[Tidender.] Maalarbeidet ved Stord Seminar.

 

Sverre sitt Stykkje i Fedrah No. 14 86 og Lars Eskeland sitt i No. 26 ligg framfyre meg. Det er Melding um og fraa Maalarbeidet ved Stord Seminar. – Sverre fortel turt um, kva Seminaristarne hev gjort i hans Dagar. Slik var det i 80-82 og. So kjem Lars Eskeland og skal dyka hin for Skrytet hans. Sjølv finn han berre Leta og Likesæla ikring seg. Utefraa høyrer han og berre um Støng og Fraafall. Ungdomen, den sprettande norske Norskdomshugen dreg likevæl av med han mot Slutten, og der kjem Skryt – det eg ikkje fann hjaa Sverre.

 

Norskdomen ved Stord Seminar. – Ymist tilvante kjem Gutarne til den Skulen. For dette med Norskdom og ikkje Norskdom er mykje berre ein Vane, - men Vanar skapar Meiningar. Paa Stord vert ingen Gut tilsett elder uppmodad til aa arbeida med elder for det Maal, han og alle hans heime hev brukt. Fraa fyrste Dag vert haldet paa med aa banka inn i han den fintklædde Lygn: Bokmaalet er norsk. – Her eitpar Smaa-stubbar av Skulearbeidet: ”Skaparen, han der uppe i Himmelen, naar du stig fram for han som Son, maa du tiltala han Fader, ikkje anna. Han der heima – han, som høgg Ved, køyrer Myk o. a. sl., han er din Far”.

 

Seg-imillom hadde - hev vel og? – Seminaristarne eit Samtalelag. Der gjekk Segn um, at i gamle Dagar hadde dei der orskiftast um Maalsaki; men at det eingong hadde gjenget vel varmt til, so Sinnet byrjad koka upp i Gutarne. Fraa den Dag sette Seminarstyraren Pinn for og sa, at heretter skulde Maalsaki aldri meir koma fram i Samtalelaget. Den Pinnen sto i 80, den sto der i 82, og den staar der væl enno. – Noko av det fyrste, me fekk vita, me kom i Maalvenarlaget, var detta, at i ”Seminaristernes Samtalelag”, var det forbodet aa snakka um Maalsaki. Mange vilde ikkje tru, og der vart gjort Freistnadar, - men nei! I Maalvenarlaget – naturlegvis – fekk me snakka um Maalsaki, men der var no berre Maalvener.

 

- Det er væl og umlag sjølvsagt, at ellest millom Skulegutarne – Maalvener som Fiendar vart so mangt eit ærlegt Sinn uppkokt paa Maalsaki. For utanfor dei fire Vegger var Munnen fri.

 

 

Mangein Gut kunne koma til Seminariet full av eldande Gohug til Maalstræv, Norskdom og alt slikt, som godt er. Han kunne koma dertil med so bergstøe Meiningar um, kor godt han der skulde læra seg upp til Folkelærar. Dansken skulde ryma Land og Rikje med eit Slag, naar han kom derfraa ut i Folket som vellærd Norskdomsmann.

 

 

Og so gjeng desse Gutar der ved Skulen og slabbar eit Aar, og dei gjeng der tvo. Dei kjenner, ser og høyrer det, som her er fortalt, og dei ser og høyrer det, som meir er, og det, som verre er, fraa den Kanten og hin. Det er alt nytt, og det er mangt rangt, ettersom dei hev meint fyrr.

 

 

Hjaa slike Gutar slaknar Norskdomshugen etterkvart. So det er ikkje forunderlegt, Lars Eskeland finn Leta og Likesæla lagd yver Flokken.

 

 

Den, som slik skal sjaa sitt Kjæraste vanvyrdt og mistenkeleggjort paa alle Leider, vert sjølv der utstø og minder hippig i Arbeidet for detta Kjære. Detta og Utvatningi av Gudsforholdet deira stel Merg og Mot. – Men endaa er det Trui paa Maalsaken, som heng lengst. Eg veit, for mange er det den, som gjer ljosaste Livsvoni. Og dei er sterke i denne Tru, glade i ho, og dei arbeider for denne Tru, um det ikkje altid stend so mykje Braak av det, arbeider trutt og.

 

 

Di Helsing tek eg og til meg, Lars Eskeland, og sender hermed ei attende til kjende Lag.

 

Torgeir Utne.



Frå Fedraheimen 14.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum