vart han usynleg for dei att.

 

Dei tvo sit ved Bordet, Kristus stend ved den eine Enden høg og heilag, ein Ljosstraum skin yver han; medan dei hine sit meir i Skugge.

 

Straks ein ser Kristi Andlit, forstend ein den store Skilnaden, som er millom han og dei hine, ein forstend, at det er som ei Openberring av noko himmelsk, som kann vera burte i næste Blinken. Og likevæl er det menneskjelege ved han utgjort overlag mykje. Dette Kristusbilætet er skapat utor vaar Tid, som ikkje er so framand med religiøse Kjenslur, som ein skulde meina, fordi um ho ikkje når Sigersmerkjet allstødt um Kristi Aasyn. Men dette likbleike Laget og det tunge Draget um Munnen, det kjenner vaar Tid altfor godt, og det hev Kunstnaren gjevet ein forklaarad Glans, men Sigraren ser ein ikkje heiltut, som ein vilde ynskja det.

 

 

Guten, som fann Elgen paa Isen. Ein liten Gut paa Sjausel i Laardal skulde her um Dagen draga ein Stokk ut etter Bandak eit Stykkje. Rett som det var, fann han ein stor Elg, som laag daud paa Isen. Og han saag, koss det var gjenget til au. Uppe i Fjellet vilde Elgen ha gjenget yver eit bratt Berg, han daa komet paa Skride utfyre Berget, nedigjenom Ur og Li, heilt paa Isen. Der laag han daud, daa Guten kom, men varm endaa. Guten selde Kjøtet uppe i Laardal for 2 Kr Marki og tente seg umlag 100 Krunur. Slik Maate trur eg aldri Elgen voret fenget paa fyrr her uppe. P. Kj. i Vp.

 

 



Frå Fedraheimen 27.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum