[Tidender.] Prestarne

 

fekk hard Skuring i Stortinget.

 

Det hadde voret klokare, at dei aldri hadde komet fram med Søknaden sin um, at baae Statsmagter skulde tegja, fyrr dei hadde sagt sin Vilje. Det hadde voret klokare, at dei ikkje hadde mint Folk um sitt Ovmod og sine sjølvkjære Tankar, um at Prestarne endaa er dei same og ingen Ting hev lært av heile vaar Utvikling. Dei hev synt, at for dei galdt det meir deira eigi Magt og Sjølvhevding enn aa fremja Kyrkja. Dei hev gjevet Folket Vissmuner paa; at det ikkje er Prestarne, som er Kyrkja; dei hev gjevet oss den Trøyst og Tillit, at naar det gjeld kyrkjelege Spursmaal, so er det mykje meir Trygd i aa lata dei verdslege Magter, Storting og Regjering stella med dei, enn aa gjeva det i Henderne paa dei, som kallar seg med det klingande Namn ”Kirkens Hyrder”.

 

Dei hev gjort seg til Narr for Landet og utsett seg for Aatak i Norigs Storting, som vil minka deira Vyrdnad endaa meir enn fyrr.

 

Det var for mykje aa venta, at dei skulde verta sparad, naar dei sjølve sette seg soleis i Berrhogget. Det er dei sjølve, som er Skuld i at det vart eit Ordskifte um det Emne: Prestarne vaare. Dei hev sjølve bodet Tinget inn paa det, dei fær sjølve bera Fylgjurne.

 

Me trur ikkje, at mange vil kalla dei for Martyrar elder Sanningsvitne.

  

Ullmann  tok iveg. Han sagde, at Prestarne kom og kravde, at Stortinget skulde gjeva fraa seg den Magti, som Grunnloven hadde gjevet det. Dei vilde faa i stand eit Kyrkjemøte til aa meinhalda Stortinget fraa aa røda um Statskyrkja. Dette var leidt, ikkje for Kyrkjeboti sjølv, ho vilde nok ganga, men for Kristendomen. Det vilde stydja Folk upp i den Meining, at Kristendom og Frisinn ikkje høver i hop. Prestarne arbeidde i Henderne paa dei, som sagde, at Kristendomen var for gamall til aa magta Tankarne i Tidi. Med det skadde dei meir enn Vantrui. Det var det gamle Uppropet, som var framme att. Hadde Prestarne gjort som det sømde seg, so hadde dei daa helder sagt som so: at desse Umbøter held me for, at dei tyner Kyrkja; soframt dei vert gjenomførde, vert me ikkje standande i Kyrkja lenger. Men dei krev berre sterkare Band enn fyrr. Slikt Krav som dette skulde ein aldri hava høyrt Maken til. Fordi eit lite Mindretal av Høgreprestar ikkje kunne lika desse 30 Aar gamle Umbøter, kravde dei, at Stortinget skulde sleppa Magti fraa seg og gjeva til dei. Det hadde voret likare, at Prestarne hadde sett seg lite inn i Forslagi enn aa koma med slikt.

 

N. Hertzberg laut upp og verja um Prestarne. Dei maatte daa faa Lov aa venda seg til Stortinget dei liksom andre Menneskje. Det var berre Umsuti for Kyrkja, som hadde størt dei til dette og ikkje Umhugen for dei feite Kalli. Det var staut gjort av Prestarne, det viste, at dei gjerne vaagad si Stelling. Prestarne var ikkje imot kyrkjelege Umbøter, nei daa, dei hadde her ofte gjenget i fremste Rekkja. Og dei var ikkje Fridomsfiendar helder, det var deira Ære, at dei hadde hevdat Tru- og Samvitsfridom her i Landet. Men det Frisinn, som berre var eit Namn for Vantrui, det sette dei ikkje Pris paa. Det kunne nok vera mykje vesalt i Statskyrkja, men han meinte, at – Gud i sin Naade vedkjende seg ho likevæl.

 

Ullmann  svarad og meinte, at Prestarne hadde ingen Serrett til aa kalla seg for Kyrkja, dei hadde ikkje meir Rett til aa krevja eit Sermøte her enn Lækjaranne t. D. i Spursmaalet um Distriktlækjarembætti. Anten fekk ein taka Statskyrkja som ho er, elder so laut ein beintfram arbeida for Skilsmaal millom Stat og Kyrkje.

 

L. Bentsen  sagde, at den, som kravde so overs mykje som her, den fekk finna seg i aa faa nei. Naar Hertzberg hadde talat so mykje um Frisinnet til Prestarne, so vilde han minna um korleis dei bar seg aat med Hauge og med Konventikelplakaten.

 

Statsraad Sverdrup talad um kor gamle dei kyrkjelege Spursmaali var, og at dei vilde ikkje siga burt, fyrr dei fekk si Løysing. Dei høgkyrkjelege vilde hava Ordningi av Landskyrkja fyrst og heldt Menigheiterne berre for nokre Troppestig, dei andre vilde byrja Arbeidet nedanfraa, med Menigheiterne. Og desse tvo var som Eld og Vatn. Det var ikkje Von til, at Stortinget iaar vilde umhandla Kyrkjespursmaalet, so der vart nok Tid til aa dryfta dei. Paa Landsmøtet hadde dei mest ikkje nemnt dei verkeleg store Kyrkjespursmaal, som fyrelaag, men so var det komet anna Ljo i Bjølla. Prestarne fordømde paa Forhaand Kyrkjebøterne, som Styret kom med, og so sidan kom dei og bad Styret um aa hjelpa til eit Kyrkjemøte, der dei kunne straa Sand paa Forhaandsdomarne sine. Dette liknad berre ei Demonstrasjon imot Styret. Naar Hertzberg sagde, at dei Prestar, som var med paa dette, sette si Stelling paa Spil so var dette berre ein Frase. I det heile var Prestarne dei seigaste og hardaste Motstandarar imot ei frisinnad Utvikling baade i Stat og Kyrkje.

 

Wexelsen klagad ogso paa Prestarne. Han og hans Vener vilde ikkje sprengja Statskyrkja, men berre løysa litevetta paa Bandet. 

 

Innstellingi um at Prestarne skulde ikkje faa sitt fram vart samrøsytes vedteki.

 


Frå Fedraheimen 14.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum