”Vestlandsposten”, Maalsaki og – meg.

 

I Fedraheimen  Nr. 23 stend eit litet Stykkje, som Hr. J. E. Maakestad heve skrivet. Eg skynar ikkje rett det, han segjer der. Kvat Ugagn skulde det gjera, at Skard segjer, Vestlandsposten  tek seg av Maalsaki?

 

Sanningi er daa, ikkje betre enn eg veit, verkeleg den, at  Vestlandsposten  heve gjort meir fyre Maalsaki enn nokot annat Blad her i Landet, naar eg undantek Maalbladi sjølve. Blad, som heve Maalmenn til Styrarar, heve ikkje gjort paa lang Veg so fjerre som Vstlp., endaa Styraren ikkje kann segjast vera Maalmann. Me kann jamt sjaa Stykkje paa Maalet i Bladet, um det ikkje nett alltid raakar til aa vera Maal av besta Slaget. Og so heve der ikkje voret so faae Uppset, som talad fyre Maalet. Berre ein einaste Gong saag eg eit Stykkje innteket imot. Det var og rett-gjort, at Motparten fekk segja si Meining.

 

At Styraren av Vestlp.  skal ha’ fenget Skrubb fyre Maalstykki, er fælt rimelegt; men det kann ikkje leggjast Mannen til Last. Um han heve voret tenkt aa neita taka inn Maalstykkje, veit eg ikkje; men eg trur ikkje, han heve gjort det. I minsto heve han ikkje neitat meg det, um eg heve havt eit elder annat litet Stykkjet, som eg vilde ha’ inn. Jamt heve det no ikkje nett voret, men det heve daa hendt.

 

Det, som Maakestad fortel um meg, er ikkje ratt klaart. Eg heve skrivet ei Forteljing aat ”Tillægget”, og ho var paa dansk, ja. Det heve aldri voret paa Tale, at ho skulde vera paa Norsk. Eg heve ikkje bodet til med det.

 

Men um so hadde voret, og eg hadde fenget det Svaret, at ho laut vera paa Dansk, skulde ho koma inn, so hadde eg ikkje tott det Grand aafaatt. ”Tillægget” er no mest aat Byfolket her, og dei fleste av dei veit eg so væl bryr seg ikkje stort um Maalet. Og eit Blad, som vil liva, kann no ikkje nett vera lika sælt um Lesararne sine helder.

 

Vilde Vestlp. gjera Maalsaki til Hovudmaal fyre Arbeidet sitt og berre skriva Norsk, so kunde han vera roleg fyre, at han misste Halvdeilen av Tingararne sine. Og kven kann krevja, at han skulde ha’ Hug til det?

 

Naar eit Blad, som ikkje heve sett seg til Hovudmaal aa arbeida fyre norsk Maal, gjerer so fjerre som Vestlp. fyre Saki korso, so lyt me vera takksame. I minsto maa me ikkje giva dei Vantakk fyre Hjelpi, tykkjer eg.

 

Skulde eitkvart Bladet etter  Fedraheimen ha’ teket inn Stykkjet hans Maakestad so tek det gjerna mitt og.

 

Stavanger, 4. April 1886.

 

Jens Tvedt.

 


Frå Fedraheimen 14.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum