Fyrste Komiteinnstelling paa Norsk.

 

Inst. O. No. 28.

 

Innstelling fraa Justitskomiteen No. 1 um eit Forslag fraa J. Strømstad, vedtekjet av Repræsentanten Akre, til ”Lov om Andel i offentlige Bøder, som forelægges eller paatales politiretsvis”.

 

(Dok. No. 64).

 

Til Odelstinget.

 

Framlegget gjeng ut paa, at kvar, som melder eit Lovbrot, skal faa halvparten av Boti, som Lovbrjotaren vert ilagd etter Fyrelegg elder etter Politirettsdom. Likeins skulde Meldaren hava det halve av Konfiskationssummen.

 

Dette grunnast paa, at daa Lensmannen er einaste Politimann paa Landet, so kann han i vide Bygdelag inkje hava so grant eit Uppsyn, at han fær dreget fram alle smaae Lovbrot, som vert gjorde. Difor skulde det stellast so, at kvar, som kunne melda eit Brot paa Politi- og Næringsloven, skulde hava endefram Bate av den Skaden, som Brotsmannen kom til aa lida. Forslagsstellaren meiner, at dette er naudsynlegt for aa halda Folk i Age, so Lovarne vert vyrde, og difor trur han, at Lovgjevingi hev komet inn paa ein Avveg, naar Meldarløni er teki burt fraa den aalmenne Mann og i mange Tilfelle ogso fraa Politiet.

 

Komiteen kann inkje vera med paa dette. Det var so fyrr, serleg etter Brennevinsloven, at Meldaren fekk Helvti av Boti, kven han so var. Der er mange Minne fraa den Tid, men inkje noko, som raader til aa taka upp att den Loven. Bygdesoga fortel enno um mykjen Styggedom, som braut seg fram i Livd av Loven. Ho maalar av korleis vonde Menn gjætte paa Folk for aa fanga dei i Lovkrokar; korleis dei tidt lokkad og narrad for aa faa noko aa melda og dermed tena seg Pening.

 

Sodan Lov var det raadlaust aa halda paa. I 1851 kom der Framlegg til Storthinget um aa faa den burttekjen, og so vart det. I det Ordskifte, som dei førde i Odelsthinget, vart den Part av Bøter, som Meldaren fekk, kallad ”Syndepenge”, og etter den Røynd Folk hadde fenge, var Loven i det heile meir til Skade enn til Gagn for Samfundet. Det var og paa Tale aa taka burt Politimenns Rett til aa faa det halve av Bøterne, men Fleirtalet kunne inkje gaa so langt daa. Seinare hev denne Tanken og vunnet fram, so Politimenn no i mange Tilfelle inkje fær noko av Bøterne. Seinast i Loven av 18. juni 1884 um Øl og Vin m. v. Og denne Veg til Lovgjevingi trulegt gaa vidare fram, so alle Bøter kann koma til aa leggjast inn i dei offentlige Kassar.

 

Komiteen kann etter dette inkje paa noko Vis gaa med paa dei Grunntankar, som er uttalad i Framlegget. Ein kann inkje sjaa berre paa den eine Sida av Saki, den at alle, dei minste med dei største Brot paa Ordensloven vert straffad; det gjeld og aa finna den Maaten, som er mest i Samhøve med Folks moralske Kjensle.

 

Det segjer seg sjølv, at Folk maa lyda Lovarne, og det til dei minste Smaating, men dette maa vinnast paa ein heilt ut moralsk Maate.

 

Det er til Ex. Brot paa Loven naar ein Mann sel ein Dram Brennevin, men dersom daa Mannens Granne i Løynd melder sodant, einast av den Grunn aa tena Pening paa hins Kostnad, so er det vandt aa kalla dette ein moralsk Gjerning.

 

Slik Ferd maa inkje Loven lokka Folk til.

 

Men det er inkje rett aa gaa ut ifraa den Grunn, at fordi Lensmannen er den einaste Mann i Heradet, som hev juridisk Pligt paa seg til aa melda Lovbrot, so maa han ogso vera den einaste Mann, som ser etter slikt. Det er Bate for Folket, at Loven vert halden, og difor vil der allstøtt vera Menn, som av Rettskjensle vil hava Umsut for aa paatala Lovbrot og dermed vera til Hjelp og Rettleiding for Politiet.

 

Mange av sovorne Lovar, som her talast um, vert innførde etter Vedtak av Heradsstyret elder Fylkesthinget. Ser daa Bygdestyret, at Uppsynet er for veikt til aa gjeva Loven Vyrdnad, so lyt det syta for aa leiga so mange Menn til dette Arbeid, som der trengst um.

 

Dette trur Komiteen er den rettaste Maaten aa gaa fram paa i dei Tilfelle, som her handlast um, og innsteller paa, at Framlegget inkje vert godkjent.

 

Idet Komiteens øvrige Medlemmer tiltræder foranstaaende af dens Ordfører forfattede Indstilling, foreslaar man for Odelsthinget at

 

beslutte:

 

Forslaget bifaldes ikke.

 

Kristiania i Justitskomiteen No. 1 den 7de

 

April 1886.

 

A. Quam, Formand.

 

L. Liestøl, Ordfører og Sekretær.

 


Frå Fedraheimen 14.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum