Voggesong.

 

Sovne, sovne Barnet mitt

Mor ho sit ved Lægjet ditt

Sovna no og kvil i Fred,

Mor deg legg i Vogga ned,

sveiper um sitt vesle Kjinn,

voggar det i Draumar inn,

aktar paa det Nott og Dag,

lyer til kvart Andedrag

 

Sovne, sovne, Barnet mitt

Englar sviv um Lægjet ditt.

Sovna no og kvil i Fred;

snart dei kjem i Vogga ned,

smila til deg varmt og mildt,

kviskra til deg blidt og stilt,

kyssa paa dei Lippur smaa,

bera deg mot Himlen blaa.

 

Sovne, sovne, Barnet mitt!

Mor ho bed ved Lægjet ditt

Barnetidi er ’kje long,

Verdi ho er vond og vrong;

inkje allstøtt hev’ du meg

til aa varn’ og verja deg,

difor bed eg Fader vaar

spara deg for Suti saar.

Sovne, sovne, Barnet mitt!

 

 



Frå Fedraheimen 27.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum