[Tidender.] Paa Sirkus.

 

Noko so morosamt som paa Sirkus hev eg aldri set, trur eg. Dei som gjer Kunster kann det og slik, at eg fyrste Gongi var i stor Undring anten det var verkeleg Menneskje hell ikkje. Eit Kvende kunne soleis rida i fjukande Traav kring i Ringen hangande etter Føterne yver Hesteryggen, og ho tok upp av Marki tvo Turklæde, som var lagde nedpaa. Det saag faarlegt ut. Eg tenkte daa at Hesten idetmindste maatte stana, for at ho kunne koma av, men nei daa, ho reiste seg upp att med Hesten heldt paa i same Farten. Og Hestar hev dei lært upp til aa dansa etter Musikken baade Vals og Kvadrille. Ein Mann eg talad um dette med sagde: Me Stakaranne tykkjer me er so grume og gilde, for at me kann litt Dans, naar me hev gjenget tri-fire Aar paa Danseskule, men me kann berre sjaa paa Hestarne der, so vert me kvitt for den Slags Byrgskapen - - -.

 

Ein Telegraftraad vart hengd so slakt tvert yver Romet 3-4 Mtr. upp i Lufti; der uppaa steig eit fint Kvende; fyrst sat ho og huskad seg, men so reiste ho seg og gjekk fram og attende, ja lagde seg paa Ryggen langs etter Traaden og reiste seg att, alt forutan nokonting til aa halda Jamvegti med. Men verst vart det daa dei kastad fire smaa Talerkar upp til ho, tvo for kvar Haand, og dei leikad ho med slik, at tvo var støtt i Veret, og til alt dette stod ho berre med ein Fot paa Lina.

 

Fire Smaaborn, tvo av dei kunne vel vera 12-13 Aar gamle, og tvo plukksmaae, 5-6 Aar trur eg, var ustøyteleg flinke. Der stod t. D. tvo vaksne Karar eit lite Stykkje fraa kvarandre. Dei tvo største kleiv upp paa Herdarne av den eine, so at det stod tri paa kvarandre – den øvste gjorde eit kast bakyver i Lufti og kom standande paa Herdarne av hin Karen – og dei kunne kaste seg yver paa Hender og Føter so rivande fort, at dei saag plent ut som eit Hjul og paa den Visi fara yver heile Romet. -

  

Og so er det nokre som vert kalla ”Klovnar”. Dei skal vera berre til Moro, og daa vist ein av dei er so løgleg, at det er Faare for du kann lægja deg sjuk.

 


Frå Fedraheimen 14.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum