Tidender.

 

 

Kristiania, den 13de April

 

Eit Forslag av Jaabæk.  Jaabæk vilde, at Stortinget skulde uppmoda Regjeringi at ho skulde tenkja paa aa minka Bevilgningar til Kunst og Vitenskap. L. Bentsen og Dieseth o. fl. talad for det, dei fleste fann, at det trengdest ikkje, det same meinte Statsministaren og Statsraad Sverdrup, som meinte, at Regjeringi skulde gjera alt ho kunne for aa spara likevæl. For Jaabæks Forslag røystad berre 35:

 

Dieseth, Frilseth, Furulund, Hæg, Saakvitne, Sveinsson, Rinde, Ullmann, Leer, Egge, Sørum, Blekastad, Jørstad, Løvland, Glestad, Lange, Olsen, Holmesland, Jaabæk, Rejerson, Lindstøl, Liestøl, Fløystad, S. Nielsen, Olafsen, Løvø, Sørensen, Ueland, Berge, Drevland, Moursund, Holst, L. Bentsen, Wexelsen, Sæther.

 

Burte var: H. E. Berner, Krogh, Dugstad, Smitt, Holmgren, Akre, Engelhart, Arnesen, Qvam.

 

 

Kristiansand Seminar: V. G.veit aa fortelja, at dei hev vortet narrad dei 13 Seminaristarne, som det kom Departementsordre um, at dei skulde faa Karakterarne sine for ”Forhold” forandrad. Dei fekk alle 13 daarleg Karakter for ”Forhold”, fordi dei hadde skrivet Klage paa Seminarstyraren. Dette vart paaskrivet Karaktersetelen. Men so kom Orderen, um at dette var urettferdugt, dei skulde senda inn Karaktersetlarne og faa det umgjort. Og so gjorde Marstrander det paa den Maaten, at han berre strauk Merknaden um kvifor det var dei hadde fenget daarleg Karakter, men let Karakteren elles vera den same. Og no kann alle skyna, at det siste var verre enn det fyrste. Og so var det sume, som negtad aa faa Karakterne sin forandrad paa ein slik Maate. Marstrander skreiv til Kyrkjedepartementet og fekk det med seg paa det, at fordi nokre hadde negtat, skulde alle hava den Karakteren dei hadde fenget.

 

 

Verdens Gang” og Landsmaalet. Um dette skriv Bladet: ”Den Paastand er fremsat, at vort Blad nægter Indtagelse af Stykker, fordi de er skrevne paa Landsmaal. Der er naturlegvis intet sandt i denne Paastand. Nægter vi Optagelse af Stykker, skrevne paa Landsmaal, er det ene og alene for Indholdets Skyld, ikke for Maalets.”

 

 


Frå Fedraheimen 14.04.1886
Elektronisk utgåve 2007 ved Norsk Ordbok 2014 og Nynorsk kultursentrum