Bjørnesoge.

 

(Ein Stubb av ein Stil i Skulen. Or ”Gaukjen”).

 

Ein Manne het Pær Røydan; han va fraa Aaseral; han va eigong ute i Skogje aa leita ette Bjønne, han aa tvei ti. Dei trefte Bjønnen aa skute paa an; men dei gjaar kje ko meidde han. Bjønnen varte fælt vonde aa so treiv an Pær. Dei tokest Ryggjetak aa Pær kasta ho, so de fauk. Mæ dei helest, klora Bjønnen an Pær i Leggji aa Lær, so han va kje ko Flettu. Dei, som fygde ho, tore inkje skjote; for Bjønnen glaapte paa dei, so Pær varte imidjom Bjønne aa dei. Dette hende paa eit haagt Fjødd, aa mæ dei helest, ha dei kome yste utaa Fjødde, aa Bjønnen ville kaste sikko utivi. Pær ropa, at dei lote skjote, kos de gjekk; dei skute aa trefte Bjønnen; han sleppte Pær aa kasta se utive Fjødde.

 

Pær sa sia, at ha der kje vore Hestenature i ho, ha han kje kunna halle ut slik ei Ote.

 

Eigong kaam der ein Aasdøle einsta, som va so kallege ein Bjønne: fyste Skjyttarann kome, kaam han mot dei aa Bakføto, aa dei tore inkje skjote, men toke Sprangje. Detta ha dei gjaart nokle Gongu; men dei ha alli tort skote. Daa han trefte Pær, begyndte dei ti tale um, kos dei ha staaka mæ Bjønne. Daa Pær høyre de, totte han de va kleit ti dei, at dei inkje tore skjote, fyrste han kaam so greidt imot dei. Dei spure, um han ha tort skote han, han sa: ”Javist tore eg skjote han”. Dei stelte han av aa sa ho, kor de va, Bjønnen heldt ti. Dei løynte se atti aa ville sjaa, kos de gjekk. Daa Pær kaam der Bjønnen ha ræda dei, kaam han aa Bakføto imot ho; han møtte mæ Byrsunn. Daa høyre dei, at han sa: ”Just so vill eg ha de!” Han skaut, aa Bjønnen trilla som ein Sekke.

 


Frå Fedraheimen 14.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum