Prestegreida i Vinje.

 

 

Til O. Hi Fedrah. No. 25.

 

Eg kann helsa deg fraa dine Vener Høgrelistemakaranne. Dei trur ’kje, at det er sant eit Ord av det Du skriv. Det er ”heiltupp umvendt”. Det er: Tak den umvendte Meiningi i Stykkjet ditt, so passad det paa dei; men tak det etter den likeframme Meining, so passar det paa Vinstrelistemakaranne. Du hev voret reint paa Vilske, Du. Det var Vinstre, som fekk so mange til Dels ”forlorne” Namn, og Høgre, som fekk dei faae. Det var tvo Vinstremenner, som labbad inn til Statsraaden med Lista si med dei mange Namn. Det er aldri vert aa skriva um noko i Avisurne, fyrr ein hev full Greide paa det, ein skriv um.

So var der eit Møte uti Refsnæs. Det var berre det eine Partiet, som hadde Møte der. Um det var Vinstre elder Høgre, det lyt eg helst segja, eg veit ikkje so at inkje Høgremennerne skal faa driva meg au til Lygnar. Men der vart vedteket ei Uppmaning til hitt Partiet um aa gjera eit blandat Møte, so at ho kunne bli etterfari denne Lista med dei mange Namn, der sume Namn hekk so klent paa. Uppmaningi vart skrivet og underskrivet som ein onnor Plakat og teki og slegi upp paa Veggen paa Spareforeiningi som ein onnor Plakat. Næste Dag hadde ho fenget ei Paatekning som ”retteleg forkynt”, som ein onnor Plakat. Men Notti imillom hadde dei tvo Kararne reist og teket alle Namni med seg. Det er dei, som hev spurt, um det hadde noko Samanheng dette – Plakat og Reisa; men det torer eg aldri segja eit Ord um. Det kann radt henda, at Reisa var avgjort fraa fyrste Dag; men det gjekk i so Fall merkjeleg dult. Det vart ei stor Undring paa Folk um Morgonen, naar dei gnikad Svemnen or Augo og gaadde aat, at dei tvo Kararne var burte. Kvar hadde dei reist etter? - til Sundbygdi, sa han som var Tenestdreng aat den eine Karen. Hellest visste han det kje sikkert. Hadde dei loget for han au tru, elder stod han og laug av sitt eiget Hovud? Det er det ikkje godt aa vita.


Naar Du ei onnor Gong skriv i Bladi, so skal Du passa Deg for aa vrengja Saki um, det segjer eg Deg, so det kjem til heitast svart, det som er kvitt.

  

Med Vyrdnad

X.

 


Frå Fedraheimen 14.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum