Ein Vetrekveld.

 

Lampa var tend.

 

Surr rurr rurr, sagde Rokken av Birgit, og ho trødde paa so eldande fort. Rokken aat Sigrid gjorde ikkje so mykje Staak, han gjekk lognare og ikkje vart han so hardt driven hell som Birgit sin, rett som det var kunne han heiltupp stansa og ho vart sitjande med Haandi under Hoka og glo fram paa Golvet.

 

Innmed Bordet, tett under Lampa, sat Signe og Sigurd og las paa Leksurne sine. Signe dreiv paa med eit Svar i Forklaaringi, som ho forsikra ho aldri kom til aa læra, men Sigurd var næmare han, han hadde berre att aa læra eit Salmevers, og so var han ferdig.

 

Burt i Benkjekraai sat Far og slettad paa ei Treskeid, Mor gjekk og stelte med Kveldsmaten. Jens Tenestguten sat og lappad Hudskorne sine; han sat so fælt tenksam og lagde Lapparne paa alle Vis for aa faa dei til aa høva. Bjørn, den eldste Sonen i Huset, filad paa eit Knivsblad slik at Sveitten tillad og draup fraa Panna, han hadde sett Hetta lengst attpaa Nakken og dei ljose Krullarne stod fram som ein Brem kring um Panna. Nils, vesle Bror hans, hadde nyleg fenget laant ei Eventyrbok med Skjeldri i, og no las han, so at han ikkje høyrde eit Grand ikring seg. Men midt paa Golvet sat Aslak i Veslestol og drog av seg Hudsko og Hosur, han laut til Sengs han no. Det var ein tjukk liten Stabbe paa 5-6 Aar, hadde kvitt Haar, blaa blide Augo og raude Kinn. Daa Hosurne endeleg var av og væl bundne isaman, hengde Mor dei upp, og Aslak reiv av seg Frakk og Skjerf og Hette og stabbad so burt til Sengi. ”Nei, du lyt gjera eit Hallingkast fyrr du legg deg”, sa Jens. ”Nei eg kann ’kje i kveld”, sagde Aslak. Men daa tok Bjørn og Birgit og til aa beda. ”Maa eg daa Mor”, sagde Aslak. ”Aa, du lyt vel det daa”, sagde ho. So gjekk Aslak midt paa Golvet, rudde ifraa alt som var ivegjen og spytte i Nevarne. Han gjorde so eit Sleng paa seg, og Foten kom sikkert 10 Tommar upp ifraa. Men den fille Hudskoen var ikkje nøgd med det han, han flaut av Foten og som ei Pil upp i Lufti og dalad ned att – midt i Graute-Gryta, som Mor nettupp hadde sett upp i Kok-omnen. Ho sprang til med eit lite Skrik og drog Hudskoen upp att, daa var han kvit av Mjølk og so vaat, at det rann av han. Men slik ein usturteleg laatt skulde ingen hava høyrt. Mor skjende lite med det same, men so maatte ho og lægja, jamvæl Bergit laut stansa Rokken sin for Laatten si Skuld, og Jens slepte Arbeidet sitt i Tilet og heldt seg yver Magen og berre lo - - men daa laag Aslak og gret under Skindfellen.

 


Frå Fedraheimen 14.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum