Langt fram.

 

Tidi gjeng snøgt fram; og den som vil fylgja med, maa taka godt i. Her heime i Noreg vil me so gjerne tru, at me stend so langt framme, der det gjeld Fridom og Upplysning; men det er langt til Maalet, og skal me tenkja paa aa liva som Nasjon, fær me taka eit godt Tak med i det store Arbeidet, som no skek heile Verdi.

 

Den Tidi som no kjem, hev store Krav, større enn nokonsinn fyrr.

 

Det er Liberalismen, som hev raadt i Norig no i lange Tider, og Liberalismens Arbeid var den politiske Fridomen; for den politiske Fridomen hev me arbeidt og stridt og kjempat i tri Mansaldrar og væl so det; og enno stend mykje att her.

 

Det er mange som trur at me hev nok med den politiske Fridomen, at me er framkomne, naar me hev vunnet den; men det er nok ikkje so lett. Den politiske Fridomen er berre Grunnlaget for ein enno større Fridom, for den økonomiske Fridomen; herer det, den nye Tidi kjem med sine Krav.

 

Naar me tek fat paa det økonomiske, so kjem me med ein Gong utyver Grensa for vaart eiget vesle Land, og kjem uppi det som alle Land no for Tidi arbeider for.

 

Det, som me fyrst og fremst maa sjaa klaart og greidt for oss, det er Fatigdomens fælande Vokster i alle Land, serleg i dei, som hev store Fabrikbyar. Fatigdomen veks og veks, veks for kvar Vike, som gjeng; for kvar Dag vert det fleir og fleir arbeidslause og brødlause Arbeidarar; Aaret rundt er det tusund og atter tusund Menneskje, som svelt, ja som svelt ihel; og Talet aukar jamt.

 

Jamsides med Fatigdomens fælande Vokster gjeng Rikdomens Auking, men det er som tvo Straumar som gjeng kvar til sin Kant.

 

Rikdomen hopar seg saman i større og større Haugar, men i mindre og mindre Krinsar; Fatigdomen breider seg vidare og vidare med øgjeleg Kraft, og det ser ut til, at den vil sluka allting. Produksjonen veks, Rikdomen veks, og – Fatigdomen veks; ein Tyskar har reknat ut, at det skal vera kring 1-1 ½ pCt. av Folkemengdi, som liver i sveljande Rikdom; 4-5 pCt. liver i gode Kaar; høgst 10 pCt. hev so dei greider seg utan Næringssorg; og heile den store Hopen, som vert att, hev ikkje meir enn at dei nettupp kann liva, og Millionar liver i den verste Fattigdom. Naar ein ser paa desse Tal, so er det mest so det grys i ein, og kvar som hev Hjarta i Livet, maa kjenna det som ei Trong aa treda til og hjelpa her.

 

Grunnen til all denne Vesaldomen maa vera den, at Rikdomen ikkje kjem dit, han skulde koma; slik som det no er, er det so urettferdig, som det væl kann vera; og det er lett aa forstaa, at det maa enda galet paa ein elder annan Maate; Folk vil ikkje svelta i Lengdi; og kann dei ikkje ærlegt tena sitt Brød, so tek¹) dei det fraa dei, som hev. Og naar dei fyrst forstend, at dei hev i si Magt aa kunna takadet, so er det ingi Magt i Verdi, som kann stansa dei. Daa vil det gaa som ein Straum yver Jordi, Grunnvollen for det gamle Samfundet vil skakast, og ingen kann vita, kva som vil koma ut av det.

 

Det er ikkje ljost dette Framtidsbilætet; men det kunne nok henda, at det er litt Sanning i det.

 

Kann me ikkje greida det økonomiske Spursmaalet elder Arbeidarspursmaalet, som ein ogso kallar det – ja so er det det same som at det moderne Samfund gjeng til Gruns²).

 

So galet som det er i dei store Kulturlandi hev me det ikkje her uppe i Norig; me veit ikkje so mykje av av all den Svolten og all den Fatigdomen, som finst ute i Verdi; me er for største Delen eit Bondefolk; Fatigdom hev me nok, meir enn nok av; men Motsetningi millom fatig og rik er ikkje so reint overlag stor; og den nakne grinande Fatigdomen, som ikkje hev Brødskorpa i Munnen, kjenner me knapt i Namnet eingong, men Motsetningi finst hjaa oss ogso; og me hev ei stor Mengd med fatige Arbeidarar baade paa Landsbygdi og i Byarne; me fær nok arbeida og ikkje innbilla oss, at me stend utanfor, og at me i god Ro og Mak kann sovna inn paa det’ som er vunnet. Gjer me ikkje det, gjeng det utyver oss sjølve.

 

Difor hev eg sagt, at den nye Tidi hev store Krav, kann henda større enn nokonsinn fyrr; og vil me fylgja med, fær me taka eit godt Tak i.

 

Di fyrr me byrjar, di betre.

 

Rolv.

 

 

¹) Sjaa Garborg: ”Paa Fantestig”.

²) Sjaa Henry George: ”Fremskridt og Fattigdom”.

 


Frå Fedraheimen 14.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum