Ymis Skrivemaate.

 

Hr. Bladstyrar!

 

Med sama vil eg djervast aa segja, at alle, som kjenna Bygdemaali, maa finna aat sovorne Ordlag, som t. D. ”stend tilbake for dei hine” (Fedrah Bladsida 68, Spalte 1); ”han tottestglaapa fælt” (same Bl.s. Sp. 2); ”latadet hittfaa døy” (Bl.s. 75, Sp. 1); ”dei hineRetterne”; ”det tykkjest daa endaa” (Bl.s 75, Sp. 3). ”Hin, hitt, hine” skal aldri (korkje i Maali elder i Islandsken) hava bestemt Artikel framfyre seg. Altso: ”standa tilbake for hine”: ”lata hitt faa døy”; ”dei hadde hine Retterne med”. Dessforutan lyt ein aathuga, at ”hin”i Eintal aldri brukast utan um den andre av tvo; soleides: eg møtte tvo Karar; den eine (Isl. annarr) var gamall, hin (Isl. hinn) var ung. Eg tok tvo Bord; det eine var breidt, hitt var smalt; eg har ilt paa vinstre Augat, hitt er friskt; hin Foten er frisk; legg deg paa hi Ledi (paa den andre Sida) o. s. fr.

 

Eg held det for liklegt, at De, Hr. Bladstyrar, veit dette likaso vel som eg, - men De har fulla brøytt paa det for aa gjera Austlendingar og Bymenn til Viljes (= de andre, det andre); det er ”Akkordens Aand”, liklegt. Men mange kvar av oss her vestra maa tykkja, at det læt hardla styggt, det er evelaust. Daa vøre det betre reint aa sleppa Ordet, og alle Tider skriva ”annan” i Staden for ”hin”.

 

Tykkjast” tyder: ”at synes noget om sig selv; t. D. ”eg (han, dei) tykkjest sjaa nokot; eg tykkjest endaa høyra den Laaten for Øyro; han tottest vita det visst”. Derfor skulde det ha stadet: ”han saag ut for aa glaapa” (Isl. hann leit ùt fyrir að glàpa), elder (mindre rett) ”han syntes glaapa”. ”Det ser daa endaa meir undarlegt ut for Stortinget sin Del” (Vedkommende).

 

Og no vil eg slutta med at beda dykk ikkje tykkja aafaatt paa meg for denne ”Merknaden” min. Eg hev gjort han i ei god Meining, og tykkjer De vænt um han, so tak han inn i Bladet til Rettleiding for ”alle hine”, som skriv paa Maalet. Eg eig heima i ei Bygd, der dei tala gott og reint Maal, so eg argast paa slik Skrivemaate.

 

Det hev gledt meg aa sjaa, at De fer til aa bruka Ordet ”anna” istadenfor ”men” etter ei Neitting (t. D. Bladsida 74, Sp. 1). ”Anna” brukast soleides i heile Bergens Stift, ikkje rettare, en eg veit (sjaa Vossaboki mi, Bl.s 47).

 

Med meste Vyrding

 

Chr. Vidsteen.

 

 

Fedraheim!

 

du er vel strid til snu paa Ordi mine. Du snur paa Ord for meg, som dei mest namngjetne Menn i Maalmansflokken brukar. Kvi snur du paa dei naar eg skriv, og ikkje naar dei skriv daa; er det for det, at eg er so liten, at eg er mest som ein Null imot dei. Kvi kann du gjera slik Mannamun? Er ikkje Ordi likso gode naar eg skriv dei, som naar dei skriv dei? Dersom eg skreiv so urimelege Ord som: han, staar, gaar, Sjæl, Navn, Dage, Bestyrelse, jo, død, skrevet osb., so skulle eg ikkje nemna det; daa var det vænt gjort av deg aa snu dei Ordi um til: hev, stend, gjeng, Saal osb. Eg hev sett litt av slik Skrivemaate i Fedraheimen, som eg kallad urimeleg.

 

Men no er det noko anna au. Fedraheimen er klein i Skrivemaaten sjølv au i mange Ting. No hev Fedraheimen lenge strævat etter aa faa tynt Tviljoden ei i Ordet Deil; det hev vel kje lukkast so lite helder kannhenda; for han hev vel ikkje fenget narrat faae med seg endaa.

 

Men no er det ikkje nokk med det; no skal ein annan Tviljod tynast; no skal Tviljoden au i Ordet daud tynast, naar Ordet brukast um Menneskjur. Naar det brukast um Dyr, daa er den norske Formi god nok; men um Menneskjur, daa maa noko finare til, daa lyt Dansken til. Er kje slikt harmelegt for ein, som ser det, at du sett Norsken so reint i Vanvyrdnad? Du veit det vel naar du tenkjer etter, at det at mange brukar død i Røda si, naar det gjeld Menneskjur, det kjem av di, at dei tykte det var for simpelt, for raatt aa bruka Ordet daud, naar dei rødde um Menneskjur. – Er daa ikkje det uhøvelegt og kleint aa finna paa aa skriva eit Ord, som er komet upp soleis? og som ikkje gjeng aalment i Talen helder; for mange brukar Ordet ”daud” liksovel um Menneskjur som Dyr. Og paa den Maaten, som Fedrah.hev byrjat, lyt ein hava tvo Spraak au, eit til Dyr og eit til Menneskjur. Ja, det er vænt. Er det nokor Greide paa slikt noko?

 

Og so fær du kje verta vill for den Skryfti, du hev fenget for Skrivemaaten din.

 

Med Vyrdnad

 

O. K., Newyork.

 

 

 

Dei kann hava Rett paa si Vis baae desse tvo. Men likevæl tykkjest me hava større Rett. Det skilst, kva Grunnar ein vil byggja den rette Skrivemaaten paa.

 

Me for vaar Del held oss til det, at me ikkje hev Lov til aa skriva annleis enn me kann tala. Med andre Ord: vaar einaste Lov er den livande Maalkjensla i vaart eiget Talemaal og i dei Bygdemaal, som me best kjenner, nemleg Telemaalet, som tykkjest oss hava Munen yver dei hine Maali, sjølv um det ender og daa kann vikja av fraa dei hine.

 

Me hev den faste Forvisning, at det er so mykje tenlegare for Utviklingi av eit godt Bokmaal aa halda seg til eit Bygdemaal enn aa ganga etter visse Reglar korleis all Ting skal vera. Me kann ikkje faa oss til aa segja Ordet daud um Menneskje, difor kann me ikkje skriva det helder.

 

Vidsteen segjer det i den nye Boki si um Hardangermaalet, at me Maalmenn skulde leggja oss meir etter Ny-islandsk; han vilde jamvæl hava ein Islending til Lærar i Morsmaalet sitt ved Universitetet. Dette meiner han ”vilde kunne øve en Indflydelse paa vor Sprogrensning, som vanskelig kan overvurderes”. Me trur ikkje det vilde koma naame nær so mykje utav dette, som um Maalmennerne vilde samla seg um eit einskilt norsk Bygdemaal og leggja til Grunn for Utviklingi – det maa daa helst vera Telemaalet. For ved Islandsken er det noko framandt og stivt for oss. Maalutviklingi paa Island og i Norig hev ikkje gjenget likeins, me held det for at det norske er baade meir moderne og meir lettvint for oss aa halda seg til i alle Maatar.

 

 

Bladstyret.

 

 



Frå Fedraheimen 27.03.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum